Veig er eit vassdrag vest på Hardangervidda i Eidfjord og Ullensvang kommunar, Vestland fylke. Kjeldeelva, Grøno, kjem frå vatn aust for Grøndalshæ (1498 meter over havet) nordvest for Litlos turisthytte (sjå Grøndalen). Veig renn nordover, det siste stykket gjennom Hjølmadalen, før ho fell ut i Eidfjordvatnet.

Ved Vierslamyrene vest for Nordmannslågen er ein liten del av Veigs nedslagsfelt overført til Nordmannslågen. I Hjølmodalen dannar Veig ein av dei vakraste fossane i landet, Valurfossen, med eit samla fall på 272 meter.

Veig har både store verneverdiar og eit stort kraftpotensiale, og allereie i 1920-åra vart det lagt fram planar for utbygging. Etter hard politisk strid vart Veig 1978 varig verna mot kraftutbygging i samband med etableringa av Hardangervidda nasjonalpark.

Kart

Veig
Veig
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg