Skarring er det å uttala ein r-lyd ved å heva baktunga mot drøpelen (uvular r, IPA-lydskrift [ʁ], [ɣ] eller [ʀ], avhengig av språk og dialekt). I Noreg er skarring vanleg på Sørlandet og Sør-Vestlandet, og i dei siste tiåra har uttala spreidd seg òg nordover på Vestlandet.

Den andre måten å uttala r-lyden på i norsk er såkalla rulle-r (tungespiss-r, IPA-lydskrift [ɾ] eller [r]), der lyden vert uttalt ved at tungespissen vibrerer eller slår mot området (alveolane) bak dei øvre framtennene.

Skarring finst òg i mellom anna i dansk, fransk, jiddisk, i store delar av Tyskland, i somme variantar av nederlandsk i Nederland og Belgia, sør i Sverige og i andre språk. I dag er det òg den vanlegaste uttala av hebraisk r (resh ר) i Israel.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg