Hemsedal

Hemsedal er ein kommune i Viken fylke, som omfattar størstedelen av den eigentlege Hemsedal, sidedalen til Hallingdal nordvest for Gol, og fjella omkring. Hemsedal er ei utprega fjellbygd med 80 prosent av arealet over 900 meter over havet og lågaste punkt (Hemsil sitt nivå på grensa til Gol) på cirka 550 meter over havet. Hemsedal vart oppretta som kommune i 1897 ved deling av dåverande Gol og Hemsedal kommunar etter soknegrensa i høvesvis Gol og Hemsedal kommunar. Hele artikkelen