Dynekilen
I slaget ved Dynekilen 8. juli 1716 nedkjempa Peter Wessel Tordenskiold den svenske flåten. Resultatet blei at Karl 12. avbraut det norske felttoget og trekte hæren inn i Sverige igjen.
Dynekilen
Av .
Tordenskjold i Dynekilen
Slaget i Dynekilen i 1716 er eit av dei mest berømte slaga i norsk historie. Her nedkjempa Peter Wessel Tordenskjold 29 svenske skip, til trass for at han sjølv berre hadde sju. Resultatet blei at Karl 12 trekte felttoget sitt tilbake. Måleri av Carl Neumann.
Peter Wessel Tordenskjold
Peter Wessel, adla med namnet «Tordenskiold», var særleg kjend for vågemotet sitt under slaget i Dynekilen i 1716, og er ein av dei største folkeheltane i norsk historie.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
Slaget ved Dynekilen

«Tordenskiold skyder den svenske kaptajn», framstilling frå 1898, basert på eit eldre måleri.

Slaget ved Dynekilen var eit slag under den store nordiske krigen, der Peter Wessel Tordenskiold den 8. juli 1716 øydela ein svensk transportflåte som var på veg til Svinesund ved Halden med artilleri og anna utstyr til hæren til Karl 12. Slaget stod ved Dynekilen, ein liten fjord i Sverige, ved kysten av Bohuslän, 7 kilometer nord for Strömstad, nær den norske grensa.

Tordenskiold hadde i alt sju skip og nedkjempa dei i alt 29 svenske skipa i løpet av eit fem timars slag. Resultatet blei at Karl 12. avbraut det norske felttoget og trekte hæren inn i Sverige igjen. Han gjorde eit nytt forsøk to år seinare, men det andre norske felttoget enda med at kongen fall på Fredriksten festning i 1718.

Bakgrunn

Våren 1716 byrja Karl 12. sitt første felttog i Noreg, der målet var å erobra heile eller delar av landet. Felttoget var ein del av den store nordiske krigen, der Danmark-Noreg og Sverige var motstandarar. Medan svenskekongen låg i leir med armeen sin like nord for Svinesund etter den mislykka omleiringa av Christiania, hadde ein svensk transportflåte segla inn i Dynekilen, ein trong, liten fjord omtrent midtvegs mellom Svinesund og Strömstad. Denne flåten var eit viktig ledd i forsyningslinjene for Karl 12. Før den svenske flåten segla inn i Dynekilen, hadde han vore i kamp med dansk-norske skip under kommando av viseadmiral Christian Carl Gabel i skjergarden utanfor Strömstad. 2. mai hadde den 25 år gamle norske kapteinen Peter Wessel Tordenskjold angripe svenskane med fregatten «Hvide Ørn» ved Styrsö. Men motvind og kraftig eldgiving frå det tunge skytset om bord på dei svenske galeiane og stykkprammen «Stenbocken» tvinga Tordenskjold til å trekkja seg tilbake.

Litt over ein månad etter det mislykka angrepet på dei svenske fartøya ved Styrsö blei Tordenskjold og «Hvide Ørn» send til København, der Tordenskjold fekk kommandoen over ein eskadre som bestod av stykkprammane «Hielperen» og «Arca Noæ», tre galeiar, fregatten «Vindhunden» og dessutan hans eigen «Hvide Ørn». Oppdraget hans var i første omgang å eskortera nokre proviantskip til dei dansk-norske styrkane i Søraust-Noreg, men han skulle også stasjonera stykkprammane og galeiane nær Dynekilen og vera klar til å gjennomføra operasjonar mot svenskane etter ordre frå viseadmiral Gabel.

Fartøy og artilleri

Stykkprammar spelte ei viktig rolle i krigføringa i den svensknorske skjergarden. Nemninga stykkpram blei brukt om fleire ulike fartøy som i hovudsak var berekna på å operera innanskjers. Det viktigaste fellestrekket var at dei var forholdsvis flatbotna, med lite markert kjøl, noko som gjorde at dei kunne bli brukte på temmeleg grunt vatn. Dessutan var dei vanlegvis kraftig bygde, med tjukke plankar, for å kunna bli utstyrte med ekstra tungt skyts. Dei viktigaste stykkprammane som blei brukte i operasjonane i 1716–1718, var rigga som fregattar med noko redusert seglføring, og dei kunne segla på ope hav. Kanonane blei då senka ned i botnen for å fungera som ballast, men med dei flate botnane sine var det likevel avgrensa kor sjødyktige stykkprammane kunne vera.

Tordenskjolds tid var prega av linjetaktikk, den såkalla kjølvassordenen. Tida frå 1650 til 1860 er ein linjeskipsepoke, men mykje av krigføringa til sjøs her i Norden blei utført med mindre skipstypar: fregattar, stykkprammar og galeiar. På 1600-talet gjekk skipskanonane gjennom ei utvikling mot auka eldkraft og raskare ladetid. Rekkjevidda var framleis beskjeden – Tordenskjolds tyngste skyts (24-pundarar) – hadde ei rekkjevidd på 2000 meter og var lite treffsikre. Svenskane hadde skyts på opptil 36 pund under slaget ved Dynekilen. Det var likevel av mindre betydning, for langt dei fleste bataljar blei utkjempa på relativt nært hald, berre nokre hundre meter. Om det var så som så med presisjonen, var eldkrafta formidabel. Det blei også utvikla fleire typar kanonkuler og granatar, og nokre var eigna til å riva ned dekket til motstandaren, og andre, som var fylte med jernskrap, var eigna til å rydda dekka til fienden.

Slaget

2. juli 1716 segla Tordenskjolds eskadrar frå København. Om kvelden 7. juli ankra eskadren opp nær nokre små holmar og skjer kalla Grisbåderna, nokre timars segling sørvest for Dynekilen. Vinden bles frå vest – ideelt for eit angrep mot den svenske transportflåten i Dynekilen. Tordenskjold bestemte seg for å nytta moglegheita med det same. Det var ei dristig avgjerd, for sjølv om vindretninga var gunstig under innseglinga, ville det bli svært vanskeleg å koma seg ut av fjorden igjen etter angrepet, spesielt dersom det var plassert svenske troppar klippene på begge sider. Sannsynlegvis rakk han ikkje å innhenta løyve frå viseadmiral Gabel, men han visste at Gabel ønskte å angripa svenskane i Dynekilen.

Allereie klokka halv to om natta til 8. juli letta Tordenskjolds skip ankar og sette kursen mot Dynekilen. Utanfor innløpet til den tronge fjorden trefte dei på nokre små svenske galeiar, og dei første kanonskota buldra gjennom den lyse sommarnatta. Dei svenske galeiane flykta innover Dynekilen. Tordenskjold følgde etter med ein av galeiane sine og ein mindre seglbåt. Om bord på seglbåten segla Tordenskjold heilt inn mot botnen av fjorden. Der gjekk han i land og klatra opp på ei klippe for å få oversyn over posisjonane til fienden medan dagen grydde.

Inst i Dynekilen vida fjorden seg ut til eit breitt hamnebasseng, og her låg svenske fartøy tett i tett. Tordenskjold kunne sjå 13 krigsfartøy og åtte transportskip. Det største krigsfartøyet var stykkprammen «Stenbocken», som hadde 24 kanonar, og ti var kraftige 18-pundarar. I tillegg hadde den svenske galeien «Wreden» to svære 36-pundarar, medan galeien «Ulysses» hadde éin. Dessutan var seks 12-pundarar plasserte i eit batteri på ein liten holme. Kanonar i landbatteri blei rekna som mykje farlegare enn tilsvarande kanonar på eit skip, ettersom det var mykje lettare å handtera kanonar på fast grunn enn på eit ustabilt skipsdekk. Fleirtalet av dei totalt 111 svenske kanonane var av lettare kaliber – 6-pundarar og mindre. Tordenskjolds eskadrar hadde totalt 139 kanonar. Han hadde ingen 36-pundarar, men til gjengjeld så mykje som 16 24-pundarar om bord på «Hielperen» og 26 18-pundarar fordelte på «Hielperen» og «Arca Noæ». Den dansk-norske eskadren hadde dimed klart større eldkraft enn svenskane.

Medan Tordenskjold rekognoserte, hadde mannskapa på stykkprammane hans arbeidd med å få kanonane opp frå ballastrommet og i stilling på dekk. Då Tordenskjold vende tilbake, gjekk han om bord på «Hielperen», som var det desidert sterkaste skipet hans. Med stykkprammane «Hielperen» og «Arca Noæ» i spissen segla så eskadren det siste stykket inn mot ankringsplassen til svenskane.

Rundt klokka åtte om morgonen var Tordenskjold innanfor rekkjevidd av kanonane til svenskane, som straks opna eld. Dei byrja alle «heftig at Canonere», skreiv Tordenskjold i rapporten sin. Dei dansk-norske skipa var enno ikkje i posisjon og svarte ikkje på eldgivinga til svenskane medan dei sakte manøvrerte seg nærare. Tordenskjolds stykkprammar la seg nær sørsida av det tronge hamnebassenget, vis-à-vis batteriet på holmen, som saman med «Stenbocken» var dei farlegaste motstandarane. Først ein halv time etter at svenskane opna eld, byrja «Hielperen» og «Arca Noæ» å fyra laus på fienden. Ifølgje Tordenskjold var avstanden mellom dei kjempande skipa godt innanfor rekkjevidda til eit 6-punds kanon. Medan stykkprammane skaut, la fregatten «Hvide Ørn» seg i posisjon på nordsida av hamnebassenget, der han var godt plassert for å ta opp kampen med «Stenbocken».

Utover formiddagen var Dynekilen fylt av kanonbrak, musketteld, flammar og krutrøyk. Soldatar frå eit saksisk regiment i svensk teneste tok stilling på høgdene rundt fjorden og skaut ned på dei dansk-norske skipa, men sjølv om fleire av Tordenskjolds menn blei trefte, var muskettelden meir til sjenanse enn eit verkeleg trugsmål. Det var kanonane som dominerte. Dei tunge kanonkulene small inn i skipssidene eller splintra master og rær så fliser og trestykke fauk, medan bomskot kasta opp små geysirar rundt skipa. På begge sider blei fleire og fleire drepne eller skadde.

Etter kvart byrja den større eldkrafta på dei dansk-norske skipa å gjera utslag. Tordenskjold bestemte seg for å utnytta overtaket til å pressa fram ei avgjerd. Mellom klokka ti og elleve om formiddagen gav han ordre til skipssjefane sine om å gjera sitt beste for å «Avancere heel ind paa fienden for des bedre at kunde Ruinere hans Batteri paa Klipperne saa vel som [de svenske] Galeierne». To av dei dansk-norske galeiane taua «Hielperen» innover mot det svenske landbatteriet. Brått oppstod det ekstra dramatikk då både «Hielperen» og ein av galeiane som taua han, gjekk på grunn. Det var fare for at svenskane kunne utnytta situasjonen til å borda «Hielperen» eller galeien, men dei andre dansk-norske skipa heldt svenskane på avstand ved å fyra laus med skråsekker – ein slags kardeskladning – som fungerte som svære haglskot og var ekstra effektive på kort hald mot personell. No var fleire av Tordenskjolds skip også nære nok til å skyta mot landbatteriet med skråsekker for å jaga bort kanonmannskapet. Like etter gjekk dansknorske soldatar og matrosar i land og tok batteriet. Svenskane flykta over til fastlandet.

Kampen var i praksis avgjord. Sjefen for den svenske eskadren, admiral Olof Strömstierna, var alvorleg såra og måtte bergast i land. Den svenske stykkprammen «Stenbocken» strauk flagg, og snart byrja fleire av dei andre svenske skipa å overgi seg. Mannskapa redda seg ved å springa på land. Den sterkaste av galeiane til svenskane, «Wreden», blei sett i brann og sokk. Det same gjorde to andre galeiar og galioten «Skilpadden».

Målet for Tordenskjold var no å erobra så mange av dei svenske fartøya som mogleg. Det utvikla seg til eit hektisk kappløp mellom svenskane som prøvde å setja fyr på skipa for å hindra at dei fall i hendene til fienden, og dansk-norske sjøfolk som prøvde å sikra seg skipa intakte. I ettertid blei det fortalt dramatiske historier om lunter til kruttønner som blei sløkte i siste liten av Tordenskjolds menn. Sjølv om kjeldene til dels er tvilsame, er det sannsynleg at historiene hadde rot i røynda.

Trass heftig musketteld frå land lykkast dei dansk-norske sjøfolka i å borda dei fleste av dei svenske fartøya og buksera dei ut fjorden i løpet av ettermiddagen, kvelden og natta. Om morgonen 9. juli var dei endeleg trygt ute i ope farvatn. Tordenskjold kunne gle seg over ein lysande triumf. Den svenske flåten i Dynekilen var fullstendig utsletta. Stykkprammen «Stenbocken», fem galeiar, fem transportskip fulle av krigsmateriell og dessutan tre mindre fartøy var erobra. I tillegg var tre galeiar, ein galiot og tre transportskip søkkte eller brende, for det meste av svenskane sjølve. Sett opp mot den langvarige og heftige kanonelden og muskettskytinga var Tordenskjolds tap forholdsvis beskjedne: 19 falne og 57 såra. Tapa på svensk side er ukjende, men var truleg noko større, sjølv om mesteparten av mannskapa redda seg i land.

Sigeren i Dynekilen kan reknast som den siste spikaren i kista for Karl 12.s invasjon av Noreg i 1716, for dagen etter gav den svenske krigarkongen ordre om retrett og trekte troppane sine tilbake over Svinesund.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg