vestnorsk - nordvestlandsk e-mål

Det nordvestlandske e-målet er ei undergruppe under dei vestnorske dialektene, sjå artikkelen vestnorsk.

Geografisk område

Det dialektområdet som her er kalla for nordvestlandsk e-mål, femner om eit område frå Ytre-Sogn og nordover til og med Romsdal, sjå kart.

Infinitiv av verb og linne hokjønnsord i ubestemt form eintal

Dialektinndeling i Noreg. Nordvestlandsk e-mål femner om Ytre Sogn, Fjordane og Møre og Romsdal.

Nordvestlandsk (e-mål) har dei same viktige kjennemerka som ein finn i det sørlege e - målet: Infinitiv endar på ‑e (å vere, å kaste), det same gjer svake hokjønnsord i ubestemt form eintal (ei vise, ei veke).

Vokalar

I vokalismen skil området seg lite frå dei vestlandske måla lenger sør. På Sunnmøre finn me likevel eit meir gamaldags vokalsystem, med opne vokalar som eigne fonem, med forskjell på til dømes lùt (vaskelut) og lút (ein del).

Storparten av området har til vanleg lang vokal i norrøne kortstava ord, jamfør å fare, å vere, ei vike, ein hane. Romsdal har dels lang vokal, dels lang konsonant i ord av denne typen.

Diftongane ei, øy, au held seg i området, men i mest heile Romsdal finn ein monofton­gering (vokalforenkling) av ei og øy, men ikkje av au. Dei gamle diftongane ei og øy har her blitt til æ og ø der dei står framfor konsonant: sæn, kjøre, ræste (sein, køyra, reiste).

Diftongering av norrøne lange vokalar (framvekst av nye diftongar) er det heller mykje av på Søre Sunnmøre: stour adjektiv (stor), leite adjektiv (lite), neyle adverb (nyleg). Diftong­ering av norrøn lang -a (á) finst i Ytre Sogn: blaose (blåsa), ein baout og så bortetter.

Ein del av Romsdal, og i tillegg Indre Nordfjord, har delabiali­sering (itakisme), som betyr at øy blir æi og y blir til i, døme: å kjæire (køyra) og å rigge (rygge). I Indre Nordfjord er det berre øy som endrar kvalitet, slik at orda høy, øy og trøye blir til hei, ei og treie.

Innskotsvokalen (svarabhakti) står i adjektiv og i presens av sterke verb i heile området, med unntak av Romsdal og delar av Nørdre Sunnmøre, døme: fin’e, stor’e og kjæm’e, søv’e og så bortetter. I Sunnfjord og Ytre Nordfjord har ein i tillegg slik vokal i sterke hankjønnsord: ein hest’e, ein stòkk’e (stokk), ein bil'e.

Konsonantar

Heile det norvestlanske målområdet har palatalisering av lange dentalar/alveolarar. av Martin Skjekkeland. CC BY SA 3.0

Heile det norvestlanske målområdet har palatalisering av lange dentalar.
Lisens: CC BY SA 3.0

Romsdal har tjukk l og retrofleksar, men blir rekna til vestlandsk på grunnlag av andre språklege kriterium.

Heile det nordvestlandske e-målet har tradisjonelt palatalisering av dentalar både i trykksterk- og trykklett staving. Døme frå Sunnmøre: mannj (mann) og skålinje (skålene), stavanje (stavane). Palatali­sering av ‑g og ‑k i innlyd er også vanleg, jamfør bokbokja, veggveddjen og så bortetter. Palatali­seringa er i dag på vikande front; det gjeld særleg ved velarane g og k i innlyd, men også ved palatalane llj, ddj og ttj.

Ved konsonantsambanda er det slik at nd, ld, mb, ng held seg utan å bli assimilerte frå sør i området og nordover om lag til grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Norrøn ‑rn er likevel assimilert og har vorte palatalisert, jamfør bjønnj (bjørn), kvennj (kvern). Norrøn sl og tl har frå Nordfjord og nordover til vanleg falle saman i ustemd palatal l («kvislelyd»), døme: vehle (vesle), næhle (nesle), fahle (fatle)

Norrøn ð har opp mot vår tid halde seg som frikativ (stungen d) på Sørvest-Sunnmøre og i Ytre Nordfjord i ord som sauð (sau), tið (tid), veð (ved). Andre stader på Sunnmøre, og i det meste av Nordfjord, held konsonanten seg, men då som ‑d, jamfør ei bud, ei brud, ein saud, eit haud (hovud).

Etterleddstrykk

Mykje av området har etterleddstrykk i mange samansette ord (trykk på siste leddet i ordet). Mest av dette er det i Nordfjord, døme: mjølke’bil, fiske’bu, lampe’glas og andre.

Formverk (morfologi)

I dei personlege pronomena vil ein i nordvestlandsk høyra ulike former, både me, mi, vi og oss. Døme på det siste: "oss sei oss, oss".

Substantiv

Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord har endinga ‑a i bestemt form eintal av både sterke og svake hokjønnsord (bygda og visa), medan Sunnmøre og Romsdal har ulike endingar, med ‑a i bestemt form eintal av dei sterke og ‑å i bestemt form eintal av dei svake, døme bygda – viså.

Endings-r er til vanleg fallen bort i ubestemt form fleirtal av substantiva (og i presens av verb). I Romsdal skil likevel omlydssubstantiva seg ut ved at dei fleste hokjønnsorda får ending på ‑er: bøker og røter, medan hankjønnsorda til vanleg har endingsbortfall eller berre r-bortfall: fleire føt eller føte (føter). Det meste av Sunnmøre og Sunnfjord og Nordfjord har fleirtalsformer som bøke, føte og tilsvarande.

Særmerkt i landssamanheng er bortfallet av endings-n i bestemt form eintal av sterke hankjønnsord og tilsvarande adjektiv, slik ein finn det på Søre Sunnmøre (Volda og Ørsta). Her heiter det: gutì æ litì (guten er liten). Fenomenet har vore ekspansivt frå 1850 til i dag.

I ubestemt form fleirtal av substantiv er elles bøyingsformene stort sett som i a‑målet: fleire hesta, fleire skåle, fleire vise; berre Romsdal har her tre endingar: fleire hesta, skåle og viso eller viså/visu. I bestemt form fleirtal har Romsdal tostavingsformer: hestanj, skålinj, medan resten av området har hestanje, skålenje og tilsvarande former.

Tradisjonelt har heile det nordlege e-målet levande dativbruk, og her i vest endar dativ fleirtal ‑å. Døme på dativ er:

  • dei sende lærara ei fin’e gåve
  • guten kom springande rett ette bila
  • du må helse foreldrå dine
  • ho e so lik søstrå sine.

Pronomen

Pronomenformene varierer noko i området. I fyrste person eintal (subjekt) har Romsdal forma /i/, Sunnmøre har /ei/eller /æi/ og/e/, medan resten av området har /eg/. I tredje person eintal har Nordfjord subjektsforma honn i hokjønn, medan resten av e‑målet har ho eller o.

I fyrste person fleirtal finn ein både vi og me som subjektsform, og ein del av området (særleg Nørdre Sunnmøre) har òss både som subjekts- og objekts­form.

I andre person fleirtal heiter det som subjekt og dòkke som objekt, men tidt blir dòkke også nytta som subjektsform.

I tredje person fleirtal har området dei, men Molde har likevel demm og Ålesund dei eller demm.

Verb

A‑verba blir bøygde slik: å kastekasta (presens) – kasta (preteritum) – har kasta. Sterke verb og svake verb av ja-klassa har frå Nørdre Sunn­møre og nordover presensformer som søv og væl (av velja), medan resten av området har tilsvarande former, men med innskotsvokal søv’e, væl’e . Sam­svarsbøyinga av presens perfektum er på Sunnmøre, i Fjordane og i Ytre Sogn betre gjennomført enn andre stader i landet, jamfør «ei ku vart skota» og «ein elg vart skoten».

Les meir i Store norske leksikon om

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, 1990. Oslo: Novus.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.
  • Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap, 2. utg., 1987. Oslo: Novus.
  • Sandøy, Helge: Vestlandet – der fjordane batt folket saman. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, 1990. Oslo: Novus.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, 1997. Kristiansand: Høiskoleforlaget.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, 2005. Kristiansand: Høiskoleforlaget.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg