Sunnfjord (kommune)

Faktaboks

Administrasjonssenter
Førde
Fylke
Vestland
Innbyggertall
22 116 (2022)
Landareal
2 065 km²
Høyeste fjell
Snønipa (1827 moh.) på grensa til Gloppen
Målform
nynorsk
Førde sentrum.

Førde sentrum.

Naustdal

Naustdalsfossen og elva Nausta ved administrasjonssenteret.

Av /KF-arkiv ※.
Gaular

Gaular. Råheimsdalen med Gaula i forgrunnen.

Av /KF-arkiv ※.
Jølster

Jølster. Astruptunet ved Jølstravatnet.

Jølster
Av /※.
Panorama over Gaularfjellet med Nasjonal turistveg.

Gaularfjellet.

Kart: Sunnfjord kommune i Vestland
Sunnfjord kommune i Vestland fylke.
Kart: Sunnfjord kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Sunnfjord er ein kommune i Vestland fylke. Den nye kommunen blei til i 2020 ved samanslåing av Førde, Naustdal, Gaular og Jølster kommunar som del av ei landsomfattande kommunereform.

Sunnfjord kommune omfattar i grove trekk området mellom Førdefjorden, landskapsvernområdet Naustdal-Gjengedal, Jostedalsbreen og Høyangerfjellet. Sunnfjord kommune grensar til Kinn, Askvoll og Fjaler i vest, Gloppen i nord, Stryn og Luster i nordaust, Sogndal i søraust, og Høyanger i sør.

Kart over Sunnfjord kommune
Kart over Sunnfjord kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Natur

Berggrunnen i Sunnfjord består av gneis som høyrer til Gneisregionen. Eit par mindre område med gabbro og eklogitt finst ved Førdefjorden og ved sørenden av Haukedalsvatnet. Devonsk sandstein og konglomerat dannar Kvamshesten på 1209 meter over havet og Blegja på 1304 meter over havet. Kambrosiluriske sediment finst på fjordbreiddene spesielt på sørsida av Førdefjorden.

Dei høgaste fjelltoppane i Sunnfjord finst i aust. Blåfjellet på 1390 meter over havet ligg i nordaust på grensa til Gloppen. Aller høgast når Jostedalsbreen sitt platå på omkring 1800 meter over havet og SnønipaMyklebustbreen på 1827 meter over havet. Sør for Jølstravatnet ligg Grovabreen med sine 1472 meter over havet.

Terrenget i Sunnfjord fell mot kysten i vest. Bratte, tronge dalføre vidar seg ut vestover til breie, fruktbare dalbotnar. Dei nedste delane av Holsendalen har svakt fall, og dalbotnane er breie med skogkledde og dyrka terrassar av elvegrus og sand.

Busetnad

Busetnaden i Sunnfjord kommune er konsentrert til tettstaden og administrasjonssenteret Førde og hovuddalføret opp til Moskog. Elles er det jamn busetjing i dalane og litt meir spreidd langs fjorden. Det er forventa at folketalet i Sunnfjord vil liggje stabilt fram til 2050, i overkant av 10 000 i Førde og 22 000 i heile kommunen.

Næringsliv

Sunnfjord har eit lunt klima der jordbruk er viktig. Storfe- og sauehaldet er av særleg betydning ved sida av laksefiske i Gaula. Gaula er ei stor lakseelv, som er utbygd med laksetrapper.

Sunnfjord er ein mellomstor kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 602 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 38 kraftverk i kommunen og høgaste fallhøgd er 775 meter. Gaularvassdraget er vedteke verna mot kraftutbygging etter Verneplan IV.

Samferdsle

Sunnfjord er eit viktig trafikknutepunkt. Riksveg 5 går frå Skei langs Kjøsnesfjorden med tunnel under Jostedalsbreen til Fjærland i Sogn. E39 blir kalla ytre stamveg på Vestlandet og går frå Førde langs Jølstra og nordsida av Jølstravatnet og vidare nordover mot Sandane i Gloppen. På sørsida av Førdefjorden går fylkesveg 609 til Askvoll, og på nordsida av fjorden går fylkesveg 611. Førde har òg hovudstasjon for Firda billag, som var det største rutebilselskapet i det tidlegare fylket Sogn og Fjordane. I Førde er det elles hamn, og kortbaneflyplass ligg på Bringeland sør for tettstaden.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Førde er administrasjonssenter i Sunnfjord kommune. Her er vidaregåande skular, folkehøgskule og jordbruksskule. Vidare finst Sogn og Fjordane Kunstmuseum her, i tillegg til Høgskulen på Vestlandet campus Førde.

Sunnfjord høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionsrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Kinn.

Sunnfjord kommune svarer til dei seks sokna Førde, Gaular, Holsen/Haukedalen, Helgheim, Ålhus og Naustdal i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sunnfjord til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sunnfjord

For statistiske føremål var Sunnfjord kommune (per 2020) delt inn i sju delområde med til saman 74 grunnkrinsar:

  • Førde aust: Haukedalen, Holsen, Mo – Åsen, Sunde – Kussli, Sundsdalen
  • Førde vest: Ervik, Kråkenes, Ulltang, Øvre Steinen, Halbrend – Steiene, Halbrendsholten, Ytre Hafstad, Førde sentrum, Hafstad, Bruland, Slåttebakkane, Reset
  • Førde nord: Angedal, Furebø, Vie, Hjelle – Vie – Tefre, Grovene – Flata, Tåene – Presteholten, Haugum – Hundvebakke, Bergum – Hornnes, Erdal
  • Gaular: Øvrebotten, Eldal – Mjell, Viken, Hestadgrend, Skudal, Senneseth, Steien, Sande, Sygna, Lunde, Skilbrei – Hjelmeland, Lien, Kvamme, Osen, Birkeland, Kårstad og Hestad
  • Ålhus: Eikås, Langhaugane, Hjellbrekke, Vassenden nord, Vassenden sør, Sanddal, Svidal, Ålhus
  • Helgheim: Myklebost, Årdal, Helgheim, Fugle, Skei, Kjøsnesfjorden, Førde, Klakegg, Veiteberg, Åmot
  • Naustdal: Kvellestad, Vevring, Redal, Helle, Frammarsvik, Naustdal vest, Naustdal aust, Åse, Horstad vest, Horstad aust, Ullaland nord, Ullaland sør og Fimland

Historikk og kultur

Førde

På Bruland like aust for Førde tettstad er ein freda bygning, Futegarden. I Førde tettstad ligg Sogn og Fjordane Kunstmuseum med eldre og nyare norsk biletkunst og kunsthandverk. Sunnfjord museum mellom Moskog og Bruland er eit distriktsmuseum med mellom anna gardstun og husmannsplass. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival blir arrangert årleg. Teater Vestland blei etablert i 1977 med namnet Sogn og Fjordane Teater, med namneendring frå 1. januar 2020. Førde kyrkje er ei langkyrkje i tre som blei bygd i 1885 og ombygd i 1947. Kyrkja har altertavle og preikestol frå 1600-talet. I 1988, 1997, 2008 og 2017 blei Landsskyttarstemnet halde i Førde.

Gaular

Hestad kapell i Viksdalen var opphavleg stavkyrkje frå 1327. Stavkyrkja blei riven og bygd opp igjen som kapell i 1805 med delar av dei same materiala. Kapellet ligg i Hestad landskapsvernområde.

Sande kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1864 med altertavle opphavleg frå 1620. Viksdalsmåling (rosemåling) og trehusflid var lokalt viktige næringar i Gaular. Frå 1700- til 1900-talet var tønneproduksjon ei viktig næring. I perioden 1923–1938 blei det rydda 21 småbruk i Gaular med tilskot frå Ny Jord, sjå bureising.

Jølster

Ved kyrkja på Ålhus finst tuftene av ei borg som høvdingen Audun Hugleiksson (1240–1302) lét byggje. På sørsida av Jølstravatnet budde målaren Nikolai Astrup, som har måla ei rekkje bilete med motiv frå Jølster. Astruptunet er no museum. På Ålhus ligg Eikaasgalleriet med mellom anna fast utstilling av kunstnaren Ludvig Eikaas, opna i 1994. Det er eit bygdetun i Stardalen.

Jølster har tre kyrkjer. Ålhus kyrkje er ei langkyrkje i tre bygd i 1795, med ein del inventar frå ei stavkyrkje som tidlegare stod på same staden. Helgheim kyrkje er ei langkyrkje i tre bygd i 1877. Ei ny arbeidskyrkje, Vassenden kyrkjesenter, stod ferdig i 2002.

Jølster Skisenter sør for Vassenden har alpinbakke og to små hoppbakkar.

Naustdal

Naustdal kyrkje
Naustdal kyrkje med kyrkjegard.
Av .

Naustdal kyrkje er ei langkyrkje i tre, som blei bygd i 1891 med portal frå 1200-talet i kyrkjegardsmuren. Vevring kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1846 som blei påbygd i 1946 og 1987.

Over Slettehaug ved Førdefjorden i 1945 stod det største luftslaget i Noreg, tre månader før frigjeringa. Her er Luftkampmuseet i Naustdal. 18. februar 1982 skjedde ei av dei verste rasulukkene på norske vegar då fire medlemmer av New Jordal Swingers mista livet.

Namn

Første ledd av namnet Sunnfjord, sunn, betyr 'sør', brukt om ein fjord som ligg mot sør, her i forhold til Nordfjord.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet uttrykkjer fire elvar og ein foss, som symboliserer at fire vassdrag går saman og gir energi. Sunnfjord har over 50 fossefall i dei fire elvane Nausta, Gaula, Anga og Jølstra.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg