Magnhild Bruheim

Faktaboks

Magnhild Bruheim
Født
17. september 1951, Skjåk, Innlandet
Av /NTB scanpix.

Artikkelstart

Magnhild Bruheim er forfattar og journalist. Ho har mellom anna skrive fleire romanar i sjangeren bygdekrim og fleire spenningsromanar for ungdom.

Bakgrunn

Bruheim er fødd i Skjåk. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1982, og har tilleggsutdanning som journalist. Frå 1986 til 2000 var ho tilsett som journalist i NRK, først i Oslo, seinare på Lillehammer, der ho arbeidde med nyhende og kultur- og samfunnsprogram. Seinare har ho vore heiltidsforfattar og frilansjournalist.

Bruheim debuterte i 1997 med kriminalromanen Varselet og har seinare skrive fleire bøker i same sjangeren: bygdekrim. I 2005 gav ho ut sin første historiske roman, Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending i Gudbrandsdalen. I 2010 gav ho ut Det som ein gong var, ei oppvekstskildring lagt til 1960-talet. Fleire av bøkene hennar er omsette til tysk. Som faglitterær forfattar har Magnhild Bruheim vore med og skrive bøkene Lykkeland. Minne frå slagerbøkene (2000) og Matminne frå Gudbrandsdalen (2004).

Forfattarskapen

Med bakgrunn i ei diktarbygd

Magnhild Bruheim er niesa til diktaren Jan-Magnus Bruheim og framhevar han som ein inspirator for skrivinga si. Også andre forfattarar frå Lom og Skjåk, som Olav Aukrust, Tor Jonsson og Tore Ørjasæter, har oppteke henne. Særleg viktige var desse i ungdomsåra. I diktinga deira har ho funne att mykje av det oppveksten lærte henne om bygda og bygdesamfunnet, seier ho sjølv.

At bygdene har hatt sine diktarar tidlegare, trur Bruheim har vore med på å få både henne og andre til å følgje i same sporet. Andre faktorar har vore indre trong, inspirasjon frå miljøet og tryggleiken i at ein har ein bodskap. Personleg stimulering frå bygdemiljøet fekk ho derimot lite av, skriv ho.

Det byrja med lyrikk

I 17-årsalderen tok Bruheim til å skrive dikt. Då las ho mykje lyrikk, både som inspirasjon til eiga skriving og som kjelde til livserfaring og livsvisdom. I tillegg til diktarane frå Ottadalen las ho mykje av kvinnelege lyrikarar som Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa.

Frå journalist tilbake til forfattarskapen

Gjennom studietida i 1970-åra følgde Bruheim med interesse den politiske litteraturen til Dag Solstad, Kjartan Fløgstad, Edvard Hoem og andre. Først etter ein del år som journalist vende ho tilbake til tanken om å skrive bøker, og gjekk då frå å skrive dikt til lengre forteljingar.

Inspirasjon frå bygdemiljøet

Det er eit særmerke for kriminalromanane til Bruheim at handlinga ikkje er lagd til bymiljø, men til bygdesamfunn om lag slik det var i hennar oppvekst. I barne- og ungdomsåra fekk ho høyre mange spennande historier av forteljarar i nærmiljøet, både sanne og oppdikta. Særleg historier knytte til døden og naturen gjorde djupt inntrykk på henne.

Fødd og oppvaksen som ho er på bygda, har Bruheim eit samansett forhold til Bygde-Noreg. Ho vil forsvare bygda mot kritikk utanfrå, men protesterer samstundes mot romantisering og enkelte sjølvgode haldningar.

I romanane sine bruker Bruheim historiene ho har høyrt, formar dei om og passar dei inn i ein komplisert vev, der stadig fleire hemmelege ting kjem fram etter som mønstra i veven vert meir tydelege. Først på slutten får lesaren oppklart korleis kvar enkelt delhistorie passar inn i heilskapen.

Målpolitisk engasjert

Magnhild Bruheim er og har vore målpolitisk engasjert. Ho var i 1978–1979 leiar i Norsk Målungdom, og i hovudoppgåva si i nordisk analyserte ho mållova av 1930.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Magnhild Bruheim: ”Diktararv”. Syn og Segn nr. 1/ 2002

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg