Faktaboks

Arthur Omre
Ole Arthur Omre Antonisen, Antoniussen, Juel
Fødd
17. desember 1887, Brunlanes
Død
16. august 1967, Porsgrunn
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Arsenalløytnant Sven Adolf Antonisen (Amundrød frå 1933) (1861–1942) og husmor Ragnhilde Wilhelmsen (1865–1942).

Gift 25.9.1915 i Kristiania med Ruth Evensen (9.4.1891–6.4.1970), dotter til fabrikkbestyrer Ketil Evensen (1853–1934) og Marie («Mimmi») Larsen (1864–1939).

Skifte namn frå Antonisen til Omre 1937.

Arthur Omre

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Arthur Omre
Av /NTB Scanpix ※.

Arthur Omre var ein norsk forfattar som med realistiske og hardkokte kriminalromanar og -noveller var med på å skape ein ny, moderne norsk litteratur. Då Omre suksessdebuterte med Smuglere i 1935, la han ein kriminell løpebane bak seg og etablerte seg som forfattar. Utover 1930- og 1940-åra kom fleire kjende bøker, som Flukten, Sukkenes bro, Det onde øie og novellesamlingane Det hender iblandt, Stort sett pent vær og Skiftende bris.

Bakgrunn

Omre vart fødd i Horten og fekk namnet Ole Arthur Antonisen ved dåpen. Omre-namnet, som var eit slektsnamn, tok han først 1937. I ein periode kalla han seg Arthur Antoniussen, og som kriminalromanforfattar brukte han pseudonymet Arthur Juel. Desse namnebyta kan oppfattast som uttrykk for viktige sider ikkje berre ved Omres personlegdom, men også ved forfattarskapen hans, der motiv som flukt og spel og bruk av dekknamn går igjen.

Omre tok middelskoleeksamen i Horten 1904. Han prøvde seg som sjømann med tanke på å bli skipper, men slo det frå seg. Seinare gjekk han på Horten tekniske skole, der han tok eksamen 1908. I 1909 fekk han jobb som turbinoperatør på Rjukan. Året etter gjekk ferda til Tyskland og deretter til USA. Her vart han i fire år og arbeidde mellom anna som teiknar på eit ingeniørkontor i Cleveland i Ohio og som sluseportmontør i Panama. Han prøvde seg også som journalist. Våren 1914 kom Omre tilbake og skaffa seg arbeid på Thunes mekaniske Værksted i Kristiania. I 1915 giftet han seg med Ruth Evensen frå Porsgrunn, og året etter begynte han med sjølvstendig næringsverksemd. Han dreiv importforretning med maskiner og verktøy og gjekk snart (1919) i gang med å teikne og byggje hus i hovudstaden. Men så kom den økonomiske nedgangen. Omre greidde ikkje å betale renter og avdrag på dei store låna han hadde tatt opp, og gjekk konkurs i 1922.

Konkursen markerte overgangen til ein ny fase i Omres liv. Han slo seg på spritsmugling og vart kriminell. I 1923 vart han første gong dømd for smugling og vald mot politiet. Dommen lydde på to og eit halvt års fengsel, men han slapp straff etter søknad frå faren. Ettergjevinga av straffa hjelpte ikkje, og i fleire år levde Omre av smugling, svindel og tjuveri, når han då ikkje sat i fengsel. Han vart separert i 1933, og same året tok foreldra namnet Amundrød, som reaksjon på at sonen var kriminell. I 1935 vart Omre sett fri etter 15 månaders straff for tjuveri, og han debuterte same året som krimforfattar med Smuglere.

Under andre verdskrigen sat Omre inne nokre månader (1944), men det var fordi han hadde hjelpt flyktningar å røme til Sverige. Han var aktiv som roman- og novelleforfattar så lenge han levde.

Forfattarskap

Året han sona ferdig, debuterte han med romanen SmuglereGyldendal. Den vart ein stor suksess, og dermed var Omre tilbake på riktig side av lova. Smuglere er ein roman med stort tempo. Her er spenning og driv frå første til siste side, og det dreiar seg ikkje berre om kor lenge hovudpersonen skal greie å halde seg utanfor fengselsmurane, men korleis det skal gå med han som menneske. Det siste ligg meir eller mindre mellom linjene.

Romanar som Smuglere (1935) og Flukten (1936) kan kallast «hardkokte» romanar i Ernest Hemingway-stil, jamvel om Omre sa at han aldri hadde lese eit ord av Hemingway, og heller ikkje andre amerikanarar. Men i omtalen i Dagbladet 19. oktober 1935 skreiv Johan Borgen at om det ikkje var fordi han visste betre, «skulde en svoret på at det var James Cain, forfatteren til Postbudet ringer alltid to ganger, som hadde skrevet denne boken». Omre meinte likevel at han hadde lært atskilleg om den nye, kjappe journalistiske skrivemåten som avisskribent i USA.

I Noreg var Omre med på å skape ein ny, moderne litteratur. Framstillinga av kriminelle og halvkriminelle miljø i storbyen, det rastlause tempoet, det usagde og ukommenterte – alt dette var nytt og fascinerande. Omres romanar og noveller er ikkje berre realistiske, dei nærmar seg det dokumentariske. Men grensa mellom det faktiske og det fiktive er høgst uklar.

I kontrast til desse romanane står den mer idylliske og gripande kjærlighetsromanen Intermesso (1939) og den filosofiske, halvt metafysiske fortellinga Det onde øie (1940). Meir i slekt med dei første romanane er Harmoni (1941). I 1942 gav han ut detektivromanen Mysterium i Rolvsøy under pseudonymet Arthur Juel.

Etter krigen skreiv Omre romanar i meir tradisjonell stil, som trilogien Mikkelfanten, Svarte-Paal og Ek & Co. Han skreiv også skodespela Linedansere og Det femte bud (1947).

Noveller

Kanskje er Omre best, og ikkje minst jamnast, som novelleforfattar. Det var då også som novellist han prøvde seg i USA, og det var ei novellesamling som vart den siste boka han gav ut, Den røde silkekjolen og andre noveller. Noko forenkla kan ein seie at ein hovudtype av Omres noveller har ei dramatisk ytre handling og tilsvarande indre nerve. Hovudpersonane er på desperat jakt etter livsinnhald og samanheng i eit kaotisk tilvære, men finn ikkje alltid det dei leitar etter. Ei novelle som «Spilleren» i Det hender iblandt, der handlinga går føre seg i USA, kan illustrere denne novelletypen.

Ein annan hovudtype noveller er underfundige, humoristiske i tonen, skrivne med godt lune, som for eksempel Ål i karri i Stort sett pent vær. Her framstiller Omre menneska med eit overberande smil, og med eit ekstra godt auge til luringane, dei som har evne til å snu seg. I Omres noveller ligg mykje mellom linjene, og dei har nesten alltid gode sluttpoeng.

Omre publiserte fleire av novellene sine i vekeblad som Arbeidermagasinet, og han om- og bearbeidde stadig dei novellene han alt hadde skrive. Det vart dei ikkje alltid betre av, for både som roman- og novelleforfattar var Omre på sitt beste i 1930- og 1940-åra.

Portretter

  • måleri av Jakob Weidemann, 1950m gjengitt i Søbye, 1992 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), side 241
  • I same boka er det fleire fotografi av Omre.

Utgivelser

Eit utval

  • Smuglere, 1935
  • Flukten, 1936
  • Sukkenes bro, 1937
  • Kristinus Bergmann, 1938
  • Intermesso, 1939
  • Det onde øie, 1940
  • Harmoni, 1941
  • Det hender iblandt, noveller, 1941
  • Mysterium i Rolvsøy, 1942
  • Stort sett pent vær, noveller, 1948
  • Skiftende bris, noveller, 1950
  • Gullmyntene og andre historier, noveller, 1954
  • Mikkelfanten, 1955
  • Svarte-Paal, 1956
  • Ek & Co., 1957
  • Frydenlund, 1965
  • Den røde silkekjolen og andre noveller, 1966
  • Sølvkruset, posthumt, 1971

Litteratur

  • J. Borgen: «Smuglere», i Dagbl. 19.10.1935
  • K. Coucheron Jarl: «Arthur Omre», i Mennesker og bøker, 1942
  • M. H. Olsen: «Mannen fra Brunlanes», i Tråder. Artikler og essays, 1989
  • E. Søbye: Ingen vei hjem. Arthur Omre. En biografi, 1992
  • O. Solberg: «Nervøs spenning – underfundig humor. Arthur Omres noveller», i Norskrift 71, 1992
  • O. Solberg: «Språk, psykologi og tema i Smuglere og Flukten», i Norskrift 86, 1995

Faktaboks

Arthur Omre
Historisk befolkingsregister-ID
pe00000001123936

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg