Håkon 4 døydde i 1263, og sonen Magnus Lagabøter tok over styret av Noreg og lovreformarbeidet. I 1267 la Magnus Lagabøter fram ei revidert lovbok for Gulating, som òg var gjeldande for vesterhavsøyane Orknøyane, Shetland og Færøyane. I 1268 fekk Eidsivating og Borgarting sine omarbeidde og oppdaterte lovbøker. Men i 1269 avviste Frostating den reviderte lovboka som kongen la fram. Bakgrunnen var at kongen i for stor grad regulerte kristenretten, som erkebiskop Jon Raude meinte berre kyrkja kunne røra ved. I Noreg hadde konge- og kyrkjemakt tidlegare samarbeidd om utforminga av kristenrettane. Innhaldet i Magnus Lagabøter sin kristenrett representerte heller inga utfordring for kyrkja. På nokre punkt gjekk han faktisk lenger i å ta inn kyrkjerett, kalla kanonisk rett, i norsk rett enn det erkebiskopen seinare sjølv gjorde.
Etter nederlaget på Frostating leid kongen eit nytt nederlag på Island. Her vedtok Alltinget berre mindre delar av den reviderte lovboka for denne delen av det norske riket. Fyrst i 1273 vart heile lovboka, seinare kalla Jarnsíða, vedteken. Same året inngjekk kong Magnus Lagabøter og erkebiskop Jon Raude ein avtale om grensa mellom lovgjevingsmakta til konge og kyrkje. Vinteren 1273–1274, medan erkebiskopen var på reise for å få paveleg godkjenning av avtalen, vart arbeidet med Landslova sluttført i kanselliet ved kongen sitt slott i Bergen. Anna Catharina Horn har vist at mest truleg omarbeidde og forbetra ein då lovboka som vart vedtatt på Gulating i 1267.
Ei tolking av islandske annalar gjer det truleg at Lovboka vart fyrst vedtatt på Frostating sommaren 1274. Det hasta nok mest med å få vedtatt lovboka på Frostating av to grunnar. For det fyrste var det berre Frostating som ikkje fekk ny lovbok i 1267 og 1268. For det andre var erkebiskopen bortreist, og dermed var det mindre sjanse for at det vart organisert ein motstand mot lovgjevinga slik det vart i 1269. Seinare vart Landslova vedtatt på Gulating, Borgarting og Eidsivating kvar for seg.
Landslova var eins for heile riket, med unnatak for Island. På den eine sida bygde Landslova på reglar henta frå dei fire landskapslovene. Forskinga til Brage Thunestvedt Hatløy har viser at om lag ein fjerdedel av Landslova er henta direkte får eldre rett, ein like stor del er litt omarbeidd eldre rett, ein fjerdedel er mykje omarbeidd eldre rett, og like mykje er ny rett. På den andre sida gjorde dette likevel at kvart av lagdøma fekk inn store delar av rett frå dei andre tre lagdøma. Dette førte til ei større rettsendring enn den romerske og kanoniske retten som òg prega Landslova.
Vidare vart mange reglar henta frå landskapslovene endra på sentrale punkt. Dette fordi Landslova var tufta på den juridiske differensieringsteknikken som var utvikla med universitetsstudia av romersk og kanonisk rett frå midten av 1100-talet. Det gjorde at dommarane etter Landslova skulle vurdera ei sak frå alle sider og sjå til at dommen vart så nyansert og tilpassa omstenda at Gud ville vera nøgd med han, som det heiter i Landslova. Dette var eit viktig instrument for å mildna dei meir brutale delane av landskapslovene og var årsak til den store endringa av norsk rett som følgde med Landslova.
Kommentarer (2)
skrev Inger Hofseth
Fins det noe i landsloven som kan minne om regler for vern av privatliv, ev husfred?
skrev Jørn Øyrehagen Sunde
Reglar om husfred finst det i Landslova, slik det finst i eldre lovverk. Reglane vert gjerne knytt til andre fredsreglar, som kyrkjefred, heilagdagsfred, julefred og arbeidsfred. Dette settet med fredsreglar har sitt opphav i ei rørsle frå slutten av 900-talet, med utspring i Sør-Frankrike, som ønskte å avgrensa valdsbruk med å gjera særlege stadar og tidspunkt fredheilage. Det vil seia at bruk av vald slike stadar og tidspunkt var særleg alvorleg. Så husfred var ikkje knytt til privatlivet spesielt, men til vernet mot valdsbruk. Motsatsen til husfred var at ein sjølv hadde større rett til å bruka vald i eigen heim mot inntrengjarar enn andre stadar, utan at det heller er reglar som står i samband med dei idear om privatlivets fred som vi har i dag. Men i Landslova har ein òg vern mot ransaking ved mistanke om eit brotsverk. Dette er reglar som ikkje er knytt til vernet mot valdsbruk, men er heller uttrykk for at det finst ein grense for i kva grad samfunnet sine representantar kan trengja inn i nokon sin heim. Det er ikkje ein regel om privatlivets fred i moderne forstand. Men på eit abstrakt nivå er det likevel ein viss slektskap mellom slike tankar om privatlivets fred i dag.
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.