vestnorsk - sørleg e-mål

Heile Aust-Agder høyrer til det sørlege e-målet. Bildet er frå Laget i Søndeled, mellom Risør og Tvedestrand, aust i fylket. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Det sørlege e-målet er ei undergruppe under vestnorske dialekter, sjå artikkelen vestnorsk.

Geografisk område

Det dialektområdet som blir kalla sørleg e-mål, dekker ein del av Sørvest-Telemark pluss heile gamle Aust-Agder fylke og vestover til Mandal (sjå kart). Det er i dette området stor skilnad på målet i ytre og indre strok. I Øvre Setesdal finst mange alder­dommelege trekk bevarte i språket, det gjeld i vokal- og konsonantsystemet, og det gjeld særdrag som dativbruk, fleirtalsbøying av verb, genusbøying av talord og så bortetter. Indre strok på Agder har elles mykje sams med midlandsk (fjellmåla på Austlandet), medan ytre delar av området har felles trekk med både austlandsk og vestlandsk.

Infinitiv av verb og svake hokjønnsord

Området har endinga -e i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal. Det heiter: å kaste, å vere, ei vse, ei veke og tilsvarande. Der det kjem ein konsonant etter endingsvokalen, vil den ophavlege vokalen ofte halda seg (i indre strok), til dømes i substantiva: fleire hesta og fleire bila, og i presens av a-verb: eg kasta, ho sykla.

Lydverk (fonologi)

Infinitivsendingar
Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Tonegang

Grensa mellom tonetypane høgtone og lågtone i mange ord går i nord-sør-retning vest for Lillesand, med høgtone vest for denne grensa, og lågtone aust for grensa.

Vokalar

I indre strok (Setesdal) er det sterk diftongering av norrøne lange vokalar, jamfør ord som: å beite (bita), å suyne (syna), ei soul (sol), eit heus (hus) og så bortetter. Her i dei indre måla er det såleis skilnad på norrøne lange og korte vokalar, jamfør Setes­dal: å veike (å vika) – ei vike (ei veke). Dei opphavlege diftongane ei, øy og au held seg, men i ytre strok finn ein monoftongering føre lang konsonant, typen: høst, grett (greitt) og så bortetter.

Innskotsvokalen (svarabhakti) står i adjektiv og i presens av sterke verb i indre strok: rik’e adjektiv og kjem’e presens, i Setesdal også i sterke hankjønnsord eintal: ein gut’e (gut), ein gar’e (gard).

Konsonantar

Det sørlege e-målet (og ein del av Sørvestlandet) har overgangen p, t, k til b, d, g, som betyr overgang frå ustemde til stemde konsonantar. Fenomenet blir ofte kalla overgang til «blaude» konsonantar. Overgangen til b, d, g skjer når kort (enkel) p, t, k står etter lang vokal i ordet. Døme er: å tabe, å gabe, å bide (bita), å vede (vita), ei bog, å koge (koka).

Berre eit lite austleg område har tjukk l . Palatalisering av ‑g og ‑k i innlyd er det mest av i indre strok. Konsonantsambanda nd, ld, b, ng og rn er for det meste assimilerte: sann (sand), kvell, lamm (lam), kònn (korn). I Setesdal held nd, mb og ng seg. Setesdal har også ll > dd: adde (alle), vodden (vollen).

Dialektene vest for Risør (i e-målet) har skarre- r, det vil seia ein bakre -r som blir uttalt ved at bakre delen av tunga vibrerer mot den bakre blaute ganen, eller ved at drøvelen vibrerer mot den bakre delen av tungeryggen.

Formverk (morfologi)

Sentralt i det sørlege e-målet ligg Kristiansand. Kristiansand bymål skil seg på nokre punkt frå bygdemåla rundt byen, med til dømes former som vi, dere, ikke og andre.
Q42 i Kristiansand

Substantiv og verb

Sterke og svake hokjønnsord har i ytre strok same endinga i bestemt form eintal: den bygdaden visa, medan indre strok har ulik ending: den bygdei/bygdæden visa.

Mykje av dette sørlege e‑målet held på ‑r i ubestemt form fleirtal av substantiv og i presens av svake verb: fleire hester, han kaster. Men ikkje alle stader følgjer r-grensa i substantiv den tilsvarande grensa for ‑r i presens av verba. Setesdal har til dømes fleire hesta i fleirtal , men eg kastar presens. I området Arendal – Tvedestrand blir endings-r borte når substan­tivet/verbet står føre pause eller føre eit ord som tek til med konsonant (dette blir kalla «r-vokali­sering»).

Indre strok har tre endingar i ubestemt form fleirtal av hankjønns‑ og hokjønnssubstantiv, typen: fleire hesta, fleire skåli, fleire visu. Nokre mellombygder har to endingar: hesta(r), skåle(r), vise(r), medan ytre strok på Agder har full reduksjon av alle endingane: heste(r), skåle(r), vise(r). I kystområda av gamle Aust-Agder er det også vanleg at fleire inkjekjønnsord får endinga ‑er i ubestemt form fleirtal: epler, belter, og det gjeld også fleire einstava inkjekjønnsord: fleire huser, treer, brever og så bortetter (ofte med tonem 2 i desse formene).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Novus forlag, 1990.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, Høyskoleforlaget, 1997.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Høyskoleforlaget, 2005.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, Portal forlag, 2010.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg