Faktaboks

Etymologi

fiskereiskapen not

Administrasjonssenter
Notodden
Fylke
Telemark
Innbyggjartal
13 029 (2022)
Landareal
912 km²
Høgaste fjell
Bledalsrinden (1306 moh.)
Innbyggjarnamn
notodding/granshering/heddøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
4005 (frå 2024, tidl. 3808 og 0807)

Kommunevåpen

Tinfos I
Tinnelva med den første kraftstasjonen Tinfos I frå 1901. Her blei byen grunnlagd.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Notodden

Notodden sett frå sør, med det gamle industriområdet nede ved Heddalsvatnet i forgrunnen. Gjennom byen renn Tinnelva, og langs elva kan ein sjå kraftverket Tinfos II nedanfor Sagafossdammen.

Av /KF-arkiv ※.

Notodden er ein kommune nordaust i Telemark fylke. Kommunen strekkjer seg frå Blefjell (med blant anna Tverrgrønut, 1306 meter over havet) på grensa mot Tinn kommune og Numedal i nordaust, til Lifjell på grensa mot Seljord i sørvest.

Notodden bykommune blei skild ut frå Heddal i 1913. I 1964 blei Notodden slått saman med Heddal og Gransherad kommunar (utanom Jondalen) og dessutan ein del av Hovin. Notodden fekk dei noverande grensene sine i 2020, då området omkring Hjuksebø i Sauherad blei overført til kommunen.

Namnet Notodden kjem opphavleg frå husmannsplassen Notodden (som høyrde til garden Tinne) ved munningen av elva Tinne i Heddalsvatnet.

Natur

Fjellområda er bygde opp av den harde kvartsitten i bergartane i Telemarksuiten. Elles er berggrunnen granitt og gneis, som sjeldan når meir enn 700 meter over havet og er skogkledd. Sentralt gjennom kommunen renn Tinne frå Tinnsjå (187–191 meter over havet) til Heddalsvatnet (16 meter over havet). Til Tinne renn Fulldøla frå Follsjå sør for Blefjell. Til Heddalsvatnet renn òg Heddøla gjennom Heddal, som er ein vid dal med store lausmassar opp til cirka 160 meter over havet.

Befolkning og busetjing

Notodden fekk stor vekst i kjølvatnet av den store utbygginga av vasskraft og industri i 1905. Folketalet i kommunen nådde eit maksimum i midten av 1960-åra med vel 13 700 innbyggjarar. Folketalet har sidan halde seg forholdsvis stabilt. I tiårsbolken 2015–2024 auka folketalet med 5,3 prosent, ein sterkare vekst enn gjennomsnittet for fylket (3,0 prosent).

Meir enn to tredelar av innbyggjarane i kommunen bur i Notodden tettstad. Dei andre tettstadene i kommunen er Yli, fire kilometer vest for bysenteret, og Hjukse, seks kilometer sør for byen.

Næringsliv

Hydroparken
Hydroparken er i dag ein moderne industripark og samstundes eit viktig industrihistorisk kulturminne.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY 4.0
Vannstoffen
Norsk Hydros hydrogenfabrikk frå 1928, «Vannstoffen».

Utgangspunktet for industristaden Notodden var Tinne med tømmerfløyting og vasskraft. Det voks fram sagbruk og treforedling som gav grunnlag for den første byveksten. Vassdraget frå Skien til Heddalsvatnet blei kanalisert i 1861 og gav nye transportmoglegheiter. Tinfos Papirfabrik avløyste i 1894 Tinfos Træsliberi.

Notodden er blant dei største skogkommunane i fylket. I femårserioden 2017 til 2021 blei det i snitt avverka 90 000 kubikkmeter årleg; 58 prosent av dette var furu.

Neste trinn i industriutviklinga kom med Norsk Hydro, som i 1905 starta forsøk med salpeterproduksjon og utbygging av Svelgfoss kraftverk. Den første kommersielle fabrikken i verda for produksjon av syntetisk gjødsel blei sett i drift her i 1905. Produksjonen førte til stor aktivitet og tilflytting. Norsk Hydros etablering på Notodden og Rjukan er eit viktig døme på gjennombrotet for bruk av elektrisk kraft i industriproduksjon. Norsk Hydro, som var det viktigaste føretaket i kommunen, flytta den siste kjerneverksemda si ut av Notodden i 2001 og etablerte ein næringspark på det gamle industriområdet mellom Notodden sentrum og Heddalsvatnet.

Telemark fylkeskommune arbeidde fram forslag om å frede Hydroparken Notodden. Riksantikvaren gjorde vedtak om freding i september 2014, og sommaren 2015 blei Hydroparken oppført på UNESCOs verdsarvliste som ein del av Rjukan–Notodden industriarv.

Notodden har i dag variert industri med hovudvekt på verkstadindustri, plastindustri, metallindustri og næringsmiddelindustri.

Notodden er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 920 GWh per 2016. Det er åtte kraftverk i kommunen, og den største fallhøgda er 100 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Svelgfoss kraftverk (i drift frå 1958), Tinfos I kraftverk (1955), Grønvollfoss kraftverk (1933) og Årlifoss kraftverk (1915). Selskapet Tinfos AS har i seinare år spesialisert seg på å byggje småkraftverk i heile Noreg.

Heddal er ein av dei beste jordbruksbygdene i Telemark, medan Gransherad i nord er ei utprega skogsbygd.

Samferdsel

Hjuksebø
Sørlandsbanen går gjennom kommunen, men utan stopp. Tidlegare var Hjuksebø eit knutepunkt.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Sørlandsbanen går gjennom den søraustlege delen av kommunen, men utan stopp. Notodden er endestasjon for Bratsbergbanen frå Skien. Overgang til Sørlandsbanen er på Nordagutu. Persontrafikken mellom Notodden og Tinnoset blei nedlagd i 1991, medan tømmertrafikken til Gransherad tok slutt i 1993.

E134 (FrognKarmøy) går gjennom Notodden. Notodden flyplass, Tuven ligg vest for byen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Notodden kommune
Notodden kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Universitetet i Søraust-Noreg har ein studiestad i Notodden. Sjukehuset Telemark har ei avdeling på Notodden med medisinsk behandling og kirurgi, laboratorietenester, røntgen, CT, MR og ultralyd.

Notodden høyrer til Sør-Aust politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Kongsbergregionen saman med Flesberg, Hjartdal, Kongsberg, Nore og Uvdal, Rollag, Sigdal og Tinn.

Notodden kommune svarer til dei fire sokna Gransherad, Heddal, Lisleherad og Notodden i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Notodden til Nedre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Notodden

Notodden 1925
Hydros fabrikker og jernbanestasjonen i 1925.
Av /Nasjonalbiblioteket.

For statistiske føremål er Notodden kommune (per 2016) delt inn i seks delområde med til saman 49 grunnkrinsar:

  • Gransherad: Busnes – Rudsgrend, Tinnoset, Nisi, Bøen – Brekke, Håve, Årlifoss, Folsland, Bolkesjø
  • Heddal: Sauar, Åse, Tveiten, Seljord, Håberg, Stivi, Holla, Rygi, Skilrud, Sem, Hustveit, Yli, Strand
  • Notodden vest: Tinnes 1, Tinnes 2, Meaksmoen, Anundskås, Sagafoss
  • Notodden nordøst: Lisleherad, Svelgfoss, Nordre Skogen, Søndre Skogen, Kasinmoen – Lien, Skoleområdet, Lienveien, Sætre, Høibødalen, Høibøkåsa, Høibøjordet
  • Notodden sør: Sentrum sør, Sentrum nord, Hvåla, Tinnebyen, Tinne, Tveiten sør, Tveiten nord, Ramberg
  • Høgås: Høgås nedre, Høgås midtre, Høgås øvre, Nybuåsen, Andgard, Hjuksebø

Historikk og kultur

Heddal stavkyrkje

Heddal stavkyrkje blei bygd på midten av 1200-talet og er den største av dei bevarte stavkyrkjene våre.

Av /KF-arkiv ※.

Heddal stavkyrkje blei bygd på 1200-talet og restaurert i perioden 1952–1954. Ho ligg fem kilometer vest for byen og er den største stavkyrkja i landet. Notodden kyrkje er ein basilika i tegl frå 1938 med altertavle av Henrik Sørensen.

I 2013 opna industrimuseet Lysbuen, som fortel om Norsk Hydros etablering på Notodden. Museet inngår i verdsarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv, og er lokalisert i den gamle papirfabrikken på Tinfos. Bolkesjø sør for Blefjell har lange tradisjonar som skysstasjon og overnattingsstad. Kanalbåten M/S Telemarken trafikkerer Telemarkskanalen frå Notodden til Lunde i sommarhalvåret.

Heddal bygdetun er eit friluftsmuseum med blant anna ei samling av hus frå 1500- til 1900-talet, og dessutan treskurd- og bunadsutstilling. Telemarksgalleriet har faste utstillingar heile året. Notodden Blues Festival blir arrangert kvar sommar.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1939) har ei sølvfarga, loddrett elv som sender ut sølvfarga lynstrålar mot blå bakgrunn. Dette skal symbolisere vasskraft.

Kart

Bykart – sjå Notodden tettstad

Kart over Notodden kommune
Kart over Notodden kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hansen, Jens Christian: Notodden, 1963. Les boka på nb.no
  • Holta, Ole Halvorsen: Hitterdalsboken : gaarde og slegter, 1926. Les boka
  • Moen, Ragnar: Det var den gang- : et tilbakeblikk på Notodden og bygdene omkring, 2004, isbn 82-92053-15-8.
  • Tjønnås, Ketil: Gransheradsoga, 1977. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg