Det er vanskeleg å sjå vesentlege endringar av den folkelege politiske kulturen før heilt mot slutten av einevaldstida, i nokre få tiår før 1814. Korkje ideologi eller lovverk vart vesentleg mildna når det gjaldt krav om underordning og lydnad, sjølv med periodar med større opningar for trykte og munnlege ytringar og meiningar, og mot slutten av einevaldstida vart jamvel tyglane strama inn.
Krigsåra i perioden 1807–1814 (napoleonskrigane) kravde større politisk overvaking enn nokon gong. Samstundes var det i desse åra at misnøya med politikken til riksstyret verkeleg kom til uttrykk, og ikkje minst blant borgarar og kjøpmenn vart det klart at regimet i København ikkje tok nok omsyn til norske interesser. Men også bøndene ga uttrykk for misnøye med regjeringa i København, som fekk skulda for at svolt og matmangel i Noreg under den britiske blokaden. Fredrik 6 heldt fast på alliansen med Frankrike, og han la for dagen ein politisk urealistisk lojalitet til Napoleon; ei utanrikspolitiske line som varte urimeleg lenge, noko som førte til svensk siger og sprenging av fellesskapet mellom Danmark og Noreg.
Enkelte har likevel framheva at retorikken frå ålmugen kunne tene som reiskap, og at kongetruskapen til nordmennene ikkje alltid var like sterk som det vart hevda av styresmaktene. Øystein Rian skriv at dei underdanige og kongetru formuleringane som bøndene stilte seg bak, like mykje er eit prov på at dei var lure som at dei hadde ein utvikla rettferdssans. Det var utenkjeleg å kritisere kongen.
Bondemotstanden var til tider stor i Noreg før 1814. Og handlingsrommet kunne vere stort for folk, som til dømes når bøndene rundt Oslofjorden i 1780- og 1790-åra ustraffa nekta å brenne og levere kol. Skattenekten i norske område frå 1711 og utover og i 1760-åra er døme på det same. Straffereaksjonane i krigsåra 1808 og 1814 var også få og milde mot bøndene på Austlandet som var motvillige med skyss og transport for dei norske militære styrkane, og ingen vart avretta for desertering. I alle desse tilfella hadde bøndene ei eller anna form for støtte frå delar av embetsverket.
Det som likevel kjenneteikna bondemotstanden, var legalisme eller lovlydnad. Det heng nøye saman med den kongetruskapen og forventninga om lydnad som ålmugen artikulerte i breva sine. Det er slåande kor viktig det var for ålmugen å definere protesthandlingane sine som lovlege, og at det ikkje var meininga å bryte lover og forordningar som kongen hadde gjeve. Vi finn få skriv som viser kritikk av konge, regime og samfunnsordning. Ein ville på ingen måte utfordre den autoriteten som kongen og staten representerte, eller rokke ved eller truge den sosiale orden. Motstanden og kritikken vart ofte retta mot einskilde embetsmenn eller andre standspersonar.
To særskilde bondeopprør i Noreg er verd å nemne: dei militære opprøra i Oppdal i 1752 og i Lærdal i 1799–1802. I begge tilfella missa bøndene privilegium eller fridom frå å gjere militærteneste, og dette skapte stort sinne og misnøye. Bøndene i Oppdal og Lærdal opplevde tapet av særrettar som stor urett og ein trugsmål mot identitet og sjølvkjensle. Straffereaksjonane frå styresmaktene var i utgangspunktet strenge. Leiaren i Lærdal vart avretta og fleire måtte sone straff i fengsel, medan nesten 100 soldatar i Oppdal vart dømde til brutal spissrotgang og fleire år i fengsel. For Oppdals del vart straffa mildna mykje. Spissrotgangen vart sløyfa, fengelsstraffene vart reduserte frå år til månader, og ein minska monaleg bøtene som dei vaksne bøndene hadde fått.
I desse to militæropprøra finn vi handlingar som retta seg mot regimet sentralt, og som konge og regjering fant trugande. I Oppdal fekk også allmugen hjelp frå det lokale embetsverket og frå embetsverk i Trondhem til å få redusert straffene. Og det er tydeleg at allmugen ikkje opplevde at embetsmenn var skuldige i tapet av privilegium eller fritaket for militærteneste.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.