Infinitivsendingar
Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Hordaland fylke
Av /KF-arkiv ※.

Heile Hordaland fylke bortsett frå Bergen høyrer inn under det sørvestlandske a-målet. Dette området strekkjer seg frå og med Midtre og Indre Sogn og sørover til og med det meste av Vest-Agder. Området har endinga -a i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal: å fara, å kasta og ei veka og ei visa. I tillegg har sørvestlandsk a-ending i ord som åtta (åtte), heima, gjedna (gjerne) og i visse adjektivformer: det stora huse, den stora kyrkja. I nordvestlandsk, derimot, (frå og med Ytre Sogn og nordover til og med Romsdal) er det e-mål, med endinga -e i dei same kategoriane: å fare, å kaste og ei vike (veke), ei vise og åtte, heime, gjennje (gjerne).

Også andre språkdrag skil sørvestlandsk frå nordvestlandsk. Nordvestlandsk har palatalisering av tannlydane: gamalj, sannj, kallj, balljanje (gamal, sann, kall, ballane). Dette fenomenet finst ikkje i sørvestlandsk (men eit lite unntak, sjå nedanfor). Bruk av dativ finst i tradisjonelt mål på Voss (på hæstæ, i bakka, i ælven), men elles er dativbruk avgrensa til nordvestlandske dialekter.

Ein liten nordvestleg snipp av Nordhordland har nokre dialektformer som høyrer heime i nordvestlandsk. Det gjeld for det første nokre bygder i Masfjorden, der ein har e-infinitiv som i nordvestlandsk. Vidare gjeld det Fedje og Øygarden i Nordhordland, der ein har det nordvestlandske særdraget palatalisering av ll og nn (og rn), døme fjellj, honnj (horn), å rennje.

Inndeling

Dialektene i Hordaland kan delast inn i fire eller fem grupper: nordhordlandsmål, sunnhordlandsmål, hardangermål, vossamål og Bergens bymål. Sjå følgjande setningar, som viser nokre dialektskilnader:

  • Snurparana kunne ikkje fidna sillæ (nordhordlansk)
  • Snurparane konde ikkje finna sildæ (vossa-og hardingmål).
  • Snurparadne konde ikkje finna sildo (sunnhordlandsk)
  • Snurparene kunne ikkje finne si’l (bergensk)

Sitert etter Sandøy: «Hordamåla».

Lydverk (fonologi)

Diftongar

Dei indre Hordamåla i Hardanger- og Vosse-bygdene har ei markert diftongering av å til ao: baot, pao, vaoren (våren). Jamfør denne setninga frå Voss: han va aotta aour i haust. Også dei gamle lange vokalane har her tradisjonelt vore diftongiske i ord som liv, lysa, hus, sol. Dette er det lite att av i dag. Nordhordlendingen og sunnhordlendingen har ikkje denne diftongeringa av å-en eller av andre lange vokalar. Her i Sunnhordland og Nordhordland heiter det såleis: båt’n vår låg nedpå våjen/vågen (utan diftongar). Voss og Hardanger har også særmerkt uttale av diftongane ei og øy: dai mao haim å kjåyra håye i hus. Nordhordlendingen og sunnhordlendingen seier: dei må heim å køyra høye i hus.

Skarre-r breier seg

Skarre- r har frå gammalt av funnest i delar av sørvestlandsk. I Hordaland har denne bakre r-uttalen (kalla uvular frikativ) funnest i delar av Hardanger frå tidleg på 1800-talet. Skarre-r-en har vore svært ekspansiv dei siste 80–90 åra, og i dag er denne «skarre-uttalen» vanleg hos yngre folk i mest heile det sørvestlandske målområdet. Til og med på Voss, der rulle-r lenge heldt stand, tek nå skarre-r over hos dei unge. I Indre Sogn og i delar av Nordhordland er framleis bruk av rulle-r ganske vanleg. I nord går skarre-r-en i dag til Florø.

Palatalisering

Palatalisering av velarane g og k i innlyd har tradisjonelt hatt stor utbreiing i sørvestlandsk der desse konsonantane står eller stod føre opphavleg trykklett -i eller -e. Døme: ein stakk – stakkjen, ein vegg vejjen og så vidare. Ein får her ei veksling mellom ikkje-palataliserte og palataliserte former i eit bøyingsskjema. Nyinnkomne ord ordnar seg ofte inn i systemet: ein jekk – jekkjen, ein trøkk – trøkkjen (truck), ein sjekk – sjekkjen. I dag blir denne vekslinga i konsonantismen ofte borte hos dei unge, som då får formene bekk – bekken, vegg – veggen og tilsvarande.

Konsonantovergangar

Nordhordland og Sunnhordland har dei sørvestlandske konsonantovergangane ll til dl og rn til dn. Døme er: adle, vidle (ville), fjedl og bòdn (born), hodn (horn), kvedn (kvern). Overgangen rn til dn finn me også i Valdres og Hallingdal (differensiasjon). Der opphavleg nn stod i posisjon etter diftong og lang vokal, har Voss, Hardanger og Sunnhordland også overgang til dn i ubestemt form av visse ord: steid'n, raid’n, teid’n, hud’n (stein, raun, tein = renning, hun) (segmentasjon). Nordhordland har den «vanlege» uttalen stein, raun, tein, hun. Men i bestemt form har Nordhordland også dn: dann stei’dn, dann sme’dn.

Eit parallelt særdrag med kraftsentrum i Nordhordland er det når ord med opphavleg nn etter kort vokal får overgang til dn. Fenomenet finst også i nordlege Sunnhordland: å fidna, å redna, skjidn (skinn), gudn (grunn), å kudna (kunna). I dette området blir også mm til bm: gabmal, klebma, skjebma (skjemma), dabm (dam). Det sørlege Sunnhordland og Voss og Hardanger har nn og mm i desse orda: å finna, å renna, å klemma, å skjemma.

ld > dl

Nordhordland skil seg kanskje mest ut i handsaminga av konsonantane. Ein stor del av Nordhordland har den spesielle overgangen frå ld til dl (omkasting av konsonantane): edl (av eld), sidl (av sild), ei kjedla (av kjella), kvedl (av kveld). Her er forklaringa truleg at opphavleg ld først blei assimilert til ll (kvedl > kvell), for så å bli differensiert til dl (kvell > kvedl). Nord i Sunnhordland har ein «vanleg» ll: kvell (assimilasjon), medan Sunnhordland elles har halde på opphavleg ld: eld, sild, kveld, kjelda. Siste konsonant i konsonantgruppene mb, nd, ng blir uttalte i Sunnhordland: lamb, land, seng, men blir assimilerte i Nordhordland: lamm, lann, seŋŋ (seng).

fn/mn > bn, bm, ft > pt

Opphavleg fn/mn lyder i Nordhordland bn eller bm(n): obn, obm(n)(ovn). I dette området blir også sambandet sl til tl: rutla, vetle, og i gammalt nordhordlandsmål har ein uttalen pt i ord som lepsa (lefse), skapt (skaft), jypta (gifta seg).

Særtrekk blir borte framfor konsonant i samansette ord

Dei særmerkte konsonantovergangane blir borte i samansette ord der sisteleddet startar med konsonant: fjedl, men fjelltopp, hodn, men honnskei, kodn, men konnstaur, tudn, men tunnslet’n, skabm, men skammlaust og så bortetter.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Bestemt form eintal av hokjønnsorda har to ulike former i Nordhordland, i Hardanger og på Voss (kalla delt hokjønn). Dei sterke hokjønnsorda får då endinga -æ, medan dei svake får -å eller -o: den solæ og den viså eller viso. Sund og Fjell har -a i dei sterke hokjønnsorda: sola, viso. Sunnhordland har stort sett same endinga i både sterke og svake hokjønnsord, og då endar båe typane på -o: den solo og den viso, eller alle endar på -å: den solå, den viså (å-ending helst i sør). På Voss og i Hardanger finn ein også kløyvd ending, og det heiter her solæ og veko i bestemt form av hokjønnsorda.

Fleirtal av substantiv

Det meste av hordamåla har kasta r-en i ubestemt form fleirtal av substantiva, og berre Hardanger og det sørlege Sunnhordland (og Ryfylke) held på r-en: gutar, bilar.

Den vanlege bøyinga av substantiva i sørvestlandsk er slik:

  • ein gut – guten – fleire guta – alle gutane
  • ei bygd – bygda/æ/å/o – fleire bygde – alle bygdene
  • ei visa – visa/å/o – fleire vise – alle visene
  • eit hus – huse – fleire hus – alle hus’na/huså/huso

På Voss og i Hardanger har ein tradisjonelt hatt endinga i ubestemt form fleirtal av dei svake hokjønnsorda: fleire visò, Hardanger har visòr (vokalen ò blir kalla «vossa-o», sjå nedanfor under verb).

I bestemt form fleirtal varierer formene noko. Nordvest i Sunnhordland heiter det alle gutana, alle bygdena. Søre Sunnhordland har formene alle gutadne eller gutadn og alle bygdedne eller bygdedn (former som er felles med Ryfylke). I Nordhordland heiter det gutane og bygd(e)na, slik det også gjer i Hardanger (den første vokalen bestemmer den siste).

Dativ

Levande dativbruk har fram til i dag funnest på Voss. Døme er: ùnde håyslea minò (under høysleden min), né aout elvinne (ned til elva), né aout hylæ (ned til hølen), fleirtal: vaote på føtou, på båe siou av huse (på begge sidene).

Verb

Svake verb mistar -r i presens i heile Hordaland: ho kasta, ho leve. I presens av dei sterke verba har Nordhordland former som ho fidn (finn), da knip, feskjen bit. Sunnhordland har her svarabhaktivokalen -e: ho fidn’e (finn), da knip’e, fiskjen bit’e. På Voss og i Indre Hardanger har ein former med svarabhaktivokalen -ò: ho fidnò, da knipò, fiskjìn bitò (med «vossa-o», sjå også under substantiv).

I det tradisjonelle Vossamålet finn ein fleirtalsbøying av verb: eg telò (eg tel, eintal), me tèlja (fleirtal), han fauk (eintal), flisane fåkò (fleirtal).

Utviklinga i dag

Reint generelt er det slik i dei fleste dialektane at eldre tradisjonelle særdrag (ofte avstikkande særdrag) får mindre plass i språket til dei unge. Ein ser til dømes i Hordaland at fleirtalsbøying av verb og bruk av dativ på Voss (sjå ovanfor) blir borte hos mange unge. Den delte endinga i bestemt form eintal av hokjønnsorda i Nordhordland og på Voss og i Hardanger (den solæ, den viså) blir utjamna til sola og visa. Ein del av dei særmerkte konsonantovergangane blir borte hos mange unge: fidna og redna blir til finna og renna, kvedl blir kvell, sidl blir sill og så bortetter. Skarre-r grip om seg i heile fylket.

I Sunnhordland ser ein døme på at vokalskiftet i sterke verb blir borte: å såva – eg søv’e blir då til å såva – eg såv’e. På Voss ser ein at endingsvokalen blir borte hos mange unge: eg kjem’ò , eg søv’ò blir til eg kjem og eg søv.

Som mange andre stader i landet kan ein i Hordaland snakka om regionalisering av dialektane. Ofte kjem det inn nye språkimpulsar frå byen i regionen. Ein må såleis rekna med at dialekten i Bergen påverkar delar av språksystemet i hordamåla. Resultatet blir at det i områda kring Bergen veks fram eit vestnorsk regionalt talemål, der ein del av dei tradisjonelle særdraga er borte.

Gammal tekst på hordalandsmål

Av gamle viser og dikt på hordalandsmål som er bevart og utgjeve, kan nemnast Rabnabrydlaup i Kraakelund, som ble trykt alt i 1647.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Sørvestlandsk. Trykt i Mæhlum, og Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Side 96-98).
  • Rundhovde, Gunnvor (1976): Målføra eller dialektane i Hordalandsbygdene og i Bergen by. Trykt i Evensberget, Snorre (red.): Hordaland og Bergen. Bygd og by i Norge. Oslo: Gyldendal. (Side 394-408).
  • Sandøy, Helge (1990): Voss, Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 76-80).
  • Sandøy, Helge: «Hordamåla», i Kulturhistorisk vegbok
  • Skjekkeland, Martin (2005): Nordvestlandsk. Trykt i Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying. Kristiansand: Høiskoleforlaget. (Side 174-177).

Kommentarar (2)

skreiv Jan Olav Gatland

Gunnvor Rundhovde har to g-ar i fornamnet. Ver vennleg og rett. Dette er vel artikkelen ho skreiv i papirversjonen av lekskonet i 1979, og som Kjell Venås har oppdatert i nettversjonen. Er det riktig? Eg skal bruke informasjonen i ein artikkel om Gunnvor Rundhovde. Helsing Jan Olav Gatland UB Bergen

skreiv Martin Skjekkeland

Ja, det er rett. Ho heiter Gunnvor Rundhovde. Eg skal retta det. Eg reknar med at artikkelen er skriven til leksioknet (i papir) 1979. Sjå Oddvar Nes: Norsk dialektbibliograf i 1986: 218. Kjell Venås har gått gjennom nettversjonen. Takk for fin kommentar! Martin Skjekkeland

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg