Vestfjorddalen

Vestfjorddalen med Rjukan og Gausta.

Vestfjorddalen er eit dalføre i Tinn kommune i Telemark, med elva Måna, mellom Møsvatn og Tinnsjå. Dalen er trong, og sidene reiser seg 700–800 meter bratt opp frå dalbotnen nedanfor Rjukanfossen; ovanfor er dalen vid og open.

I Vestfjorddalen ligg Rjukan. Gjennom dalen går riksveg 37 ÅmotRaulandRjukanKongsberg. På sørsida reiser Gausta (1883 moh.) seg nesten 1600 m direkte opp frå dalbotnen. Rjukanbanen gjennom dalen, som blei opna i 1909 med elektrisk drift, er freda som museumsbane.

Namnet er etter lægjet; dalen går vestover frå Vestfjorden, den vestlage armen av Tinnsjå.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg