Frå å vere ein opphavleg jord- og skogbrukskommune har Nord-Aurdal utvikla seg til ein viktig tenesteytande kommune både for turistar og befolkninga i Valdres. Offentleg, sosial og privat tenesteyting, varehandel og hotellverksemd er viktigast for sysselsetjinga i kommunen. Det er stor turisttrafikk, med naturen som viktigaste trekkplaster. Mange turistanlegg finst på Fagernes og fleire stader i fjellet på begge sider av hovuddalen. Nord-Aurdal er ein av Innlandets største hyttekommunar, med 4800 hytter og fritidsbustader (2022). Primærnæringane betyr framleis ein del, og hovudvekta ligg på husdyrhald. Industrien er variert, og særleg viktig er næringsmiddelindustrien og grafisk industri. Leira har noko handel og grossistverksemd.
Nord-Aurdal er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 570 gigawattimer (GWh) per 2016. Det er seks kraftverk i kommunen, med høgaste fallhøgd på 442 meter. Kraftverket med høgast snittproduksjon er Åbjøra kraftverk (i drift frå 1951).
Avisa Valdres kjem ut fire gonger i veka på Fagernes.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.