Das Wohltemperierte Klavier

Kanskje fortel Bach oss noko med snirklane øvst på arket?

Johann Sebastian Bach. Maleri av Elias Gottlob Hausman fra 1746. Museum für Geschichte der Stadt Leipzig

Johann Sebastian Bach
Av /※.

Das Wohltemperierte Klavier (BWV 846–893) er ei samling med to bind preludium og fugar, skrivne av Johann Sebastian Bach. Kvart av binda inneheld 24 par preludium og fugar i alle dur- og molltonearter, kor stykka er ordna i kromatisk rekkefølge frå C-dur til h-moll. Manuskriptet til det første bindet blei ferdigstilt i 1722, sjølv om fleire av stykka er blitt omarbeidd av Bach i ettertid. Det andre bindet finst i heilskap kun i avskrifter, kor den eldste er datert til 1740-åra.

Faktaboks

uttale:
vˈå:ltempərˈi:rtə klavˈi:r
etymologi:
tysk ‘det veltempererte klaver’

Den opne instrumentasjonen gjer framføring på ei rekke tasteinstrument mogleg; blant andre historiske instrument som cembalo, klavikord og orgel, i tillegg til det moderne pianoet. På tittelbladet til manuskriptet baud Bach på samlinga «til nytte og bruk hos vetelysten musikalsk ungdom, så vel særskilt tidsfordriv hos dei som allereie er føre i dette studiet». Framsynt som Bach var, er samlinga i ettertida blitt rekna for å vere ein hjørnestein i klaverlitteraturen.

Eit veltemperert klaver?

Tittelen på verket tyder til at Bach hadde tenkt ut ei form for temperatur som gjorde det mogleg å modulere lytefritt mellom stykka i samlinga. Blant musikkvitarar har det vore diskutert kva ei 'veltemperert' stemming innebar for Bach, ettersom dette omgrepet hadde to ulike tydingar på 1700-talet. Likesvevande stemming, kor alle halvtonesteg er stemt like store, gir uavgrensa modulasjon i eit kompromiss kor alle tonearter samtidig vil låte like sure. I ein ulikesvevande eller sirkulær temperatur, kor dei forskjellige tersane og kvintane i oktaven er av ulik storleik, blir stemminga desto surare jo lengre ut i kvintsirkelen ein modulerer.

Fleire av Bach sine samtidige føreslo slike ulikesvavande stemmingar som ei løysning for å få oktaven til å gå opp, og gjennom affektlæra forklarte musikkteoretikarar korleis eigenarta til dei forskjellige toneartene blei påverka av stemminga. Sjølv snirklane som pryder framsida til manuskriptet har blitt drøfta som ei mogleg løysing på gåta.

Eit velde av idéar

Das Wohltemperierte Klavier er nærmast som eit kompendium å rekne, kor Bach samanfattar eit velde av teknikkar og stilarter.

Eksempelvis peikar det første preludiet i C-dur, med dei mange brotne akkordane, mot den franske lutteknikken style brisée. Andre preludium, som for eksempel Ess-dur frå første bind, har ein sats og eit kontrapunkt som liknar dei større orgelverka Bach skreiv. Preludiet i h-moll frå første bind har, med sine lange forhaldningar og gjennomgåande basslinje, ei uforming som helst minner om ein triosonate i Corelli-stil. Den spektakulære fugen til dette preludiet, med eit tema som inkluderer alle tolv tonar i oktaven, er mogleg den første tolvtonerekka som er skriven. Fugane elles, for det meste tre- og firstemmige, inkluderer også ein tostemmig invensjon, så vel som to femstemmige fugar. Like gripande som det kontrapunktiske handlaget til Bach, er talmystikken og dei religiøse motiva som skjuler seg i mange av stykka.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg