Faktaboks

Gjende
Etymologi
samanheng med norrønt gandr, ‘stav, kjepp’ på grunn av den smale, rette forma på sjøen
Gjende

Gjende med DNT-hytta Gjendesheim i forgrunnen. Rett overfor Gjendesheim står bua hans Jo Gjende.

Av /KF-arkiv ※.
Gjende
Utsyn vestover Gjende frå Besseggen, med Bessvatnet og Besshø på nordsida, Knutsholstindane på sørsida.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Gjende er ein brepåverka innsjø i Jotunheimen, i Vågå kommune. Sjøen har ei lang og smal bassengform og ein karakteristisk blågrøn farge på grunn av breslammet.

Gjende har aure som einaste fiskeart, og er elles naturleg artsfattig, noko som er typisk for slike fjellsjøar. Sjøen måler 15,6 kvadratkilometer, ligg 984 meter over havet, og største djup er 149 meter. Lengda frå aust til vest er 18 kilometer. Grensa til Lom følger nordbreidda mellom Gjendebu og Memurubu. Gjende har avløp i austenden til Sjoa. Tilløpselver er frå nord Muru, frå vest Storåe og frå sør Leirungsåe. Gjende ligg, med unntak av Gjendeosen, i Jotunheimen nasjonalpark. Gjende og Sjoavassdraget vart varig verna mot kraftutbygging i 1973.

Omgjevnader

På begge sider er det bratte, høge fjell, med Store Knutsholstinden (2341 meter over havet) på sørsida som det høgaste. På nordsida går den skarpe Besseggen mellom Gjende og Bessvatnet. Ved vestenden ligg turisthytta Gjendebu, og ved austenden Gjendesheim, begge er eigde av Den Norske Turistforening. På nordsida, ved midten av sjøen, ligg turisthytta Memurubu. Desse hyttene har om sommaren anløp av båtane «Gjendine», oppkalla etter Gjendine Slålien, og «Kåre Johan», oppkalla etter skipper Kåre Johan Øvstedal (1944–2016). På andre sida av osen ved Gjendesheim står bua til Jo Gjende.

Kart

Gjende
Gjende
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg