Faktaboks

Administrasjonssenter
Sauland
Fylke
Vestfold og Telemark (fra 01.01.2020, tidlegare Telemark)
Innbyggjartal
1 562 (2022)
Landareal
737 km²
Høgaste fjell
Gaustaråen (1615 moh.)
Innbyggjarnamn
hjartdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3819 (frå 01.01.2020, tidlegare 0827)

Kommunevåpen

Hjartdal

Hjartdal. Bergtjønn ved Reisjå i Bondal, sett mot den trolske Bonsnos (1304 moh.) i nord. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Hjartdal er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke, vest for Notodden. Kommunen omfattar fjellbygdene Hjartdal og Tuddal, den breiare dalbygda Sauland, og store fjell- og skogvidder mot Gausta i nord og Lifjell i sør.

Natur

Gaustaråen
Utsikt mot Hjartdal frå Gaustatoppen.
Gaustaråen
Lisens: CC BY SA 3.0

Berggrunnen høyrer til det austnorske grunnfjellsområdet; bergartene vekslar mellom gneis og den harde kvartsitten i Telemarksuiten, som gir dei høgaste fjella. Sør for hovuddalen finn vi Mælefjell (1413 meter over havet) på grensa mot Seljord, i nordvest ligg Vindeggen (1516 meter over havet). Kommunens høgaste punkt er på Gaustaråen, den søraustlege utløparen frå Gausta, på grensa mot Tinn. Området Brattefjell/Vindeggen sørvest for Gausta er landskapsvernområde.

Befolkning og busetnad

Folketalet i kommunen fall frå cirka 3000 innbyggjarar i 1850 til cirka 2 000 etter andre verdskrigen, og har sidan stort sett gått attende. I tiårsperioden 2014 til 2023 minka talet på innbyggjarar i kommunen med 0,9 prosent.

I Sauland søraust i kommunen er dalen open, med gode tilhøve for jord- og skogbruk. Busetnaden med administrasjonssenteret Sauland ligg i dalbotnen, på marine avleiringar avsett då havet nådde lenger inn over land enn i dag. I Hjartdal kyrkjebygd ligg busetnaden på moreneavsetningari dalsidene, opp til cirka 600 meter over havet. Tyngda av busetnaden i Tuddal ligg i kyrkjebygda.

Næringsliv

Landbruket er dominert av husdyrhald i kombinasjon med skogen og andre næringar, særleg bygge- og anleggsarbeid. Klima, jordbotn og terreng høver best for jordbruk i Sauland. Heile 25 % av arbeidsplassane i kommunen er knytt til jord- og skogbruk (2021). Jordbruksarealet er ca. 11 000 dekar, mest berre kultureng og beite. I femårsbolken 2017 til 2021 var skogavverkinga på i snitt 32 700 m3 årleg. Tre firedelar av dette var gran.

Kommunen har lite industri; derimot er det mange som er sysselsett i bygge- og anleggsverksemd.

Turismen er viktig for fjellbygdene. Kommunen har satsa stort på hyttebygging. I 2022 hadde kommunen 2476 hytter og fritidsbustader, ein auke på 40 prosent sidan 2006.

Hjartdal er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 466 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er seks kraftverk i kommunen. Det største er Hjartdøla kraftverk (i drift frå 1958), som nyttar vassdraga vest for Tuddal og nord for hovuddalføret.

Samferdsel

E134 (FrognHaugesund) går gjennom kommunen i sør. Frå Sauland går fylkesveg 3430 gjennom Tuddal, vidare langs austsida av Gausta til Rjukan, passhøgd 1260 meter over havet. Øvre del av vegen er stengt om vinteren.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Kart: Hjartdal kommune i Telemark

Hjartdal kommune i Telemark fylke.

Kart: Hjartdal kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Hjartdal hører til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Kongsbergregionen saman med Flesberg, Kongsberg, Nore og Uvdal, Notodden, Rollag, Sigdal og Tinn.

Hjartdal kommune svarar til soknet Hjartdal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-tallet hørte Hjartdal til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Grunnkrinsar i Hjartdal

For statistiske formål består Hjartdal kommune (per 2016) av 9 grunnkrinsar: Hjartdal, Kvammen, Lonar, Midtbygda Sauland, Landsverk, Hovde/Sønderland, Tuddal/Bondal, Kovedalen og Bjordøla.

Historikk og kultur

I kommunen er det uvanleg mange svært gamle og freda bygg. På Frøland ved Sauland står eit loft frå seinmellomalderen, medan i ytre Hjartdal finst gamle hus på gardar som Løksli, Haugan og Øverbø. På Øvre Åbø i Hjartdal og Søndre Bøen i Tuddal finst loft frå 1200-talet. Hjartdal kyrkje frå 1809 har preikestolalter og galleri med rike utskjeringar. Risvolloftet på Holm nær kyrkja er freda og datert til 1471. Sauland stavkyrkje vart rive i 1860, men portalen er utstilt i første etasje på Kulturhistorisk museum i Oslo.

Tuddal bygdetun omfattar 15 gamle hus frå bygda og er eit av dei mest komplette bygdetuna i Telemark. I museumsbygget er det ulike utstillingar om sommaren. I sentrum av Tuddal finst Buen Kulturverkstad, Tuddal Amfi og Tonehall, som blir drive av Knut Buen. Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunnet driv leirstaden Bondal Fjellstue. Kvart år blir det her avvikla fleire leirar for barn, ungdom, vaksne og eldre. Bondal Bygdetun på Suigard er ei samling eldre bygningar i dagleg bruk og med tilhøyrande museumsbygning.

Hjartdal Nordbygd (med Ambjørndalen) vart saman med Svartdal i Seljord peika ut som heilskaplege kulturlandskapsområde i 1994. Hjartdal fekk den første nasjonale kulturlandskapsprisen i 2007, og garden Sud-Åbø midt i Hjartdal er ført opp på lista over utvalde kulturlandskap i landbruket saman med 31 andre område (2017).

Presten Magnus Brostrup Landstad gjorde balladar og folkeminne fra Hjartdal kjent, og målarar som Adolph Tidemand, Hans Gude, Harald Kihle og Henrik Sørensen var fleire gonger på vitjing i Hjartdal.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ein ståande hjort i sølv mot ein grøn bakgrunn. Motivet viser til ein mindre hjortestamme i kommunen.

Namnet kjem truleg av eit eldre namn Hjarta på Hjartdøla, av dyrenamnet ‘hjort’. I eldre tekstar er området omtala som Hierdal.

Kart

Kart over Hjartdal kommune
Kart over Hjartdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dahl, Ivar T.: Bygdefolk – før i verden : kulturarv og tradisjon i Hjartdalsbygdene, 2005, isbn 82-92053-17-4
  • Dahl, Ivar T.: Glimt av Tuddal – før i verden, rev. utg., 2001, isbn 82-994765-2-6
  • Hardang, Arne: Kyrkje- og prestesoge for Hjartdal, 1994, isbn 82-991168-6-4. Les boka på nb.no
  • Karlsrud, Gjertrud Kleveland: Hjartdalsoga: gard og ætt, 1987–2000. Les bøkene på nb.no
  • Nes, Trygve: Hjartdal i bilder, 2. utg., 2003, isbn 82-992218-9-7
  • Wagn, Anne Haug: Bygningsarv i Hjartdal, 1992. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg