Brusand (Hå)

Artikkelstart

Brusand er ein tettstad i kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,19 km², og har 427 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
427 (SSB, 2020)
Landareal
0,19 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
4574 Brusand

Brusand ligg 18 kilometer nordvest for Egersund, på ei smal sandstripe mellom Bjåvatnet (0,4 meter over havet) og havet, i overgangen mellom det flate Jæren i nordvest til eit kupert heilandskap søraust for tettstaden og Bjåvatnet.

Brusand stasjon er fast stoppestad på Jærbanen EgersundStavanger.

Stranda utanfor tettstaden (Brusanden) er verna som landskapsvernområde; det strekkjer seg både nordover og sørover langs kysten. I verneområdet sør for tettstaden ligg Vaulen, ein 1,3 km lang strandsjø med brakkvatn (0,8 meter over havet).

Ved Brusand finst eit krigsminnesmerke i form av bevarte invasjonssperringar, på folkemunne kalla «Hitlertennene». Like sør for tettstaden er det campingplass og hytteutleige. Her ligg Varden sjøredningsmuseum, eit lite museum som dokumenterer arbeidet til sjøredningstenesta, del av Jærmuseet.

Namnet er samansett av gardsnamnet Bru og sand og siktar til sandstrekninga som markerer overgangen til slettelandet på Jæren.

Kart

Brusand
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg