Reisavassdraget i Troms
Sjøaurefiske i nedre delar av Reisavassdraget
Reisavassdraget i Troms
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Varig verna vassdrag i Noreg
Utstrekninga av dei nærare 400 vassdraga/vassdragsområda som er varig verna, som til saman dekkjer cirka 25 prosent av det norske landarealet. For fleire av vassdraga er berre delar av nedbørsfeltet omfatta av ein av verneplanane.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Verneplan for vassdrag er ein serie med verneplanar som har bidrege til å verna eit representativt utval av vassdrag særleg mot større kraftutbygging. Dette er ei av dei høgast prioriterte sakene i natur- og miljøvernarbeidet i Noreg.

Faktaboks

Også kjend som

varig verna vassdrag, vassdragsvernet

Føremålet med vassdragsvernet er å sikra heilskaplege nedbørsfelt med sin dynamikk og variasjon frå fjell til fjord. Vernet gjeld først og fremst mot vasskraftutbygging, men verneverdiane skal også takast omsyn til ved andre inngrep.

Det er vedteke fire verneplanar (1973, 1980, 1986 og 1993 med suppleringar i 2005 og 2009). I alt er cirka 389 vassdragsobjekt omfatta, noko som dekkjer cirka 25 prosent av landarealet i Noreg.

Historikk og innhald

Allereie i 1920-åra arbeidde Landsforeningen for naturfredning i Norge, i dag Norges Naturvernforbund, og Den Norske Turistforening med å få verna vassdrag mot kraftutbygging. Det offentlege vernearbeidet tok likevel ikkje til før i 1960. Fleire av dei mest kontroversielle enkeltsakene har ikkje blitt vurderte i verneplanane. Dette gjeld mellom anna Aurlandsdalen, Mardøla, Alta–Kautokeino, Breheimen, Hardangervidda (Veig og Dagali), OrklaGrana og Saltfjellet. Ein viktig milepæl i vassdragsvernet var fredinga av vassdraga Veig og Dagali og skipinga av Hardangervidda nasjonalpark i 1981 trass i konkrete utbyggingsplanar i området.

Heilt fram til 1980-åra blei kvar enkelt konsesjonssak fremja for seg, noko som nesten alltid førte til at verneinteressene leid nederlag. Eit hovudargument for natur- og miljøverninteressene var difor at vassdragsutbygginga skulle gå føre seg etter ein landsplan, der det blei gjennomført nasjonale prioriteringar av kva vassdrag som skal byggjast ut, og kva for nokre av dei som skal vernast. Dette arbeidet kom for alvor i gang etter 1981, og den første Samlet plan for vassdrag blei behandla av Stortinget 1984.

Verneplanane har enkelte veikskapar (svakheiter). For det første er vassdraga berre verna ved vedtak i Stortinget, det vil seia at dei ikkje er verna etter naturvernlova eller naturmangfaldlova. Dette gir eit svakare vern enn det til dømes naturreservata og nasjonalparkane har.

For det andre har vassdraga primært blitt verna mot større kraftutbyggingar. Andre inngrep, inkludert mindre vasskraftanlegg, vassuttak, flaumvern og vegbygging, kan gjennomførast utan at vernereglane i praksis har hindra dette nemneverdig. Dette er sjølv om dei rikspolitiske retningslinjene eksplisitt framhevar andre inngrep enn vasskraft som døme på inngrep som kan skada verneverdiar i vassdrag.

For det tredje har ikkje verneplanarbeidet vore tilstrekkeleg til å sikra vern av dei mest verneverdige vassdraga.

Verneplan I

Verneplan I blei vedteken av Stortinget i 1973. På bakgrunn av utgreiingane frå to komitear (Gabrielsen-komiteen 1960–1963 og Sperstad-utvalet 1969–1970) vedtok Stortinget då ein verneplan som varig verna 95 vassdrag (tilsvarande 6,9 TWh kraft), medan 51 andre vassdrag blei verna i ti år. Dei fleste av dei verna vassdraga var likevel lite kontroversielle i konflikten mellom kraftutbygging og naturvern. Dei viktigaste unntaka var Sjoa med Gjende (sjå Jotunheimen nasjonalpark), Trysilvassdraget med Femund og Kinso/OpsjåHardangervidda. I alt 35 vassdrag blei tekne ut av verneplanen og sende til konsesjonsbehandling.

Verneplan II

Verneplan II inneheldt mellom anna dei 35 vassdraga som blei utsette i verneplan I. Stortinget behandla verneplanen i 1980. Her blei i alt 51 vassdrag varig verna, men dei utgjorde til saman berre éin TWh kraftpotensial. 11 nye vassdrag blei mellombels verna (til 1985).

Verneplan III

Etter eit omfattande utgreiingsarbeid av Sperstad-utvalet blei Verneplan III lagd fram i 1983. Alle dei aktuelle vassdraga, inkludert dei mellombels verna, blei kartlagde og vurderte ut frå verneverdi. Dei blei inndelte i fire verneklassar.

Sju vassdrag fekk høgaste verneklasse: Atna, Lyngdalsvassdraget, Vosso, Gaula, Stjørdalsvassdraget, Reisa og Lakselv. Av desse blei Gaula ikkje føreslått verna, men vassdraget blei likevel teke med då Stortinget vedtok verneplanen. I forkant av verneplan III blei også Veig og Dagali på Hardangervidda varig verna. Totalt blei 43 vassdrag (tilsvarande 9,2 TWh) verna.

Verneplan IV

Verneplan IV blei lagd fram i 1991 og behandla av Stortinget i 1993. Planen omfatta 207 vassdrag, og av desse blei 129 verna. Dei viktigaste vedtaka innebar vern av Rauma/Ulvåa, Gaula, Strynevassdraget og Lomsdalsvassdraget. Tovdalsvassdraget, Øvre Otta og Vefsna blei derimot ståande utan tilfredsstillande vern.

Ei supplering av verneplanane for vassdrag blei vedteken av Stortinget i 2005. Regjeringa la då fram forslag om vern av 48 vassdrag. Fem av desse blei føreslått ikkje verna i sin heilskap. I tillegg blei to vassdrag føreslått verna etter naturvernlova gjennom ei justering av grensene for Saltfjellet nasjonalpark. To vassdrag blei også verna etter å ha blitt tekne ut i samband med konsesjonsbehandlinga av Sauda-utbygginga. Vefsna blei ikkje teken med i suppleringa av verneplanen, men det blei varsla at regjeringa vil koma tilbake til vern av dette vassdraget i eiga sak. Også fleire andre vassdrag blei føreslått verna under stortingsbehandlinga, men fall ut. Forslaget frå regjeringa innebar vern av vassdrag med eit utbyggingspotensial på cirka 7,3 TWh.

Nær 400 vassdragsobjekt

Etter suppleringa i 2005 var cirka 389 vassdrag varig verna. Det samla kraftpotensialet for desse var berekna til cirka 42 TWh, eller rundt 23 prosent av det samla energipotensialet for vasskraft i Noreg. I den hittil siste vernerunden i 2009 blei Tovdalsvassdraget nedanfor Herefossfjorden (Agder), Vefsna (Nordland) (med unntak av Gluggvasselva, Fiskelauselva og Elsvasselva) og Langvella (Oppdal kommune, Trøndelag) tekne inn i verneplanen for vassdrag. For Vefsna blei det også vedteke at det i eit regionalt planprosjekt innanfor samla vassforvaltning skal kunna opnast for små vasskraftverk utan nærare avgrensingar i storleik på installert effekt, under føresetnad av at desse ikkje kjem i strid med verneverdiane.

I tidsrommet mellom 1973 og 2009 har Stortinget vedteke vern av i alt 388 vassdrag og vassdragsområde, som då dekkjer meir enn 25 prosent av nedbørsfelta i Noreg. Ved inngangen til 2012 var omlag 60 prosent av Noregs totale vasskraftpotensial utbygd. Av dei cirka 140 største vassdraga i landet, er 2/3 allereie påverka av kraftutbygging. Berre fire av dei 25 største sjøane er uregulerte, og 1/3 av det totale innsjøarealet er påverka av vasskraftutbygging. Av Noregs 20 høgaste fossar, er 15 regulerte.

Trugsmål mot verna vassdrag

Verna vassdrag har i all hovudsak blitt verna mot større vasskraftutbygging, men i fleire tilfelle blir dei likevel utsette for andre typar inngrep, som vegbygging, anlegg av kraftlinjer, masseuttak og drenering (hydromorfologiske endringar). Slike inngrep kan openbert føra til svekt miljøkvalitet, verka negativt på dyre- og planteliv og redusera opplevingsverdien for vassdraga som blir ramma. Enkelte vil hevda at mange av desse inngrepa samla strir mot Stortingets intensjonar med å sikra verdiane i verneplanane, og såleis at inngrepa strir mot dei rikspolitiske retningslinjene som er vedtekne. Døme på dette er behovet for tiltak og økologisk restaurering i det nasjonale laksevassdraget Gaula, som inngår i verneplan III. Med utgangspunkt i kartlegging av vassdraget skal det no blir ein plan laga for å reversera inngrep ved å opna vandringsvegar for fisk (kulvertar og annan infrastruktur som har medført habitatfragmentering), attskapa meir naturlege bekkeløp (bekkelukkingar) og få kontroll på forureiningskjelder.

Tidlegare var det ei ganske utbreidd oppfatning at miljøkonsekvensane av små vasskraftverk ikkje var vesentlege. Denne haldninga har endra seg. Sjølv om dei negative verknadene av kvart mikro-, mini- eller småkraftverk enkeltvis ikkje nødvendigvis er dramatiske, utgjer den samla utbyggingsmengda likevel eit heilt reelt trugsmål mot mange av miljøkvalitetane i verna vassdrag, då slike anlegg ofte påverkar dei same naturtypane (bekkekløfter og fossesprøytsamfunn). Utbygging av små vasskraftverk har auka sterkt etter tusenårsskiftet. Sidan år 2000 har det blitt gitt over 400 konsesjonar, både i og utanfor verna vassdrag.

Tidleg i 2012 låg over 600 konsesjonssøknader (> 1 MW) til behandling hos Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dette talet auka markant framover mot tidsfristen for utbyggingar som skulle kvalifisera for såkalla elsertifikat. Når ein skal vurdera miljøkonsekvensar, er det også viktig å ha i mente at små vasskraftverk slett ikkje alltid er «små» når kraftmengda blir jamført med miljøverknadene. NVE deler små kraftverk i følgjande kategoriar:

Mikrokraftverk Under 100 kW (0,1 MW)
Minikraftverk 100–1000 kW (0,1–1,0 MW)
Småkraftverk 1000–10 000 kW (1–10 MW)

Verdiar i verna vassdrag

Norsk vassdragsnatur er mangfaldig og unik i europeisk samanheng. Dei ulike vassdragsobjekta som blir omfatta av verneplanane, har hatt ulike verdiar og særpreg. Det spenner frå urørte referansevassdrag til meir påverka vassdrag som likevel har verdifulle, særeigne vassdragsverdiar.

Dei rikspolitiske retningslinjene for verna vassdrag gjeld eit vassdragsbelte som omfattar vasstrengen (hovudelvar, sidebekker, sjøar og dammar/tjørner) og eit område på inntil 100 meters breidd ut frå vasstrengen. Retningslinjene gjeld også andre delar av nedbørsfeltet der det er dokumenterte verneverdiar. Fleire av dei vassdragstilknytte naturtypane eller artane i vassdragsbeltet er allereie utryddingstruga, og inngår difor i ei av raudlistene til Artsdatabanken.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Verneplan I (1973): Rapport fra kontaktutvalget; Kraftutbygging-naturvern (1971) & St.prp. 4 (1972–73)
  • Verneplan II (1980): NOU 1976: 15 & St.prp. 77 (1979–80)
  • Verneplan III (1986): NOU 1983: 41–45 & St.prp. 89 (1984–85)
  • Verneplan IV (1993): NOU 1991: 12A/12B & St.prp. 118 (1991–92)
  • Verdier i verna vassdrag. Rapportserie frå Direktoratet for naturforvaltning

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg