Faktaboks

Basil (Stanlake) Brooke
Fødd
9. juni 1888
Død
18. august 1973

Basil (Stanlake) Brooke var statsminister i Nord-Irland for Ulster Unionist Party frå 1943 til 1963. Han var den tredje statsministeren i Nord-Irland. Blant nasjonalistane var Brooke kjend for offentlege ytringar som vart rekna for støtte til diskriminering av katolikkane. Blant unionistane var han høgt verdsett for krigsdeltakinga under fyrste verdskrigen og for å vera sentral i organiseringa av den paramilitære politistyrken Ulster Special Constabulary (USC) i Fermanagh.

Familiehistorie og oppvekst

Basil Brooke var fødd inn i ein landeigarfamilie i grevskapet Fermanagh med sterke unionistiske og militære tradisjonar. Han var det fyrste av fem barn av lågadelsmannen Sir Arthur Douglas Brooke (4. Baronett Brooke) og kona Gertrude Isabella Batson på familiegodset i Fermanagh.

Basil Brooke gifta seg med Cynthia Mary Surgison i 1919, og var gift med henne til ho døydde i 1970. Dei fekk tre søner som alle var militære offiserar – to av dei døydde under andre verdskrigen. Basil Brooke gifta seg på nytt, med Sarah Eileen Bell Calvert, som var hans ektefelle frå 1971 til han døydde i 1973.

Militære og unionistiske slektstradisjonar

Brooke-familien var kjend som dei kjempande Brookane frå Colebrooke, på grunn av den lange militære slektstradisjonen. Familien kom frå nordvest-England og slo seg ned i grevskapet Donegal (no i republikken Irland) på slutten av 1500-talet. Dei fekk seinare tildelt den store landeigedomen sin i grevskapet Fermanagh etter at det irske 1641-opprøret var slege ned. Eigedomen hadde tidlegare høyrt til innfødde irske landeigarar. Den militære slektstradisjonen vart raskt ført vidare i dei britiske borgarkrigane (1639–1653), seinare også i dei franske etterrevolusjonære krigane (1792–1815) og i den fyrste og den andre verdskrigen.

Slekta hadde sterke unionsvenlege tradisjonar og var gjerne representantar for konge- og statsmaktene som magistratar, sheriffar eller lord lieuteants (øvste embetsmann i grevskapet). Slekta identifiserte seg som irar, men som britiske, protestantiske irar, og hadde tradisjonar for å vera lokalt aktive i Orangeordenen.

Sivil og militær utdanning

Basil Brooke gjekk på den prestisjetunge St. George’s School i Pau (Frankrike), før skulegangen heldt fram ved ekslusive kostskulen Winchester College (1901-1905). Vegen vidare gjekk til militærakademiet Sandhurst, der han vart uteksaminert som sekondløytnant (fenrik) i 1908. Året før vart han den femte Baronett Brooke.

Militær og paramilitær karriere og politisk rolle

Minnebauta for falne i Ulster Special Constabulary
Biletet viser ein minnebauta over falne medlemer i politistyrken Ulster Special Constabulary (USC). Basil Stanlake Brooke var lokal kommandant for USC i grevskapet Fermanagh.

Etter militær utdanning tenestegjorde Brooke fyrst som fenrik i infanteriregimentet 7th Royal Fusiliers og seinare i kavalleriregimentet 10th Hussars i India og Sør-Afrika. Lojaliteten hans til det Britiske imperiet vart styrkt av dette.

Under ein permisjon frå militær teneste i 1912 hjelpte han til med å organisera den paramilitære organisasjonen Ulster Volunteer Force (UVF) heime i Fermanagh. Tidleg i 1914 tilbaud han seg å avslutta den militære karriera for å hjelpa til med organiseringa av lojale unionistar i den nordlege landsdelen Ulster, men fyrste vedskrigen kom i vegen for dette. I staden deltok han på vestfronten og dessutan i Dardanellane i den britisk-franske striden mot styrkane til restane av det Osmanske imperiet. I løpet av krigen steig han i gradane til kaptein, og fekk tildelt den britiske militærkrossen og den franske croix de guerre (krigskrossen) med palme for innsatsen sin.

Politisk orientering, rolle og karriere

Basil Stanlake Brooke 10. februar 1941
Basil Stanlake Brooke 10. februar 1941, medan han sat i regjeringa til statsminister John Miller Andrews.

Etter det irske påskeopprøret (1916) slutta Brooke å omtala seg sjølv som ire, og vart styrkt i trua på å kjempa mot det han rekna som illojale haldningar. Etter ei vitjing i Dublin i 1920 var han sjokkert over at det britiske styret kollapsa. Den sterke unionistiske overtydinga peikte fram mot at han vart lokal organisator for den reint protestantiske politistyrken Ulster Special Constabulary (USC) som Ulster Unionist Party og Orangeordenen organiserte i 1920 med sterk rekruttering frå Ulster Volunteer Force (UVF).

Parlamentsmedlem i Belfast, minister og statsminister for Nord-Irland

Basil Brooke vart vald til det nord-irske senatet i 1921, men trekte seg frå denne posisjonen i 1922 for å vera regional kommandant for Ulster Special Constabulary (USC) i kampen mot den Irske Republikanske Arméen (IRA).

Basil Brooke vart vald til MP i det Nord-Irske parlamentet frå den nyskipa valkrinsen Lisnaskea i 1929, og representerte denne til han trekte seg i 1968. Han var då vald som MP ni gonger samanhengjande frå og med valet i 1929. I åtte av desse vala – alle utanom valet i 1949 – hadde han ingen motkandidat. Det fylgde av valordninga at han vart vald utan at ein einaste veljar i valkrinsen hans røysta ved åtte av dei ni vala.

Han steig raskt i politisk rang, var landbruksminister frå 1933 til 1941, handelsminister frå 1941 til 1943 og statsminister frå 1943 til 1963. I 1963 trekte han seg som statsminister, på grunn av helseproblem. Han var likevel parlamentsmedlem i det nord-irske parlamentet for valkrinsen Lisnaskea til han trekte seg i 1968, då vart sonen hans, John Warden Brooke, vald frå same valkrins. Før den tid, i 1952 steig Basil Brooke også i adelshierarkiet då han vart den fyrste Viscount Brookeborough/Lord Brookeborough og fekk ein arveleg plass i House of Lords i London i tillegg til at han då var statsminister i Nord-Irland.

Antikatolske og antinasjonalistiske haldningar

Den tradisjonelle unionismen hans i politiske haldningar leidde til ei rad antikatolske og antinasjonalistiske offentlege utsegner, særleg gjennom 1930-åra. Dette gav tydeleg skepsis frå minoriteten i Nord-Irland. I 1934 vart han sitert i media på Orangeordenen sin største markeringsdag 12. Juli, på at han tok avstand frå protestantar som syssselsette katolikkar, samstundes som han oppmoda dei til berre å tilsetja gode protestantar når det var mogeleg. Seinare same året vart han sitert på at 99 prosent av katolikkane var illojale og ville øydeleggja Nord-Irland. Ifylge Brookeborough ville nasjonalistane øydeleggja Nord-Irland ved å gjera dei unionsvenlege til ein minoritet. Det er vanskeleg å tolka slike utsegner annleis enn som oppmodingar til eller rettferdiggjering av diskriminering. Mot slutten av livet kom han likevel med ytringar som kunne tolkast som ein slags sjølvkritikk på slike ytringar.

Statsministerperioden 1943-1963

Brookeborough hadde utfordringar som statsminister heilt frå starten i 1943. Dei føregåande regjeringane under statsminister James Craig (Lord Craigavon) 1921-1940 og den meir kortvarige statsminister John Miller Andrews (1940-1943) greidde ikkje å førebu Nord-Irland på krig og krigsinnsats, og fekk kritikk for dette. Brookeborough viste handlekraft med utskifting av ministrar i dei tidlegare forgubba regjeringane, og omstillinga til krigens realitetar gjekk raskt.

Som statsminister vidareførte Brookeborough den tradisjonelle unionistiske motstanden mot statlege reguleringar som medførte sosial utjamning, og han var sterk motstandar av alt som kunne likna på sosialisme. Då britisk Labour vann 1945-valet på velferdsoppbygging med vekt på minimums-standardar (Beveridgeplanen), såg han likevel ingen andre utvegar enn å fylgja den britiske vegen mot velferdsstatlege reformar. Slikt ville unionistpartiet tradisjonelt vore sterke motstandarar av. Det var redsla for at Labourorienterte politiske utfordrarar til unionistpartiet i Nord-Irland skulle vinna sterk oppslutnad i den protestantiske arbeidarklassen som utløyste at Brookeborough aksepterte Britiske velferdsreformar. Framvokster av Labourorienterte parti kunne underminera unionistpartiet sitt hegemoni – og med det unionen med Storbritannia.

Lord Brookeborough vart den lengst sitjande statsministeren i Nord-Irland, og sette rekord med å vera den som hadde hatt lengst samanhengjande minister- og statsministerposisjon i Det foreinte kongeriket – heile 33 år.

Ettermæle

Då Lord Brookeborough døydde heime på godset sitt i Colebrooke 18. august 1973, hadde den unionistiske eittpartistaten kollapsa og britane hadde innførd direktestyre av Nord-Irland (1972). Presten i gravferda klandra Brookeborough for at han hadde vidareført dei skarpe konfliktlinene, og dette vart og peikt på i fleire minneord. Blant nasjonalistane var han djupt mislikt. På den andre sida vart han halde høgt av dei mange unionistane som såg på han som den store leiaren for ein gullalder med stabilitet og nesten uutfordra unionistdominans. Etterfylgjaren som statsminister, Terence O’Neill, fekk såleis eit dårleg utgangspunkt for å fremja forlik og samarbeid då borgarrettsrørsla kravde grunnleggjande reform av Nord-Irland frå slutten av 1960-talet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Barton, Brian (1988); Brookeborough. The making of a Prime Minister. Belfast, Queen’s University – Institute of Irish Studies.
  • Byrne, Art & McMahon, Sean (1994); Great northerners. Swords-Dublin, Poolbeg Press.
  • Flackes, W. D. (1962): The Enduring Premier. Viscount Brookeborough of Colebrooke. Belfast, Belfast Telegraph.
  • Logan, Sam (2018); The Life of Sir Basil Brooke. Bart, the First Viscount Brookeborough. Market Harborough, Book Guild Publishing Ltd
  • O’Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 2 Control. Oxford, Oxford University Press.
  • Patterson, Henry & Kaufmann, Eric (2007); Unionism and Orangeism in Northern Ireland since 1945. The decline of the loyal family. Manchester, Manchester University Press.
  • Walker, Graham (2004); A history of the Ulster Unionist Party. Protest, pragmatism and pessimism. Manchester, Manchester University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg