Faktaboks

Johann Olav Koss
Fødd
29. oktober 1968, Drammen
Verke
Skøyteløper, cand.med.
Familie

Foreldre: Lege Arne Victor Koss (1940–) og overlege Karen Sofie Sveaas (1941–).

Gift i 1999 med administrerende direktør Belinda Stronach (1966–), Canada, datter av forretningsmann Frank Stronach (1932–) og Elfriede Sallmutter (1943–2024)

Johann Olav Koss er ein norsk tidlegare skøyteløpar, som er ein av dei fremste i nyare tid, med fire gull frå olympiske leikar og tre verdsmeisterskap i allround.

Koss sine største prestasjonar kom under OL på Lillehammer i 1994 med tre gull, alle på verdsrekordtid. Etter at han avslutta idrettskarrieren som 25-åring, utdanna han seg til lege. Han har vore særleg engasjert i å byggje opp den humanitære organisasjonen Right To Play, som arbeider for barn sin rett til å leike og drive idrett i kvardagen. Han er òg ein av fire stiftarar av MOT.

Koss representerte klubbane SK-94 og Strømmen IF.

Idrettskarriere

Koss var aktiv i fleire idrettar som barn, mellom anna langrenn, fotball, badminton og orientering. Som 15-åring vann han landsmeisterskapen på skøyter, den uoffisielle noregsmeisterskapen for ungdom. Tidsdifferansane til konkurrentane fortalde om eit talent og ein treningsvilje litt utanom det vanlege. Likevel sleit Koss ofte med nervøsitet og dårleg sjølvtillit i samband med dei store konkurransane.

Koss fekk sin internasjonale debut i verdsmeisterskapet i Almaty i 1988. Ein 35. plass på 5000 meter – under spesielle forhold – gjorde at han ikkje fekk gå meisterskapets siste distanse. I ein pressekommentar etter meisterskapet vart det ytra håp om at Johann Olav Koss kunne bli «god nok til i alle fall å markere seg litt». Håpet til reporteren vart i høg grad innfridd.

Ein 8. plass i VM og 15. plass i EM året etter var resultat på det jamne, men så var det stort sett slutt på motgangen.

Gjennombrot

Foto av Johann Olav Koss
Ein glad Johann Olav Koss med laurbærkrans rundt halsen etter siger i allround-VM i Innsbruck i 1990
Foto av Johann Olav Koss
Av /NTB.

1990 vart året då Johann Olav Koss etablerte seg i verdseliten for alvor, og dei neste åra hevda han seg alltid med bravur. Nå hadde han rett nok ikkje hellet med seg i EM i 1990, der trioen Veldkamp, Gustafson og Visser berre var hårfint føre han i poengsammendraget. 0,43 poeng var det fram til Veldkamp.

Det internasjonale gjennombrotet kom med samanlagtsigeren under VM i allround i Innsbruck i 1990. Koss vann ingen av dei fire løpa, men var blant topp tre på dei tre lengste distansane. I 1991 vann Koss både EM og VM. Dette skulle pussig nok bli den einaste EM-tittelen hans. I VM var han for øvrig nesten tre tidspoeng føre næraste konkurrent.

OL i Albertville

Dei neste to sesongane vart det tre sølv- og ein bronsemedalje til Koss i dei internasjonale allround-meisterskapa, framfør alt fordi Falko Zandstra hadde dukka opp på arenaen. Koss deltok i sitt første OL i Albertville i 1992 etter ei opplading der han var innlagd på sjukehus med betennelse i bukspyttkjertelen rett før leikane. Han blei olympisk meister på ein svært jamn 1500 meter, der berre fire hundredels sekund skilde ned til Ådne Søndrål på sølvplass og berre ni hundredelar ned til bronse. Sjuandeplassen på 5000 meter nokre dagar tidlegare blei den einaste distansen utan medalje til Koss under desse leikane.

OL på Lillehammer

Johann Olav Koss

Johann Olav Koss var den definitive OL-kongen på Lillehammer i 1994, med tre gull og tre verdsrekordar. Han var den einaste som vann tre individuelle gull under OL i 1994.

Av /NTB.

Forventningane til Koss var store før OL på heimebane i 1994, sjølv om han hadde slite med forma i innleiinga av sesongen. Nederlendaren Rintje Ritsma hadde vunne EM på Hamar i forkant av OL, og monge var spente på kva Koss kunne få til.

OL vart ei triumfferd. I VikingskipetHamar der skøytekonkurransane vart arrangert, vann Koss først 5000 meter på verdsrekordtida 6.34,96, og tre dagar seinare tok han verdsrekorden på 1500 meter då han vann distansen på tida 1.51,29. På avslutningsdistansen 10 000 meter slo han sin eigen verdsrekord med 13 sekund då han gjekk i mål på tida 13.30,55. Det var heile 19 sekund ned til sølvvinnaren Kjell Storelid. Med det tok han det tredje OL-gullet sitt på éi veke i ein fullsett Hamar Olympiahall.

Koss blei den første nordmannen som vann tre individuelle gull i same OL (Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang vann tre gull kvar, inkludert stafett, i 1992) sidan Hjalmar Andersen vann dei same tre distansane under OL i Oslo i 1952. Koss var òg den einaste utøvaren som vann tre individuelle gull under OL i 1994.

Siste VM-gull i allround for Koss kom i Göteborg i mars 1994, etter OL på Lillehammer. Koss avslutta den aktive karrieren sin som 25-åring våren 1994. Han hadde då starta på legeutdanninga si, og alle sportslege mål var oppnådde. Motivasjonen låg andre stader enn på idrettsbanen.

Medaljar og rekordar

OL: 4 gull, 1 sølv

Johann Olav Koss

Johann Olav Koss på 1500 meter i Hamar Olympiahall (Vikingskipet) under OL i 1994. Han vann distansen på ny verdsrekord.

Av /NTB Scanpix ※.
Medalje Øving OL
Gull 1500 meter Albertville 1992
Gull 1500 meter Lillehammer 1994
Gull 5000 meter Lillehammer 1994
Gull 10 000 meter Lillehammer 1994
Sølv 10 000 meter Albertville 1992

VM: 3 gull, 1 sølv, 1 bronse

Medalje Øving VM
Gull Allround Innsbruck 1990
Gull Allround Heerenveen 1991
Gull Allround Göteborg 1994
Sølv Allround Hamar 1993
Bronse Allround Calgary 1992

EM: 1 gull, 3 sølv

Medalje Øving EM
Gull Allround Sarajevo 1991
Sølv Allround Heerenveen 1992
Sølv Allround Heerenveen 1993
Sølv Allround Hamar 1994

Verdscup

Koss vann i alt 23 enkeltsigrar i verdscupen, og han vann 1500 meter samanlagt i verdscupen i 1989/1990 og i 1990/1991. Han vann verdscupen på langdistanse (5000 og 10 000 meter) samanlagt i 1990/1991 og i 1993/1994.

Noregsmeisterskap

I NM vann Koss 15 seniorgull i perioden 1989–1994: 4 gull i allround (1991–1994) og 11 gull på enkeltdistansar (1 på 1000 meter, 4 på 1500 meter, 4 på 5000 meter og 2 på 10 000 meter). Han fekk to kongepokalar.

Verdsrekordar

Koss sette i alt ti verdsrekordar i desse øvingane: 1500 meter (1), 3000 meter (1), 5000 meter (5), 10 000 meter (2) og samanlagt (1). Både i VM i 1991 og OL i 1994 sette han tre rekordar på distansane 1500, 5000 og 10 000 meter. Rekordtidene på 5000 og 10 000 meter frå OL i 1994 blei ikkje slått før det blei brukt klappskøyter i 1997 og 1998. Koss sette i alt 18 norske rekordar.

Personlege rekordar

  • 500 meter: 37,98
  • 1000 meter: 1.14,90
  • 1500 meter: 1.51,29
  • 3000 meter: 3.57,52
  • 5000 meter: 6.34,96
  • 10 000 meter: 13.30,55
  • Allround: 157,257 poeng

Etter idrettskarrieren

Johann Olav Koss
Johann Olav Koss under Idrettstinget på Lillehammer i 2019, der han blei vald inn i styret i Noregs idrettsforbund.
Av /NTB.

Allereie som aktiv engasjerte Koss seg i humanitært arbeid og starta pengeinnsamling i Noreg etter ei reise til Eritrea i 1993. I 1994 var han med i Olympic Aid, som blei starta i samband med leikane på Lillehammer — først som støtte til eit krigsherja Sarajevo, som hadde vore OL-arrangør berre ti år tidlegare. Han gav delar av sigersbonusen sin frå leikane til organisasjonen, og han vidareførte arbeidet fram mot sommar-OL i Atlanta 1996. Frå 2000 blei Olympic Aid erstatta av Right to Play, som Koss i over 15 år leidde frå bustaden sin i Toronto i Canada. Seinare har han halde fram som aktivt styremedlem og grunnleggjar. Right to Play er no til stades i over 15 land og har rundt 600 tilsette.

I 2010 var Koss ein kort periode assistenttrenar for det norske landslaget på skøyter etter at trenar Peter Mueller måtte slutte.

Frå 1994 var han ambassadør for FNs barnefond (UNICEF). Han sat i 1999 i reformkomiteen til Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) og har vore utøvarrepresentant i IOC (1999–2002) og styremedlem i Verdas antidopingbyrå (WADA). I 2019 blei han vald inn i styret i Norges idrettsforbund.

Etter karrieren gjorde Koss seg ferdig med legeutdanninga i Australia. Han har sidan 2019 vore busett i Oslo etter å ha budd 20 år i Canada.

Utmerkingar

Som aktiv blei Koss tildelt Morgenbladets gullmedalje i 1990, Sportsjournalistenes statuett i 1991 og 1994, Oscarstatuetten i 1990, 1991 og 1994 og Fearnleys olympiske ærespris i 1994. Han blei kåra til «årets idrettsmann» av det amerikanske idrettsbladet Sports Illustrated i 1994 og blei tildelt Jesse Owens International Trophy i 1995.

For arbeidet sitt for Right to Play har han vunne fleire internasjonale prisar. I Noreg blei han i 2011 utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortjenstorden for internasjonalt humanitært virke for barn og unge innan sport og idrett. Han fekk heidersprisen under Idrettsgallaen i 2015.

Utgivingar

  • Idrett og menneskeverd (saman med Audun Tjomsland), 1994

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg