Seljord

Faktaboks

landareal:
669 km²
innbyggertall:
2 888 (1.1.2020)
administrasjonssenter:
Seljord
fylke:
Vestfold og Telemark (tidlegare Telemark)
innbyggernavn:
seljording, åmotsdøl
målform:
nynorsk
kommunenummer:
3820 (frå 01.01.2020, tidlegare 0828)
høyeste fjell:
Brattefjell (1540 moh.)

Kommunevåpenet til Seljord har en gull sjøorm mot en rød bakgrunn.

Seljord. Utsikt over Flatdal, det verneverdige klyngetunet Flatdalslandsbyen og det særprega jordbrukslandskapet sørover mot Seljord sentrum.

Av /KF-arkiv ※.
Folketallsutvikling Seljord.

Seljord er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke. Kommunen ligg sentralt i Telemark, omkring Seljordvassdraget og Seljordsvatnet.

Natur

Frå Skardstaul i Åmotsdal, lengst nord i kommunen.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Berggrunnen hører til Telemarksformasjonens harde kvartsittar. Hovuddalen Flatdal med Åmotsdal og den tronge Kivledalen med Sundsbarmvatn munnar begge ut ved vestenden av Seljordsvatnet. Mellom dalane ligg fjellet Skorve (1370 meter over havet), men høgast er Brattefjell (1540 meter over havet) nord i kommunen.

Etter senking av Flatsjøen ytst i Flatdal er Flatdaløyene dyrka opp og utgjer eit lettbrukt jordbruksland. Brattefjell-Vindegga landskapsvernområde, dels òg i Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, er på i alt 397,5 kvadratkilometer og ligg lengst nord i kommunen.

Befolkning og busetnad

Folketalet i kommunen nådde eit maksimum alt midt på 1800-talet med nesten 4 000 innbyggjarar. Det minka deretter til omkring 1910, då det var snautt 2 900 innbyggjarar. Etter ein vekst i 1970-åra følgt av ein nedgang i 1990-åra har folketalet halde seg stabilt.

Det meste av busetnaden er samla i tettstaden og administrasjonssenteret Seljord, ved nordenden av Seljordsvatnet, i Flatdal og i fjellbygda Åmotsdal. I 2020 hadde Seljord tettstad 1396 innbyggarar.

Næringsliv

Jord- og skogbruk er hovudnæringar. Jordbruksarealet utgjorde i 2015 i alt 12 287 dekar. Det blir dyrka noko bygg, men det aller meste av jordbruksarealet er eng til slått og beite. Skogavvirkinga var i 2015 på 9 943 kubikkmeter. Av dette utgjorde gran 7 885 kubikkmeter, furu 2023 kubikkmeter og lauv 35 kubikkmeter. Innan industrien dominerer trevare- og møbelindustri, næringsmiddel- og verkstadsindustri.

Seljord er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 546 GWh per 2016. Det er elleve kraftverk i kommunen, høgaste fallhøgd er 98 meter. Kraftverket med høgast gjennomsnittsproduksjon er Sundsbarm kraftverk, som kom i drift i 1970.

Samferdsel

E 134 (Drammen–Haugesund) kjem inn i kommunen i Flatdal, går så sørover til Seljord sentrum, der vegen møter riksveg 36 frå og Grenland, før han held fram vestover. Det går fylkesveg gjennom Åmotsdal til Rauland og Øyfjell i Vinje.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

I Seljord sentrum ligg ei avdeling av Vest-Telemark vidaregåande skule. Her finn ein også Seljord folkehøgskule.

Seljord hører til Sør-Øst politidistrikt, Vest-Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje.

Seljord kommune svarar til dei tre sokna Flatdal, Seljord og Åmotsdal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-tallet hørte Seljord til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkretsar i Seljord

For statistiske formål er Seljord kommune (per 2016) inndelt i tre delområde med til saman 15 grunnkretsar:

  • Seljord: Seljord sentrum-sør for riksveg, Seljord sentrum-nord for riksveg, Bjørgesida/Manheim, Vefald/Brekke, Garvik, Dale/Napastå/Jamgrav, Nordbygda, Krokan
  • Flatdal: Flatdal, Svartdal, Mandal
  • Åmotsdal: Langlim, Dyrlandsdalen, Kyrkjemoen, Skori

Historikk og kultur

Seljord kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil frå siste halvdel av 1100-talet.
Seljord kyrkje

Fesjået for telemarksfe, Dyrsku'n (sidan 1866), har utvikla seg til ein viktig handelsmarknad. I juli blir det arrangert kappleik i dans og på fele og kunstutstillingar. Seljord har til alle tider vore rikt på folketradisjonar. Det var her folkeminnesamlarane Magnus Brostrup Landstad og Olea Crøger fann mye av tilfanget til den store samlinga Norske Folkeviser. Den viktigaste tradisjonsberaren både for eventyr og balladar var Anne Golid på Seljordsheia. Myllarguten var fødd i Seljord. Seinare har folkemusikarar som Leiv Sandsdalen, Jørgen Tjønnstaul og Signe Flatin Neset utmerka seg. Treskjeraren Olaf Glosimodt blei seinare ein kjent bilethoggar i København. Som ganske ung skar han døpefonten i Seljordskyrkja.

Seljord kyrkje er reist på 1100-talet. Utanfor kyrkja står Anne Grimdalens monument over Magnus B. Landstad, som var prest i Seljord mellom 1840 og 1848. Like ved ligg steinen på 570 kg som «Sterke-Nils» (Nils Olsson Langedal, 1722–1800) skal ha løfta. I Flatdal ligg Flatdal kyrkje frå 1654 og dessutan Nutheim gjestgiveri.

I Seljord sentrum er det eit minnesmerke over 11 amerikanske soldatar som miste livet i ei flyulykke på toppen Gøysen på Skorvefjellet i 1944. Berre ein månad seinare styrta eit tysk passasjerfly på Hestnutan i det same området.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ein gull sjøorm mot en raud bakgrunn; siktar til ormen i Seljordsvatnet.

Kart

Av /Store norske leksikon ※.

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

  • Flatin, Tov: Seljord, 1942–54, 3 b., Finn boka
  • Karlberg, Odd og Sigrun Dyrland Eidal: Seljord, [2003], 2 b. (Ny, omarbeidd utgåve av Seljord av Tov Flatin)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg