I Møre og Romsdal møtest dei store dialektområda nordvestlandsk og trøndersk.

Nordmørsk høyrer med til Møre og Romsdal fylke, men går språkleg saman med trøndersk, og har austnorske, delvis trønderske målmerke. Nordmørsk har kløyvd infinitiv. Det heiter her å værra og å kåmma, men å kast og å skriv (apokope). Nordmøre har også tjukk l av gamal l, og delvis også av (soL og gar eller gaL). Om nordmørske dialekter, sjå artikkelen Nordmøre og artikkelen om trønderske dialekter, der nordmørsk høyrer til uttrøndersk.

Sunnmørsk er forankra i den nordvestlandske e-målet, som t strekkjer seg frå Ytre Sogn og nordover.

Også romsdalsk høyrer med til det nordvestlandske e-målet, og har som sunnmørsk infinitiv på -e: å fare, å kaste. Målet i Romsdal skil seg frå sunnmørsk mellom anna ved at romsdalingane har nokre innslag av austnorske dialektdrag, mellom anna tjukk l. Systemet er slik i Romsdal (som på Nordmøre) at ein har tjukk l av norrøn l, men ikkje av norrøn (stoL, men gar).

I tillegg til Sunnmøre og Romsdal høyrer også Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn til dette nordvestlandske e‑målsmålområdet. Dialektene i Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn går under namnet fjordamål. Dialektene her skil seg frå Sunnmørsk ved at dei har lik ending i bunden form eintal av sterke og svake hokjønnsord: sola og visa. På Sunnmøre heiter det sola og viså. Om Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn, sjå dialekter i Sogn og Fjordane.

Nokre språkdrag skil nordvestlandsk frå den sørvestlandske greina i sør. I nordvestlandsk er det e-mål, men endinga -e i infinitiv og i svake hokjønnsord ubunden form eintal: å fare, å kaste og ei vike (veke) og ei vise. Sørvestlandsk er a-mål, med endinga -a i dei same kategoriane: å fara, å kasta, ei veka, ei visa. Nordvestlandsk har palatalisering av tannlydane: gamalj, sannj, kallj, balljanje (gamal, sann, kall, ballane). Dette fenomenet finst ikkje i sørvestlandsk.

Bruken av dativ innfor Vestlandet kan ein avgrensa til nordvestlandsk. Døme på dativ er: dei sende lærara ei fin gåve, han kom springande rett ette bila, du må helse foreldrå dine. Jamfør også døma: dei gjekk oppå fellja (dei gjekk oppe på fjellet, dei var på fjellet, her dativ), men dei jekk oppå fjellje (dei gjekk opp på fjellet, rørsle mot fjellet, då blir det ikkje dativ).

Det sørvestlandske a-målet har elles ein del særdrag som nordvestlandsk ikkje har, det gjeld til dømes overgangen rn til dn (kodn, hodn) og ll til dl (adle, kjedlar). Sjå om det sørvestlandske a-målet (frå Vest-Agder til og med Indre Sogn). Nordvestlandsk kan delast inn i tre dialektgrupper: romsdalsk, sunnmørsk og fjordamål i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Om fjordamåla, sjå dialekter i Sogn og Fjordane.

I gammalt sunnmørsmål kunne gammalnorske lange og korte vokalar bli uttrykte med forskjellige vokalkvalitetar. I yngre mål er det i dag mykje samanfall mellom desse vokalane.

I det tradisjonelle sunnmørsmålet fann ein også særdraget «halvemål» med bortfall av h- i framlyd av visse ord: å øppa (å hoppa), og med nyinnsett -h- i andre ord, som til dømes hinkje (inkje). Fenomenet halvemål blir i dag borte.

I eldre sunnmørsmål kunne konsonanten d bli uttalt som ð (= gammalnorsk «stungen d») i ord som tråd og breid og andre. I dag blir denne d-en uttalt som ein vanleg dental plosiv.

Både på Sunnmøre og i Romsdal har ein tradisjonelt hatt delt hokjønnsbøying, Dei sterke hokjønnsorda har fått -a, dei svake -å i bunden form eintal: den bygda, den viså. Dette systemet er ikkje så stabilt lenger, særleg på Sunnmøre. Dei unge seier nå til vanleg bygda og visa.

Bruk av dativ er på veg ut i heile det nordvestlandske målområdet. Berre i faste innarbeide uttrykk lever dativ vidare.

Retrofleks uttale av r + s eller n er på frammarsj på nordre Sunnmøre. Dei unge uttalar orda vers og barn som verʂ og barɳ, slik dei gjer i Romsdal.

Palataliseringa av tannlydane i ord som ballj, mannj og mannjen er på vikande front. Overgang til vanleg dental-uttale blir meir og meir vanleg: ball, mann og mannen. Også den palatale vekslinga i ord med g eller k i innlyd blir utjamna i mange vestnorske dialekter. Systemet tak -takje, dag – dajen, krok – krokjen blir til tak – take, dag – dagen, krok – kroken.

Mange særdrag i dei norvestlandske måla er likevel stabile. Det gjeld til dømes uttalen av d, b og g i ord som hand, kveld, lamb og ting. Konsonanten d står ved lag i ord som tid, haud (hovud) , saud og bud (bu). Også innskotsvokalen i presens av sterke verb og i adjektiv står ved lag: ho kjæm’e, ho held’e, og vidare han æ stor’e og fin’e.

  • Hanssen, Eskil (2010): Nordvestlandsk. Trykt i Hanssen, Eskil: Dialekter i Norge. Bergen: Fagbokforlaget. (Om nordvestlandsk, side 165-169.)
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Nordvestlandsk. Trykt i Mæhlum, og Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Side 95-96).
  • Nordal Muri, Alv G. (1977): Kvister eller ei grein? Korleis er språket i Møre og Romsdal? Trykt i Pio Larsen (red.): Bygd og by i Norge. Møre og Romsdal. Oslo: Gyldendal. (Side 348-357).
  • Sandøy, Helge (1990): Nordvestlandsk. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 68-74).
  • Skjekkeland, Martin (2005): Nordvestlandsk. Trykt i Skjekkeland: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying. Kristiansand: Høiskoleforlaget. (Side 177-180).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.