Faktaboks

Etymologi

Opphavleg namnet på prestegarden; norrønt Vangr, ‘grasgrodd slette’

Administrasjonssenter
Vang (Grindaheim)
Fylke
Innlandet (frå 1.1.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
1 587 (2022)
Landareal
1 310 km²
Høgaste fjell
Vestre Kalvehøgdi (2208 moh.)
Innbyggjarnamn
vangsgjelding
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3454 (frå 1.1.2020, tidlegare 0545)

Kommunevåpenet har tre sverd omgitt av ein liljebord; våpenet stammar frå 1309 og skal ha vore brukt av herr Sigvat på Leirhol.

Kart: Vang kommune i Innlandet

Vang kommune i Innlandet fylke.

Kart: Vang kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Vang

Vangsmjøse og fjellet Grindane sett frå Hensåsen.

Av /KF-arkiv ※.

Vang er ein kommune i Innlandet fylke som femnar om Begnavassdraget øvst i Valdres med fjelltraktene på begge sider. Vang grensar til Vestland fylke (Filefjell) i vest og Hemsedal i sør, og omfattar søndre delen av Jotunheimen med Bygdin og Tyin i nord.

I 1882 vart eit mindre område overført til Øystre Slidre, og kommunegrensene har vore uendra sidan då.

Natur

Papaver radicatum ssp. relictum

Helerose.

Bygdin

Vang kommune strekker seg inn i søre delen av Jotunheimen. Her ser ein Bygdin med Eidsbugarden og Fondsbu i framgrunnen. Snøholstinden på grensa til Lom og Luster i bakgrunnen.

Av /NTB Scanpix ※.

Det meste av kommunen er fjell. Dei nordlegaste områda i kommunen ligg i Jotunheimen nasjonalpark. Geologisk høyrer det meste av Vang til Jotunheimens skyvedekke, med grunnfjell og fyllitt i enkelte dalfører. Vang er ei typisk fjellbygd, nesten 90 prosent av arealet ligg høgare enn 900 meter over havet. Høgast er fjella nord for Bygdin, med Urdanostinden (2157 meter over havet), Langedalstinden (2206 meter over havet) og Vestre Kalvehøgde (sjå Kalvehøgdene, 2208 meter over havet) på grensa mot Luster/Årdal, Lom og Vågå.

Dei nordlegaste områda i kommunen ligg i Jotunheimen nasjonalpark. Sør i kommunen er området aust for sjøen Helin verna som naturreservat på grunn av den rike fjellfloraen. Her veks mellom anna den sjeldne helerosa (Papaver radicatum subsp. relictum), ein underart av fjellvalmue. Vest for Helin er fjelldalen Smådalen verna for sine spesielle moreneformer (rogenmorene).

Busetnad

Tyin
Utsyn over Tyin mot Uranostinden, grensefjell mot nabokommunane Luster og Årdal.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Busetnaden er spreidd og konsentrert rundt Begna og innsjøen Vangsmjøse. Ved sørenden av Vangsmjøse ligg administrasjonssenteret Vang (Grindaheim). Folketalet minka noko i 1990-åra og først på 2000-tallet, men har synt ein svak auke (2,1 prosent) i tiårsbolken 2014–2023.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Vang.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Vang i Valdres 234 15 % 0,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Vang kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Vang er ein utprega jordbrukskommune. Gjennomsnittleg bruksstorleik er den minste blant fylkets kommunar, og hovudvekta er lagt på grasproduksjon som fôr til storfe og småfe. I Ryfoss på grensa til Vestre Slidre er det noko industri, blant anna sagbruk og betongvarefabrikk og eit mindre butikksenter.

Turismen er viktig for kommunen; ein finn fleire høgfjellshotell og andre turistanlegg ved Bygdin og Tyin og langs hovuddalane, eit mindre alpinanlegg ved Tyinkrysset på austsida av Filefjell, for øvrig mange mindre anlegg elles i kommunen.

Vang har middels stor vasskraftproduksjon. Dei seks vasskraftverka i kommunen produserer til saman 312 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Ylja (i drift fra 1973), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Kalvedalen (1967) og Eidsfoss (1956). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Jotun Kraftproduksjon med om lag seks prosent.

Samferdsel

E16 (hovudvegen Oslo–Bergen, over Lærdal) går på sørsida av Vangsmjøse og over Filefjell. Ved Tyinkrysset tar fylkesveg 53 av til Årdal; frå denne fører fylkesveg 252 frå sørenden av Tyin til Eidsbugarden (sommarveg). På nordsida av Vangsmjøse går fylkesveg 293. Elles er det nesten berre setervegar i Vang.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Vinjerock 2008
Musikkfestivalen Vinjerock blir halden kvart år i siste halvdel av juli på Eidsbugarden i Jotunheimen.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Vang høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Vang kommune svarer til dei fire sokna Heensåsen, Høre, Vang og Øye i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Vang til Valdres fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vang

For statistiske formål er Vang kommune (per 2016) inndelt i eitt delområde med til saman 17 grunnkrinsar: Ryfoss, Søndre Høre, Nordre Høre, Øylo, Heen/Lien, Vennis, Ole/Fleinsendin, Søndre Vang, Nordre Vang, Helin/Smådalen, Nedre Dalen, Øvre Dalen, Steinbusjøen, Kyrkjestølen, Tyin, Bygdin og Eidsbugarden.

Historikk og kultur

Øye stavkyrkje

Det er to stavkyrkjer i Vang (Øye og Høre); ei tredje, Vang stavkyrkje, vart flytt frå Vang til Karpacz i noverande Polen i 1841 og ført opp att der i 1844. Dagens Vang kyrkje er ei lafta korskyrkje frå 1839.

Nystøgo på Filefjell er nemnt alt i 1627. Ho har sikkert hatt overnattingstilbod også tidlegare. Nystøgo var statleg fjellstue frå 1790-åra då kongevegen over fjellet til Lærdal vart bygd.

Nokre kilometer lengre vest ligg St. Thomas-kyrkja frå 1971, bygd på same plassen som stavkyrkja frå mellomalderen som vart rive i 1807. Kyrkja var vigd til erkebiskopen av Canterbury, Thomas Beckett, som vart drepen i 1170 og seinare erklært som helgen.

Kvart år i juli går musikkfestivalen Vinjerock av stabelen på Eidsbugarden. Festivalen har fått namn etter Vinjestova, som diktaren Aasmund Olavsson Vinje sette opp i vestenden av Bygdin i 1868.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har tre skråstilte gull sverd omgitt av ein gull liljebord mot ein blå bakgrunn; våpenet stammar frå 1309 og skal ha vore brukt av herr Sigvat på Leirhol (cirka 1270–1340).

Kart

Kart over Vang kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ey, Tore (1916): Vang og Slire: Ei nokre or um garadn der og følket, som har but på dei, i dei siste tvo hundre år før 1865. Kristiania
  • Frøholm, Anders (1985–1991): Gardar og slekter i Vang, tre band
  • Valdres bygdebok, 1954–, åtte band

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg