Tordenskjold. Av /Nasjonalbiblioteket. Falt i det fri (Public domain)

Peter Wessel Tordenskiold

Faktaboks

Peter Wessel Tordenskiold

Tordenskjold

Født
28. oktober 1690, Trondheim, Noreg
Død
12. november 1720, Gleidingen, Tyskland
Født 28. oktober (etter den julianske kalender)/ 7. november(etter den gregorianske kalender) 1690.
Peter Wessel, adla med namnet «Tordenskiold», vart særleg kjend for vågemotet sitt under slaget i Dynekilen i 1716, og er ein av dei største folkeheltane i norsk historie.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Maleri 1719

Peter Wessel Tordenskiold
Av /※.
Peter Wessel Tordenskiold, maleri av Balthasar Denner frå 1719.

Portrettet av Tordenskiold på danske fyrstikkeskar.

Artikkelstart

Peter Wessel Tordenskiold var ein norsk sjøoffiser under Den store nordiske krigen, vidgjeten etter ei rekkje djerve bragder i sjøkampen mot Sverige. 25 år gamal vart han adla som Tordenskjold, i 1718 utnemnd til admiral. Djervskapen kosta han til slutt livet, då han fall i ein duell med ein svensk offiser, like etter krigen.

Wessel var offiser i den dansk-norske flåten frå 1710 til 1720. I denne tida låg Danmark-Noreg og ein rekke andre land i krig med Sverige, hos oss kjend som Den store nordiske krigen. Frå 1709 var det fleire trefningar mellom svenske og dansk-norske styrkar, også til sjøs. Etter kvart fekk den dansk-norske flåten overtaket, mykje på grunn av bragdene til mannen som vart kjend som Tordenskjold.

Oppvaksen i Trondheim hadde Wessel 14 år gamal rømt heimanfrå og søkt teneste i det dansk-norske sjøforsvaret. Etter fire år som sjømann på verdshava vart han teken opp og vart raskt uteksaminert og utnemnd til løytnant. Ei fryktlaus verkelyst gjorde han straks kjend, og han fekk tidleg kommandoen på ein fregatt. I åra 1712–1715 utmerkte han seg med fleire fryktlause manøvrar, men måtte òg stå krigsrett på grunn av farane han utsette seg og mannskapet sitt for.

Dei vellukka kampane mot svenskane gjorde at Wessel likevel slapp unna alle skuldingar, og kongen lønte han heller med forfremjingar. Etter eit særleg vellukka åtak på den svenske flåten i 1715, vart han adla. I 1716 kapra han den svenske forsyningsflåten og fekk Karl 12. til å avbryte felttoget i Noreg. Etter det vart han sjef for forsvaret i norske farvatn.

Som leiar av den norske flåten gjorde Tordenskjold to mislukka åtak mot Sverige og vart difor avsett. Etter ei høyring vart han derimot frikjend, og i jula 1718 utnemnd til admiralgraden schoutbynacht, og så til viseadmiral, etter ein stor siger ved Göteborg sommaren 1719. Etter dette ville Tordenskjold gå til nye åtak, men måtte gi seg då det vart starta fredsforhandlingar med Sverige. Etter freden vart han utfordra til duell etter eit baksetak med ein svensk offiser. Under duellen vart han stukken ned og drepen.

Den unge Wessel

Peter Jansen Wessel voks opp i ein stor borgarfamilie i Trondheim, som son av kjøpmann og rådmann Jan Wessel (1646–1716) og Maren Schøller. Han voks opp og på foreldras lystgård Ringve, der han var nummer 14 av 18 sysken. Han var rastlaus, tilpassa seg ikkje skulen og heller ikkje livet som lærling. Då så Frederik 4. vitja Noreg og Trondheim i 1704, såg den 13 år gamle Peter sitt snitt til å stikke av med det kongelege følgjet til København.

Faren var økonomisk svekt på dette tidspunktet og såg nok difor velvillig på at Peter freista lukka i hovudstaden, som fleire av brørne. Her vart han buande hos ein ven av faren, Peder Jespersen, som òg stod kongen nær. Peter drog truleg nytte av dette då han 15 år gamal skreiv til kongen med ønske om å verte teken opp ved sjøkadettkompaniet, ein personleg førespurnad som var vanleg på den tida.

For å auka sjansane sine til å verte kadett, tok Wessel i 1706 hyre på handels- og slaveskipet «Christianus Quintus», til dei danske koloniane i Vest-Afrika og Vestindia. Tilbake i København i 1708 søkte han, og deretter purra på kongen, om å verte teken opp i kompaniet. Først vart han ulønt lærling ved flåtebasen Bremerholm, men då svaret lét vente på seg, reiste han på ny ut – til Trankebar i India med skipet «Fredericus Quartus».

Inn i krigen

I 1710 kom skipet attende til Europa og fekk melding om krigshandlingane mellom Danmark-Noreg og Sverige. For å unngå svenske kaprarar og krigsskip segla dei til Noreg. Då mønstra Wessel på eit britisk skip som skulle til København og Austersjøen, men hamna i Marstrand i Sverige etter ein storm. Her gav Wessel seg ut for å vere britisk matros og kunne dermed halde eit auge med svensk verksemd på skip og ved festninga Carlsten, som han så melde vidare til leiinga i det danske sjøforsvaret.

På dette tidspunktet var Wessel teken opp ved akademiet, der han følgde undervisinga frå august 1710. Fleire år til havs hadde gjort han røynd med sjøferder og artilleri. I februar 1711 sende han søknad til kongen om å få ta eksamen, og jamvel om å få føre ein fregatt, utan å få det siste ønsket innfridd. I staden vart han utnemnd til underløytnant og gitt posten som nestkommanderande på fregatten «Postillon».

Vellukka kampar

Som løytnant på «Postillon» støytte Wessel på Waldemar Løvendal, øvstkommanderande i Noreg. Løvendal beit seg merke i kampånda til Peter og gav han straks kommandoen på snauen «Ormen», eit lite skip nytta til rekognosering og kamp mot kaprarar. Som kommandant på «Ormen» gjorde han fleire djerve manøvrar og kapra mellom anna fire svenske båtar med kornvarer.

I 1712 fekk Wessel så styringa over eit større skip, den hurtige fregatten «Løvendals Galley», truleg etter tilråding frå Løvendal sjølv. Wessel førte «Løvendals Galley» i tre år og gjorde skipet kjent som «Kattegats skrekk». I 1712 var han med på å kapre og øydeleggje ein svensk flåte på 70–80 skip og slik skaffe dansk-norsk herredøme over farvatna ved Rügen. For dette vart han forfremja til kapteinløytnant.

Wessels nøyaktige etterretningar, gjorde like innpå fienden, skaffa han tilnamnet «flåtens skarpe auge» og gjorde generaladmiral Ulrik Christian Gyldenløve, øvstkommanderande for flåten, svært nøgd.

Uvørden framferd

Dei komande åra førte Wessel fleire konvoiar i Nordsjøen. I 1713 hamna «Løvendals Galley» i kamp med to overlegne svenske linjeskip, men Wessel makta å kjempe tilbake og kom seg unna utan tap av mannskap. Seinare sende Wessel sleivkjefta brev til generalguvernøren, den leiande embetsmannen, i Göteborg, og fekk åtvaring frå Frederik 4. for manglande høvisk framferd.

Året etter støytte skipet på ein dobbelt så stor svensk fregatt, og Wessel gjekk til åtak heller enn å prøve å rømme. «Løvendals Galley» kom seg unna denne gongen òg, men sterkt medteken, og Wessel vart stilt for krigsrett for vågespelet. Han vart frikjend og søkte heller kjepphøgt om å verte utnemnd til kaptein, noko kongen imøtekom.

Både forfremjinga og den uvørdne haldninga skaffa likevel Wessel fiendar i admiralitetet (marinestyret). Då han søkte kongen om ein større fregatt og stilling som sjef for sjøforsvaret i Noreg, fekk han avslag.

Tordenskjold

I april 1715 gjekk så dansk-norske krigsskip til åtak på ein stor svensk flåte på veg til den vestlege Austersjøen. Åtaket kom etter observasjonar frå Wessel. Med «Løvendals Galley» kjempa Wessel her til seg det vidgjetne og raske skipet «Hvita Örn», tok til fange admiralen som var leiar for den svenske flåtestyrken, og hindra svenskane i å øydeleggje skipa sine. Det enda med fullstendig dansk-norsk siger.

På veg tilbake til København gjorde Wessel nye halsbrekkande manøvrar mot svenskane, no med den omdøypte «Hvide Ørn», mellom anna mot to krigsskip med tre gonger så mange kanonar. I København ønskte fleire admiralar å stille han for krigsrett igjen for mangel på varsemd. I staden bad Wessel kongen om å verte adla – og det vart han, under namnet Tordenskiold.

Eskadresjef

Slaget i Dynekilen i 1716 er eit av dei mest berømte slaga i norsk historie. Her nedkjempa Peter Wessel Tordenskjold 29 svenske skip, til trass for at han sjølv berre hadde sju. Resultatet vart at Karl 12 trakk felttoget sitt tilbake. Maleri av Carl Neumann.

Vinteren 1716 gjekk svenskekongen Karl 12. og soldatane hans inn i Noreg, og i mai hærtok han Fredrikshald. Her var han avhengig av forsyningar sjøvegen. Tordenskjold overrumpla då den svenske forsyningsflåten ved DynekilBohuslänkysten og tok mange av skipa. Dermed måtte svenskekongen gi opp felttoget. Trass i at åtaket mangla godkjenning frå Wessel sin overordna, viseadmiral Christian Carl Gabel, vart han no utnemnd til kommandør. I november same året vart han sjef for heile flåtestyrken i dei norske farvatna.

Som sjef for den norske eskadren (flåten) viste Tordenskjold stor iver når det galdt styre og stell, men måtte kjempe mot små ressursar og sterk uvilje frå eldre offiserar. I mai 1717 leidde han han eit åtak i Göteborg, med eit mål om å knuse mykje av den svenske flåten. Her vart Wessel motarbeidd av ein av sine eigne offiserar, Christian Vosbein, slik at framstøyten mislukkast. Eit par månadar seinare prøvde han òg å gå til åtak på Strömstad, men vart sjølv stygt såra, og måtte gi opp.

Admiral

Ein rekke myter og populære historiar danna seg kring Tordenskiold alt medan han var i live, mellom anna anekdoten om Tordenskiolds soldatar. Ifølgje fortellinga fekk Tordenskiold soldatane sine til å marsjere i ring i gatene i Marstrand i 1719, slik at svenskane trudde han hadde fleire soldatar enn han hadde i verkelegheita.
Tordenskiolds soldatar
Av /Forsvarets museer.

Tordenskjolds nederlag gjorde at motstandarane hans i sjøkrigsstyret fekk vatn på mølla. Forholdet hans til kommanderande general i Noreg, Erhard Wedel, var òg dårleg, samtidig som svenske invasjonsplanar kravde nettopp godt samspel dei imellom. Med støtte i admiralitetet utnemnde difor kongen ein meir røynd offiser til norsk eskadresjef.

Peter fekk likevel året etter åtaket på Strömstad prøvd saka si for marinestyret, noko som enda med full frikjenning. Samtidig ser han ut til å ha vunne tilbake kongen si tiltru. Då Karl 12. så fall under eit nytt felttog i Noreg i jula 1718, var det Tordenskjold som gav meldinga til Fredrik 4. Han svara med å utnemne Wessel til schoutbynacht, kontreadmiral.

No vart Tordenskjold igjen sjef for flåtestyrken i Noreg. I 1719 leidde han på ny eit åtak på Göteborg. I slaget ved Marstrand lukkast han å hærta mykje av den svenske flåten og setje fyr på resten, for så å overta Carlstens festning. For denne bragden vart han utnemnd til viseadmiral og fekk utdelt kongen sitt portrett med diamantar. Han ønskte så å halde fram med eit åtak på heile Bohuslän, men måtte avslutte framstøyten. I staden vart det innleidd fredsforhandlingar mellom Sverige og Danmark-Noreg.

Endelikt

Peter Wessel Tordenskiold vart drept i ein duell, 30 år gamal. Maleri av Tordenskiolds lik med tjenaren Christian Nielsen Cold sittande ved sida.

Krigen hadde gjort Peter Wessel adeleg, og dessutan hadde han vorte ein rik mann, på grunn av inntektene frå alle skipa han kapra og så selde. Freden gjorde at han vart uverksam. Hausten 1720 planla han difor ei reise til England, gjennom tyske område, truleg for å møte ei kvinne. I Hannover banka han så opp den livlandske obersten Jacob Axel Staël von Holstein, som hadde lurt pengar frå ein ven av Peter. Holstein svarte med å utfordre Wessel til duell.

Tordenskjold møtte opp til duellen 12. november 1720, men ønskte ikkje kamp og prøvde heller å forlike seg med Holstein. Obersten kravde derimot å vinne att æra si, og i den påfølgjande duellen påførte han Tordenskjold ein dødeleg støyt med kårde. Sidan duellering var ulovleg i Danmark-Noreg, vart han gravlagd utan heider, om natta, utan nokon til stades. Fleire omstendighetar kring duellen er framleis uklare. Liket av Tordenskiold vart brakt til Holmens kirke i København. 275 år etter, i 1995, vart den kyrkjelege seremonien kring gravferda gjennomført.

Ettermæle

Tordenskjolds framferd skaffa han uvener, men han vart tidleg ein helt blant folket, og det vart dikta fleire viser om han alt medan han levde. Djervskapen hans var òg opphav til ei rekkje segner og skrøner som vart nytta til mytespinning i dansk historieskriving frå 1700-talet og utetter. Mellom anna galdt det «Tordenskiolds soldatar», der Tordenskjold under åtaket på Carlstens festning skulle ha fått soldatane sine til å marsjere i ring, slik at det skulle sjå ut som om dei var fleire.

Den sanne historia om Peter Wessel var likevel eventyrleg nok til at han seinare har vore hylla som den største sjøhelten Noreg har hatt.

På gården Ringve ved Trondheim, der han voks opp, er det innreda eit museum.

Statuer og portretter

Statuen av Tordenskiold i Trondheim.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Statuar av Tordenskiold finst ved Holmens kirke i København, utført av Herman Vilhelm Bissen (1863–1866); ein kopi står ved Vår Frue kirke i Trondheim. Tordenskiold-statuen i Kristiania, utført av Axel Ender, vart avduka i 1901; øvrige statuar finst i Stavern (Gustav Vigeland) og i Horten (Anders Svor). I 1958 vart det avduka ein minnestein på duellstaden.

Det finst minst ti samtidige portrett. Livet til Tordenskiold er behandla dikterisk av mellom andre Holger Drachmann, Jacob Breda Bull og Adam Oehlenschläger.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Dan H.: Mandsmod og kongegunst : en biografi om Peter Wessel Tordenskiold, 2004, isbn 87-11-11667-6, Finn boken
  • Andersen, Dan H.: Tordenskjold. En biografi om eventyreren og sjøhelten. Oslo 2009
  • Bachke, Victoria, red.: Tordenskioldiana, 1958, Finn boken
  • Bergersen, Olav: Viceadmiral Tordenskiold, 1925, to bind, Finn boken
  • Bergersen, Olav, red.: Tordenskiolds brev, 1963, Finn boken
  • Gierløff, Christian: Tordenskiold, 1941, Finn boken
  • Kavli, Guthorm: I Tordenskiolds kjølvann, 1990, isbn 82-516-1352-3, Finn boken
  • Rian, Øystein: For Norge, kjempers fødeland. 12 portrett frå dansketida. Oslo 2007
  • Rothe, Caspar Peter: Den Danske Söe-Heldt og Vice-Admiral Peter Tordenskiolds omstændelige Livs og Heldte-Levnets Beskrivelse, 1747-50, tre bind, Finn boken
  • Røsholdt, Ole: Tordenskiold : sjøhelten som reddet Norge, 2000, isbn 82-478-0535-9, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg