Naturforvaltning

Naturforvaltning er eit saksfelt og eit fagområde som omfattar berekraftig bruk av natur og naturmangfald, friluftsliv, natur- og miljøvern saman med målretta miljøtiltak. Døme på slike miljøtiltak kan vera vern og forvaltning av artar og naturområde, kamp mot svartelisteartar, oppretting og drift av avlsstasjonar for trua artar, kalking av vassdrag mot sur nedbør eller avbøtande tiltak ved arealinngrep.Fagområdet naturforvaltning spenner over eit breitt saksfelt, og sameiner fleire naturfaglege disiplinar som biologi, økologi, fornybare ressursar og restaurering med samfunnsvitskaplege som geografi, jus, ressursøkonomi og arealplanlegging. Hele artikkelen