Dagali museum.
Dagali museum.

Dagali er ei fjellbygd i Hol kommune, i Buskerud fylke som ligg omkring øvre del av Numedalslågen. Dagali ligg mellom fylkesgrensa mot Vestland fylke på Hardangervidda i vest og Pålsbufjorden i aust; 151 innbyggjarar i 2014. Den faste busetjinga finn ein frå snautt 800 til vel 900 moh. Storparten av busetnaden ligg i den sørvende dalskråningen på nordsida av Numedalslågen. Der ligg òg Dagali kyrkje (821 moh.) frå 1850.

Dagali er ein av dei høgastliggjande bygdene med permanent landbruksdrift i Noreg. Elles blir det produsert hytter og einebustader, og det er stor ferietrafikk. Dagali har kortbaneflyplass (Geilo lufthamn), gokartbane og bygdetun. Fylkesveg 40 Numedal–Geilo går over Dagali. Fjellpartiet mellom Dagali og Uvdal blir kalla Dagalifjell.

Dagali utgjer saman med Skurdalen eit kyrkjesokn (Dagali og Skurdalen) som i 2014 hadde 351 innbyggjarar. Dagali høyrde før 1944 til Uvdal kommune i Numedal.

Namnet er ikkje sikkert forklart, men betyr kanskje 'lia som vender mot dagen', det vil seie mot sola når ho står høgast.

Kart

Dagali
Dagali
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg