Faktaboks

Administrasjonssenter
Trøim/Hemsedal
Fylke
Buskerud
Innbyggjartal
2 611 (2022)
Landareal
712 km²
Høgaste fjell
Høgeloft (1920 moh.) på grensa til Lærdal
Innbyggjarnamn
hemsedøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3326 (frå 2024, tidl. 3042 og 0618)

Kommunevåpen

Kart: Hemsedal kommune i Buskerud
Hemsedal kommune i Buskerud fylke.
Kart: Hemsedal kommune i Buskerud
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Lykkja kapell.
Lykkja kapell.
Mot Hydnefossen.
Mot Hydnefossen.
Hemsedal

Hemsedal. Hauststemning ved Storevatnet, Bubakken ved Lykkja. I bakgrunnen Skogshorn, 1728 meter over havet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Hemsedal er ein kommune i Buskerud fylke, som omfattar størstedelen av den eigentlege Hemsedal, sidedalen til Hallingdal nordvest for Gol, og fjella omkring. Hemsedal er ei utprega fjellbygd med 80 prosent av arealet over 900 meter over havet og lågaste punkt (Hemsil sitt nivå på grensa til Gol) på cirka 550 meter over havet.

Hemsedal vart oppretta som kommune i 1897 ved deling av dåverande Gol og Hemsedal kommunar etter soknegrensa i høvesvis Gol og Hemsedal kommunar. Sidan då har Hemsedal sine grenser vore uendra. Kommunen grensar i nordvest til Lærdal kommune i Vestland fylke, i nordaust til Vang, Vestre Slidre og Nord-Aurdal kommunar i Innlandet fylke, i søraust til Gol og i sørvest til Ål.

Natur

Mot Skogshorn.
Mot Skogshorn.
Hemsedal
Hemsedal

Landskapet er sterkt prega av dei kaledonske skyvedekka. Desse er harde og motstandsdyktige og utgjer berggrunnen i fjellet over cirka 1000–1100 meter over havet. Høgast når HøgeloftJukleegga (1920 meter over havet) på grensa til Lærdal. Vest for hovuddalføret når Raudbergnuten på Raudebergskarvet 1819 meter over havet.

Under skyvedekka ligg eldre bergartar, dels sparagmitt, dels omdanna kambrosiluriske skifrar (fyllitt og glimmerskifer). Desse er mindre motstandsdyktige mot erosjon. Sidan dei harde skyvedekka er skyvd slik at dei har vorte liggjande over dei lausare avsetningane, dannar dei fleire stader høge, bratte skrentar. Mest markert er dette i aust- og sørveggen av Skogshorn. Skoghorn (1728 meter over havet) ragar 700–800 meter over vidda i aust og sør. I dalbotnen i hovuddalføret er det sparagmitt i Tuv-området, fyllitt i området rundt Hemsedal tettstad (Trøim) og grunnfjell nedanfor Torset.

Hovuddalføret deler seg ved Tuv i Mørkedalen med Mørkedøla i vest og Grøndalen med Grøndøla i aust. Mørkedalen leiar opp til fjellovergangen på riksveg 52 mot Lærdal ved Eldrevatnet (1137 meter over havet).

Klima

Kaldaste månad er januar med normal på –7,3 °C, og varmaste månad er august med normal på 13,4 °C. Målingane er gjorde ved Hemsedal II målestasjon.

Busetjing

Busetjinga er i stor grad konsentrert til hovuddalføret ved tettstaden og administrasjonssenteret Hemsedal tettstad (Trøim) og den andre tettstaden i kommunen, Svøo, nokre kilometer nedanfor administrasjonssenteret. I alt budde 57 prosent av befolkninga til kommunen i tettstader i 2019.

Det er fast busetjing i Mørkedalen til noko ovanfor Tuv, og dessutan på Bjøberg ved riksveg 52 vel 1000 meter over havet. I Grøndalen når den faste busetjinga rundt ti kilometer ovanfor Tuv. Heilt i aust ligg grenda Lykkja 830–900 meter over havet i lia over Tisleifjorden og Storevatnet, sjøar som har utløp ved Tisleia til Valdres.

Sterk utbygging av reiselivet har gitt Hemsedal ein til dels sterk befolkningsvekst sidan 1970-åra. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet med gjennomsnittleg 1,8 prosent årleg mot 0,2 prosent i dei seks hallingdalskommunene samla.

Kart over Hemsedal kommune
Kart over Hemsedal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel/overnattings- og serveringsverksemd, målt etter sysselsetjing, den viktigaste næringa i Hemsedal, med 22 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Dette er i første rekkje eit resultat av veksten i turisttrafikken i kommunen. Det vert særleg satsa på vinterturisme, men i dei seinere åra har også sommarturismen auka kraftig. Det første alpinanlegget i kommunen ble åpnet i 1961, Hemsedal skisenter. Dette er sterkt utbygd sidan 1970-åra og det er også åpnet et større alpinanlegg i Grøndalen. Det er ei rekkje hotell, pensjonat, campingplassar, hyttegrender med meir i kommunen.

Samla har industri og byggje- og anleggsverksemd 17 prosent av arbeidsplassane, og industrien åleine tre prosent (2019). Industrisysselsetjinga er fordelt på dei tre bransjane næringsmiddelindustri (mange lokalmatprodusentar), trevare-/møbelindustri og gummi-, plast- og mineralsk industri, med høvesvis 54, 31 og 14 prosent av dei sysselsette i industrien (2019).

Jordbruket omfattar seks prosent av arbeidsplassane i Hemsedal (2019). Som fjellbygd er jordbruket dominert av husdyrhald, med hovudvekt på storfehald. Det blir òg halde ein del sau som nyttiggjer seg av dei rike fjellbeita. Bruka er gjennomgåande store og relativt lettdrivne.

Hemsedal er ein relativt liten kraftkommune med i alt fire kraftverk med ein samla maskininstallasjon på 82 MW og ein årleg middelproduksjon på 285 gigawattimar (GWh) per 2019. Høgast årleg middelproduksjon har Hemsil I (i drift frå 1960) med 241 GWh og med ei fallhøgd på 540 meter.

Samferdsel

Riksveg 52 (Gol–Lærdal) går gjennom Hemsedal. Den følgjer Mørkedalen opp til fjellovergangen på grensa til Vestland fylke. Private vegar fører over fjellet til Vestre Slidre i aust og Ål/Hol i vest. Dei fleste ekspressbussane mellom Oslo og Sogn/Sunnfjord følgjer riksveg 52 mellom Gol og Lærdal.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hemsedal høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Buskerud tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Hemsedal kommune svarer til soknet Hemsedal i Hallingdal prosti (Tunsberg bispedømme) i Den norske kyrkja.

Kommunen er med i regionrådet Hallingdal regionråd saman med Flå, Gol, Hol, Nesbyen og Ål.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Hemsedal til Ringerike og Hallingdal fogderi i Buskerud amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hemsedal

For statistiske formål er Hemsedal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman åtte grunnkrinsar: Trøim, Tuv, Lio, Grøndalen, Thorset, Ulsåk, Aalrust og Lykkja.

Historikk og kultur

Hemsedal kyrkje, som er ein langkyrkje i tre bygd i 1882, ligg i Hemsedal tettstad. Ved Tisleifjorden aust for hovuddalføret, rundt 890 meter over havet, ligg Lykkja kapell, bygd i 1961–1962.

I 1956 kjøpte kommunen garden Øvre Løkji, som er teken vare på som museum under namnet Hemsedal bygdatun.

Hallingdølen er lokalavis for heile Hallingdal og kom med det første nummeret i 1936. Avisa har hovudkontor på Ål, kjem ut tre dagar i veka og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1992) har eit gaupehovud i gull mot ein raud bakgrunn. Dette viser til gaupa sin førekomst i kommunen.

Namnet er kjent som Hæmsodall frå 1365. Det kjem truleg av Hemsa, som er eit eldre namn på elva Hemsil.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dokk, Olav O. og Kjell Snerte: Frå skysstasjon til alpinsenter : Hemsedal som turistbygd, 2003 (Hemsedal gjennom tidene)
  • Fauske, Ola med flere: Bygda kring Heimsila : liv og virke i Hemsedal før og no, 1996
  • Flaten, Hans: Hemsedal 1814–1914, 1914
  • Flaten, Hans: Hemsedals slektshistorie 1693–1975, ny utgave 1976
  • Hemsedal kommune 100 år, utgitt av Hemsedal kommune, 1997
  • Skolt, Knut og Margit Halbjørhus Wøllo: Hemsedalsmålet, 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg