Tinn er ein kommune lengst nord i Vestfold og Telemark fylke. Kommunen omfattar dalane som munnar ut i Tinnsjå, med skog- og fjelltraktene omkring. I aust og nord grensar Tinn mot Viken. Vestgrensa er mot Vinje frå Møsvassdammen og nordover. Mot sør går grensa mot Seljord, Hjartdal og Notodden. Tinn omfattar den søraustre delen av Hardangervidda.
I 1860 vart delar av Tinn slått saman med delar av Hjartdal til den nye kommunen Gransherad. Hovin vart skilt ut som eigen kommune frå Gransherad i 1886, og i 1903 vart ein del av Tinn kommune ført over til Hovin. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964, då området aust for Tinnsjå i tidlegare Hovin kommune vart slått saman med Tinn kommune. Området vest for Tinnsjå, det vil seie Rudsgrend og Busnesgrend i tidlegare Hovin kommune, vart overført til Notodden kommune.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.