dialekter på Karmøy

DialekteneKarmøy høyrer til det sørvestlandske a-målet som er blant dei vestnorske dialektene.

Dialektene på Karmøy har a-infinitiv i verba: å veda, å skriva, å kasta – og det er a-ending i ubestemt form eintal av svake hokjønnsord: ei jenta, ei kista, ei visa. Også i adjektiva kjem a-en fram: den stora kyrkjå, det høga fjedle osv.

Dialektvariasjon på Karmøy

Kommunen Karmøy vart oppretta i 1965 ved at heile eller et meste av sju kommunar blei slått saman. Det gjaldt landkommunane Åkra, Stangaland og Skudenes og bykommunane Kopervik og Skudeneshavn, og størstedelen av landkommunane Torvastad og Avaldsnes.

Det er framleis markante dialektforskjellar mellom dei gamle kommunane, særleg mellom Norheim (Fastlands-Karmøy) og Kopervik, Åkrehamn (Åkra) eller Skudeneshavn.

Fonologi (lydverk)

Dialektene på Karmøy har mykje til felles med dei andre vestnorske dialektene, særleg a-måla.

Skarre-r

Tidleg på 1900-talet var skarre-r vanleg på Sør-Karmøy, i dag er skarre-r dominerande på heile Karmøy. Dette er ein vanleg utvikling i fleire dialekter, sjå endringar i dei norske dialektene.

Segmentering ll til dl

Konsonantfonemet lang l (ll) har tradisjonelt blitt uttalt som dl på Karmøy og resten av Sørvestlandet: fjell blir til fjedl, alle blir til adle, smell blir til smed’l, og svull til svod’l.

Andre eksempel: rulla blir rodla, troll blir tråd’l (fleirtal tråddler – tråddlene), trylla blir trådla, ull blir til ud'l, mellom blir i mydlå og gamal blir gamadle, høvel blir høved’l (ballbedheved’l), snegel blir snied’l og nøkkel blir til nøkjed’l (fleirtal nykklar ).

Differensiasjon rn til dn og fn til bn

Eit fellestrekk for fleire av dei sørvestnorske dialektene er differensiasjon mellom konsonantfonem, det vil seie at skilnaden mellom to lydar blir gjort større. I Karmøy-dialektene skjer dette tradisjonelt med to konsonantsamband: rn som blir til dn, og fn som blir til bn.

Rn blir uttalt som dn: barn blir til bad'n (båddne i bestemt form), garn blir til gad'n (gadne), horn blir til håd'n (hådne) og tann blir til tåd'n – (tådne).

Fn blir uttalt som bn: favn blir til fab'n (fabbnar – fabbnane), havn blir til hab'n (habbnar – habbnane) og søvn blir til sveb'n.

Blaute konsonantar

På sørlege Karmøy finn ein overgang frå p, t, k til b, d, g etter vokal, i likskap med dialektene i Rogaland. Fenomenet startar ved Ferkingstad og aukar på sørover til Skudeneshavn.

Overgangen p, t, k til /b, d, g/vil seia overgang frå ustemde til tilsvarande stemde plosivar. Populært blir dette dialektdraget kalla overgang til blaute konsonanter.

Endringa skjer ved opphavleg korte plosivar som står etter lang eller forlengd vokal, for eksempel å bida og å veda (norrønt bíta og vita). Andre døme på overgangen er eda (eta), liden, mad (mat), bog (bok), å kòga, ei vega (ei veke), å taba, eit håb, å roba (ropa).

I dag er dei blaute konsonantane på retur blant unge, særleg på Sør-Karmøy. Ungdommen byter ut b-d-g med p-t-k, og mange seier nå difor motepress, stupebrett, eit møte, ukeplan osv.

Palatalisering (oppmjuking) av g og k  inne i ord.

Karmøydialekten har som dei fleste vestnorske dialektar som hovudregel palatalisering av g og kj, for eksempel å tenkja, å byjja (byggja), ei rekkja, ein bakkje – bakkjen, eit stykkje, ein sekk – sekkjen – fleire sekkjer, ein legg – lejjen – fleire lejjer (legger), har dròkkje (drukke), har lijje (lege), ingjen, fin hårfarje (hårfarge), haje (hage), kraje (krage), majje (mage) osb. Ordet ikkje høyrer også med her. Denne palataliseringa i innlyd er på retur på heile Sør-Vestlandet. Dei unge seier då sekk – sekken, legg – leggen, ein mage, ein hage osv.

Æ-lyden blir i karmøydialekten til vanleg til ein e-lyd: sær > ser, hæl > hel, bær > ber.

Diftongane blir borte i einskilde ord: him (heim), hørre te (høyre til), flære (fleire) o.a.

Morfologi (bøyingsformer)

Morfologi er bøyingsformer.

Substantiv

  • Hankjønnsord, hovudregel: ein gutt – gutten – flære guttar – alle guttane
  • Hokjønnsord, hovudregel ei jenta – jentå – flære jentår – alle jentene. Ei dør – dørå – flære dørår – alle dørene. I delar av Karmøy brukar ein e-endingar i staden for å-endingar i bestemt form eintal av hokjønnsorda, til dømes kjeringje (kjerringa), tråppe (trappa), øyne (øya). Nord på Karmøy (Torvastad) har ein tradisjonelt o-ending i bestemt form av hokjønnsorda: den jento, den døro.
  • Inkjekjønnsord, hovudregel ett hus – huse – flære hus – alle husene eller huså. Ett eple – eple – flære eplårr – alle eplene

Merk at hankjønns- og hokjønnsorda held på r-en i ubestemt form fleirtal, medan dei svake verba misser r-en i presens, sjå nedanfor.

Verb

Alle tostava verb har a-ending i infinitiv, jf. å skriva, å lesa osv. Sjå ovanfor om a-målet. Ein del verb manglar ending i infinitiv, det gjeld «-verba»: å gå, å nå, å tru osv.

Svake verb

  • A-verb: å snubla – snuble – snubla – har snubla. Mange av a-verba har i karmøydialekten blitt e-verb, og fått endinga -te i preteritum: skrenste, stoppte, flytte osb.
  • E-verb: å spilla – spille – spillte – har spillt, å prøva – prøve – prøvte – har prøvd-/t
  • Nå-verb: å nå – når – nådde – har nådd, å spy – spyr – spydde – har spydd

Sterke verb

Bøyingsmønster:

  • å hiva – hive – heiv – har heve (å hiva= å kaste)
  • å slita – slite – sleit – har slete/slitt
  • å krypa – krype – krøyp – har krøpe

Pronomen

Personlege pronomen

Subjektsformer av dei personlege pronomena:

  • Eintal: eg, du, han, hu, de
  • Fleirtal: me, dåkke, di/dei

Objektsformer av dei personlege pronomena:

  • Eintal: meg, deg, (h)an, henna/na («venninde med na Klara»), de
  • FleIrtal: oss, dåkkår, di/dei

Eigedomspronomen

Eintal:

  • Hankjønn: min, din, (h)ans, hennas/nas
  • Hokjønn: mi, di, (h)ans, hennas/nas
  • Inkjekjønn: mitt, ditt, (h)ans, hennas/nas

Fleirtal:

  • vårt/våres/våras, dåkkas

Spørjeord

Nynorsk – dialekt

  • kva – ka
  • kor – kor
  • kven – kimm
  • kvifor – koffårr
  • korleis – koss/kossen

Påverknad frå amerikansk engelsk i namnebruk og ordval 

Kontakten mellom Vest-Karmøy og USA har vore mangfolding og sterk, særleg på 1950- og 60-talet. Dette ser ein godt på personnamna. Det er fleire personar med engelske navn enn i resten av landet. For eksempel Steven, Ken, Kevin, June, Mabel, Dorris og andre.

På Vest-Karmøy finst også ein del ord og uttrykk som er inspirerte av amerikansk. Håkon Liknes har i sine bøker (sjå nedanfor) rekna opp ord dialekten har tatt frå engelsk. Her er eit lite utval:

  • dånnta’kje, eg dånnta’kje, engelsk don’t know, eg veit ikkje
  • fåle, ann snakka som ein fåle, engelsk fool, som en tosk
  • gå hedd, berra gå ahedd,engelsk go ahead, bare start opp
  • heppna, viss de sko’ne heppna te, engelsk happen, skulle skje at
  • isigt, eg tar det ganske isigt, engelsk easy, tar det roleg,
  • jompte, eg jompte i høgaste lokte, engelsk jumped, eg hoppa opp
  • jångster, jånngsterar, engelsk youngster, ungdommar
  • killa, oi, der killa du rutå, engelsk kill, knuste du vinduet
  • kjingsa, kan du kjingsa ein femtilapp, engelsk change, kan du veksla
  • sjeka, huset sjeka, engelsk shake, huset rista
  • svittsen, har du svittsen te, bilen, engelsk switch, tenningsnøkkelen
  • te’pises, det gjekk te pises, engelsk to pieces, det gjekk gale
  • tronkjen, det ligge i tronkjen, engelsk trunk, bagasjerommet
  • trussta, du må’kje trussta an, engelsk trust, du må ikkje stola på han

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sandhåland, Kenneth: Verden blir større. Om oppvekst og folk. Og litt fotball, 2016. Åkrehavn: Kenneth Sandhåland. Boka er skriven på Åkra-dialekt.
  • Sandøy, Helge: Vestlandet – der fjordane batt folket saman. I: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, 1990. Oslo: Novus forlag. 63–88.
  • Martin Skjekkeland: Kontakt over havet: språk og kultur frå Holland og Amerika i møte med folket vest på Agder. I: Impulser. Årbok for Vest-Agder Fylkesmuseum 2003 (red. Jan Henrik Munksgaard), 2003. Kristiansand: Vest-Agder Fylkesmuseum.
  • Liknes, Håkon og Pedersen, Lasse: Robbel og rakje. Gamle ord og uttrykk frå Karmøy, 2012. Haugesund: Vormedal forlag.
  • Liknes, Håkon og Pedersen, Lasse: Halve ord å kniktar. Dialektord og uttrykk frå Karmøy, 2016. Haugesund: Vormedal forlag.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg