Teikning av kong Olav på tinget
I tida ca. 800–1100 var det i Noreg ei svak og primitiv sentralmakt eller kongemakt, og mykje av den politiske makta vart utøvd av lokale høvdingar og bondekollektiv. Teikning av Gerhard Munthe (1899): «Kong Olav stemnte ting med bøndene».
Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Folkeleg politisk kultur i førmoderne tid er ofte normer for politiske handlingar og aksjonar som gjeld utanfor maktapparatet rundt konge og regjering. Det vil seie kva ord, uttrykk og handlingar som var tillate for undersåttane når dei i organiserte former eller i samla flokk ville nå fram overfor styresmaktene eller andre sosiale grupper. Desse normene kunne bli definerte på nytt som følgje av den politiske kampen mellom ulike grupper eller etter konfliktar mellom folket og styresmaktene, og ikkje minst kunne det stå strid om kva slags normer som skulle gjelde. Vi kan snakke om eit politisk handlingsrom som heile tida var under press og under endring.

Ein folkeleg politisk kultur er ofte forma av dei rammene som statsmakta set. Ei svakt utvikla statsmakt før 1500-talet førte gjerne til eit større indre konfliktnivå i eit land, og det var større aksept for at einskilde personar, familiar og grupperingar løyste konfliktar og rivalisering med vald. I slike samfunn hadde også dei væpna konfliktane karakter av å vere feidar, som maktkampar mellom kongar og hans støttespelarar og andre aristokratiske grupperingar. I slike samfunn var det også rom for valdeleg opposisjon nedanfrå. Føresetnaden for at slike opprør skulle bli vellukka, var at adelege grupper leidde opprøra og dreiv dei fram.

I eit sentralisert statssamfunn der regjering og sentralstyresmakter rår over dei militære maktmidla åleine og har kontroll over politimakt og domstolar, er vilkåra heilt annleis. Her vil væpna opposisjon ikkje kunne bli tolerert, og opprør får store konsekvensar for leiarar og deltakarar, slik som fengselsdommar eller dødsstraff.

Stat og lokalt folkestyre

Vilkåra for politisk kultur endra seg mykje fra vikingtida og til 1800-tallet. I tida ca. 800–1100 var det i Noreg ei svak og primitiv sentralmakt eller kongemakt, og mykje av den politiske makta vart utøvd av lokale høvdingar og bondekollektiv. På 1200- og 1300-talet kom gjennombrotet for ei statsmakt som baserte seg på eit lovverk, eit byråkrati, kongelege domsapparat og tilløp til konstitusjonelle ordningar som regulerte maktfordeling mellom konge, kyrkje og bondesamfunn. Landslova frå 1274 la ned forbod mot at kongen skreiv ut nye skattar utan samtykke frå bøndene, og kyrkja fekk etter avtalar i 1270-åra stadfest politisk og økonomisk sjølvstende og store økonomiske rettar, som rett til tiend og avgifter og skattefridom.

Frå 1270-åra stødde kongemakta aktivt arbeidet med å skape eit sterkt lokalt sjølvstyre for bøndene, med lensmenn, lagrettemenn og kyrkjevergar. Den såkalla norske bondekommunen varte fram til 1600-talet, då den danske-norske maktstaten degraderte bøndene og la mange administrative funksjonar til embetsverket – til fut, sokneprest og sorenskrivar. På 1700-talet vart lokalstyret styrkt med bønder som fikk sitje i fattig- og skolekommisjonar, og med utviklinga av bygde- og soknekommisjonar som stadig utvida kompetansen sin. Dei handsama og løyste fleire ulike kommnale saker, slik som skule- og fattigstell, veg- og brubygging, kyrkjebygg og regulering av allmenning.

Opprør i det førmoderne samfunnet

I eldre historieforsking såg ein gjerne opprør og større konfrontasjonar mellom folk og styresmakter før 1800-talet som brot på ein definert rettstilstand, trussel mot politisk og sosial orden og som bruk av ulovlege virkemiddel, særleg om det var snakk om vald. I nyare forsking har det vore ein tendens til å framheve at det ofte er vanskeleg å trekke klåre grenser mellom lovlege og ulovlege politiske aksjonar. Fleire utanlandske arbeid har vist til at styresmaktene til ein viss grad aksepterte at bondeaksjonane hadde innslag av vald, så lenge ikkje den politiske og sosiale orden vart truga.

I det gamle samfunnet hadde opptøyar og aksjonar preg av å vere spontane og lite organiserte. I dei få tilfella dei hadde leiarskap, høyrde leiarane gjerne til høgare sosiale lag enn den hissige folkemengda, og ofte spela leiarane ei nokså anonym rolle. Opptøyane og aksjonane hadde derfor sjeldan bakgrunn i ei opposisjonell samfunnsforståing eller ideologi, eller i førestillingar som peika mot freistnad på samfunnsomvelting. Historikaren George Rudé karakteriserar aksjonane i førindustriell tid som «food riots» eller brødopptøyar. Folket aksjonerte mot høge matprisar, ofte prisar på brød og korn. Og motivet for det Rudé kaller «riots», var ønsket om å vinne attende tapte rettar eller å gjenopprette ein normaltilstand.

Rudé definerte det førindustrielle samfunnet for Storbritannia og Frankrike til tida før ca. 1840, medan for andre vestlege land strekte perioden seg enda lenger ut på 1800-talet. I det industrialiserte samfunnet, som voks fram i siste del av 1800-talet og utover på 1900-talet, kom derimot leiarskap, organisasjon og samfunnskritikk, og i fleire tilfelle revolusjonær ideologi, til å bli viktige komponentar i opposisjonelle folkelege rørsler.

Folkeleg motstand ca. 900–1500

I det førstatlege samfunnet i Noreg i vikingtida og mellomalderen blir det vanskelig å skilje mellom folkeleg opposisjon og annan politisk aktivisme sidan kongemakta var svak, og fleire stormenn gjorde krav på makta. På den andre sida syner motstandsretten som trønderane lovfesta på byrjinga av 1000-talet, at bøndene evna å skape ei kollektiv forsvarsordning mot maktmisbruk frå konge, jarl og lendmenn. Bøndene skulle blant anna gå mann av huse og drepe ein konge om han hadde fare ille fram mot bøndene. Men med framvoksteren av eit rikskongedømme med statsutvikling vart det ein tydelegare definisjon av ulydnad og utroskap frå undersåttar mot kongen. Både Sverres saga og Håkon Håkonsson fordømmer bondeopprør, som altså fann stad på slutten av 1100-talet og på 1200-talet.

Adelen hadde på 1300- og 1400-talet rett til å føre feidar, og det fanst eit politisk handlingsrom for at aristokratiet kunne drive militær aktivisme i opposisjon mot kongen. Det vart tilfelle i stormannsopprøra mot kong Magnus Eriksson i 1330-åra. Elles vart bøndene involverte i større politiske oppgjer, og deltok også militært, der både norsk aristokrati og dansk og svensk riksstyre var tunge aktørar. Det er verd å merke seg at kongemakta til ein viss grad aksepterte militær maktbruk og opposisjon, men ho ville tillate langt meir frå aristokratiet enn frå bøndene. Bondeopprør på 1400-talet i Noreg var sterk bundne til opposisjon i norsk lågadel, og i eit tilfelle også kyrkja og den høgare adelen i Noreg.

Sjølvstendetapet og reformasjonen i 1536

Etter at Noreg mista sjølvstendet til Danmark i 1536, vart opprør sterkt fordømt, og ordet opprør erstatta ord som reisning og oppløp. Det er også no undersåttar vart innarbeidd som vanleg nemning om innbyggjarane i riket, noko som reflekterte at kongen sto høgt og folket i forpliktande truskap og lydnad til han. Utetter 1500-tallet gjorde staten meir og meir krav på fysisk valdsmonopol. Reformasjonen bidrog også sterkt til å styrke lydnadskravet overfor undersåttane. Martin Luther gjorde det klårt at folk skulle lyde fyrsten, og at fyrsten skulle vere overhovud både på verdslege og geistlege område.

I Danmark-Noreg som i andre lutherske land la kongen kyrkja under seg og innlemma ho i statsapparatet. Frå 1537 og utetter kom det lovgiving som kravde at folk berre vedkjende seg lutherdomen, og seinare kom det lover som landsforviste og truga personar med dødsstraff om dei var medlemmar av andre kyrkesamfunn. Christian Vs Norske lov frå 1687 slo fast at folk som spotta Gud og tala stygt om kongen og familien hans skulle bli drepen på bestialsk vis.

Bondeaksjonar ca. 1500–1800

Norske historikarar har gjerne understreka at bondeaksjonar i Noreg i tida ca. 1500–1800 var lokalt avgrensa, hadde lite omfang og var knytte til konkrete saker. Bøndene la vekt på å vise til lova og nedarvde rettar og til det som frå gamalt av hadde vore skikk og bruk. Denne legalismen eller trua på gamal lov og rett gjorde mykje av bondemotstanden fredeleg og dempa, og han bana veg for løysingsorientert kontakt og samhandling mellom styresmakter og folk.

Folkeleg opposisjon i det førmoderne samfunnet arta seg ofte som spontane reaksjonar på auka byrder eller raskt forverra vilkår som stat, kyrkje eller adel var skuld i. Eksempel på byrder er auka skattar, større ytingar til militæret i form av mannskap og utrustning, og skjerping av arbeidsplikt på adelege hovudgardar. Det er innanfor denne ramma vi må sjå den ofte sporadiske, individualiserte, lite organiserte og spontane kvardagsmotstanden som tredde langt meir fram og skjedde oftare enn den kollektive og organiserte opposisjonen.

Vi kan skilje ut fire ulike samanhengar som provoserte fram folkeleg opposisjon og ålmugeaksjonar:

  1. Når gamle rettar og privilegium vart krenka av styresmakter eller høgare sosiale grupper.
  2. Når embetsmenn gjorde seg skuldige i maktmisbruk og overgrep.
  3. Når ålmugen vart utsett for nye skattar eller auka skattetrykk.
  4. Når folk opplevde matmangel og at kjøpmenn skodde seg på naud og svolt ved å skru opp prisane på korn og matvarer.

Utvikling mot regimekritikk

Regimekritikk før 1814

Det er vanskeleg å sjå vesentlege endringar av den folkelege politiske kulturen før heilt mot slutten av einevaldstida, i nokre få tiår før 1814. Korkje ideologi eller lovverk vart vesentleg mildna når det gjaldt krav om underordning og lydnad, sjølv med periodar med større opningar for trykte og munnlege ytringar og meiningar, og mot slutten av einevaldstida vart jamvel tyglane strama inn.

Krigsåra i perioden 1807–1814 (napoleonskrigane) kravde større politisk overvaking enn nokon gong. Samstundes var det i desse åra at misnøya med politikken til riksstyret verkeleg kom til uttrykk, og ikkje minst blant borgarar og kjøpmenn vart det klart at regimet i København ikkje tok nok omsyn til norske interesser. Men også bøndene ga uttrykk for misnøye med regjeringa i København, som fekk skulda for at svolt og matmangel i Noreg under den britiske blokaden. Fredrik 6 heldt fast på alliansen med Frankrike, og han la for dagen ein politisk urealistisk lojalitet til Napoleon; ei utanrikspolitiske line som varte urimeleg lenge, noko som førte til svensk siger og sprenging av fellesskapet mellom Danmark og Noreg.

Enkelte har likevel framheva at retorikken frå ålmugen kunne tene som reiskap, og at kongetruskapen til nordmennene ikkje alltid var like sterk som det vart hevda av styresmaktene. Øystein Rian skriv at dei underdanige og kongetru formuleringane som bøndene stilte seg bak, like mykje er eit prov på at dei var lure som at dei hadde ein utvikla rettferdssans. Det var utenkjeleg å kritisere kongen.

Bondemotstanden var til tider stor i Noreg før 1814. Og handlingsrommet kunne vere stort for folk, som til dømes når bøndene rundt Oslofjorden i 1780- og 1790-åra ustraffa nekta å brenne og levere kol. Skattenekten i norske område frå 1711 og utover og i 1760-åra er døme på det same. Straffereaksjonane i krigsåra 1808 og 1814 var også få og milde mot bøndene på Austlandet som var motvillige med skyss og transport for dei norske militære styrkane, og ingen vart avretta for desertering. I alle desse tilfella hadde bøndene ei eller anna form for støtte frå delar av embetsverket.

Det som likevel kjenneteikna bondemotstanden, var legalisme eller lovlydnad. Det heng nøye saman med den kongetruskapen og forventninga om lydnad som ålmugen artikulerte i breva sine. Det er slåande kor viktig det var for ålmugen å definere protesthandlingane sine som lovlege, og at det ikkje var meininga å bryte lover og forordningar som kongen hadde gjeve. Vi finn få skriv som viser kritikk av konge, regime og samfunnsordning. Ein ville på ingen måte utfordre den autoriteten som kongen og staten representerte, eller rokke ved eller truge den sosiale orden. Motstanden og kritikken vart ofte retta mot einskilde embetsmenn eller andre standspersonar.

To særskilde bondeopprør i Noreg er verd å nemne: dei militære opprøra i Oppdal i 1752 og i Lærdal i 1799–1802. I begge tilfella missa bøndene privilegium eller fridom frå å gjere militærteneste, og dette skapte stort sinne og misnøye. Bøndene i Oppdal og Lærdal opplevde tapet av særrettar som stor urett og ein trugsmål mot identitet og sjølvkjensle. Straffereaksjonane frå styresmaktene var i utgangspunktet strenge. Leiaren i Lærdal vart avretta og fleire måtte sone straff i fengsel, medan nesten 100 soldatar i Oppdal vart dømde til brutal spissrotgang og fleire år i fengsel. For Oppdals del vart straffa mildna mykje. Spissrotgangen vart sløyfa, fengelsstraffene vart reduserte frå år til månader, og ein minska monaleg bøtene som dei vaksne bøndene hadde fått.

I desse to militæropprøra finn vi handlingar som retta seg mot regimet sentralt, og som konge og regjering fant trugande. I Oppdal fekk også allmugen hjelp frå det lokale embetsverket og frå embetsverk i Trondhem til å få redusert straffene. Og det er tydeleg at allmugen ikkje opplevde at embetsmenn var skuldige i tapet av privilegium eller fritaket for militærteneste.

Hauge truger København

Haugianerne
Haugianere var en norsk, kristen lekmannsbevegelse som ble grunnlagt i 1796–1804 av predikanten Hans Nielsen Hauge.
Av /Nasjonalmuseet.

Det største folkelege trugsmålet mot det danske regimet før 1814, kom frå haugerørsla. Hans Nielsen Hauge reiste i åra 1796–1804 rundt omkring i landet, vann tilhengarar og fekk trykt og distribuert mange eksemplar av skriftene sine. Han organiserte vennesamfunn, peika ut leiarar og laga reglar for verksemda i mange lokalsamfunn. Enda fleire vennesamfunn skaut opp utover 1800-talet og etter at han døydde. Brev og reiser batt venneflokkane i landet saman. Hauge og rørsla hans stod trygt på læregrunnlaget til statskyrkja, og representerte for det meste ikkje noko avvik i tru. Noko anna var at Hauge utfordra autoriteten og forkynnarmonopolet som prestane hadde, og han kritiserte prestar og andre storfolk.

Det at Hauge vart straffeforfølgd og dømd til lang fengselsstraff og at skriftene hans vart forbodne i åra 1804–1806, vitnar om at Hauge-rørsla vart oppfatta som eit trugsmål mot det statskyrkjelege regimet. Det låg sosial sprengkraft i læra hans om det ålmenne prestedømet. Ein kvar som kjende kallet frå Gud kunne formidle gudsordet. Også kvinner kunne kjenne kallet, og i Hauge-rørsla tredde kvinner fram som forkynnarar. Sosialt oppbrot låg det i den radikale tolkinga hans av den lutherske kallsetikken; alle burde søkje økonomisk framgang til ære for Gud, og restriksjonar og privilegium knytte til økonomisk verksemd burde bli avskaffa.

Større samfunnsbetydning fekk likevel Hauge-rørsla utover på 1800-talet. Ho kom til å påverke større delar av lekmannsrørsla med sitt ålmenne prestedøme, og fleire misjonsforeiningar etter 1840 sprang ut av vennesamfunna. Ei kopling finn ein også mellom Hauge-rørsla og bondeopposisjonen på Stortinget i 1830-åra («Bondestortinget»), med haugianarar blant dei radikale og embetsmannsfiendtlege tingmennene.

1814 og folket

Det er uvisst kva slags rolle bøndene spela i 1814. Få historikarar eigentleg har tillagt bøndene noka aktiv rolle i det som skjedde i 1814, men derimot borgarane og embetsmennene. Det finns grunnlovsutkast frå 1814 der bøndene forsvarer trykkefridomen. Det gjeld eit utkast frå bønder i Gudbrandsdalen og eitt frå bønder i Eidsvoll med same bodskap. I begge tilfella ønskte bøndene fridom til å skrive supplikkar (bønnskrift) utan å vere avhengig av pennen og velsigninga til embetsmannen, slik lova ga påbod om. Her hadde bøndene fremja trykkefridom på grunnlag av ei kjend erfaring og det som lenge hadde vore eit utfordrande hinder for kommunikasjonen mellom dei og kongen. Vi finn bondeutkast frå Gudbrandsdalen, Hedemarken og Modum som tok klårt avstand frå eineveldet, medan utkastet frå Toten føresette ei folkevald nasjonalforsamling basert på same røysterett for bønder som for andre stender.

Det finst òg prov på at bønder i private brev hadde tankar om styreforma, og truleg om eineveldet. Eit anonymt bondebrev frå 1811 frå Ås i Follo seier dette: «Et styre af en mand er ikke altid det bedste. Flere hoveder tenker bedre end et hoved. Maate man forstaa det.» (Ås kommunearkiv, korrespondanse). Utsegna gjev ikkje grunnlag for ei heilt eintydig tolking. Men mest sannsynleg er det kongen som er det eine hovudet og eit styre av ein mann, og det passar i hop med at dei mest opplyste bøndene til liks med mange av embetsmennene i grunnlovsutkasta tok avstand frå eineveldet.

Likevel er det grunn til å tru at også bondeelitane frå slutten av 1700-talet fekk del i dei nye opplysningsideane, og at det fanst regimekritiske haldningar på bygdene som i byane som fekk næring av naudsåra 1807–1814. I 1808 skreiv futen på Øvre Romerike at den gamle kongetruskapen no vart sett på prøve, og at folk tala vonde ord om København og regjeringa der. Og vi har liknande kjeldeprov frå andre austlandsbygder frå desse krigsåra.

Likevel var det først og fremst dei norske elitane som bar fram sjølvstendereisinga i 1814, og Grunnlova frå 17. mai vart i hovudsak forma av juristar som kjende til utanlandske konstitusjonar og baserte seg på avanserte idéar om folkesuverenitet, maktfordeling og borgarrettar. I mangt vart revolusjonen i 1814 ein revolusjon ovanfrå.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bagge, Sverre 2010: From Viking Stronghold to Christian Kingdom. State Formation in Norway c. 900–1350. København. Bergsgård, Arne. Året 1814. bd. 1. Grunnlova, Oslo 1943.
  • Bjerkås, Trond: Revolusjonær tale? Nye perspektiver på eidsvollsadressene, Historisk Tidsskrift1/2014, 93: 95–124.
  • Dørum, Knut: Den gamle kongetroskab sættes stadig mer paa prøve.» Fant det sted et skifte i den norske allmuens syn på konge og regjering i 1807–1814? i Glenthøj, Rasmus og Frydenlund, Bård (red.) 1807 og Danmark-Norge. På vei mot atskillelsen, Oslo 2009, s. 99–122.
  • Dørum, Knut: Det store militæropprørt i 1752. Historien om et ukjent drama i Oppdal, Bøgda vår 2013: 85–92.
  • Dørum, Knut: Frå undersått til medborgar. Styreform og politisk kultur i Noreg 1660 til 1888, Samlaget: 2016.
  • Dørum, Knut: Et oppgjør med eneveldet og standssamfunnet. Dannelsen av en folkelig offentlighet i Norge, Historisk tidsskrift 1/2013; 92: 91–123.
  • Dørum, Knut: Opprør eller legitim prosess. Kommunalisme og folkelige aksjoner i Norge ca. 1700–1850, i H. Sandvik (red.) Demokratisk teori og historisk praksis. Forutsetninger for folkestyre 1750–1850, Oslo 2010: 71–104.
  • Evju, Håkon: F.W. Schlegel og 1790-tallets debatt om eneveldets legitimitet, iMestad, Ola (red.) Frihetens forskole. Professor Schlegel og eidsvollsmennenes læretid i København, Oslo 2013: 31–52.
  • Fladby, Rolf: Fra lensmannstjener til Kongelig majestets foged. Oslo 1963.
  • Fladby, Rolf: Lokalstyringen etter 1837. Historisk tidsskrift 1967.
  • Fladby, Rolf: Samfunn i vekst under fremmed styre 1536-1660. Oslo 1986.
  • Frydenlund, Bård: Før unionspartiet. Omstridte forbindelser og norske møter om helstatens fremtid 1809–1814, i B. Frydenlund og O. A. Storsveen (red.) Veivalg for Norden 1809–1813, Oslo 2013: 23–42.
  • Frydenlund, Bård: Spillet om Norge. Det politiske året 1814, Oslo 2014.
  • Glenthøj, Rasmus: Skilsmissen. Dansk og norsk identitet før og etter 1814, Odense 2012.
  • Hemstad, Ruth: «… oversvømmet Norge med oprørske Proclamationer. Svensk propaganda i Norge 1812–1813, i B. Frydenlund og O.A. Storsveen, Veivalg for Norden 1809–1813, Oslo 2013: 87–109.
  • Holmøyvik, Erik: Maktfordeling og 1814, Oslo 2012.
  • Homb, Frode Dyrnes: «De snakker politik […] de er ikke bønder mere.» Synet på embetsmenn og frihet og likhet hos bøndene I 1814, i Hommerstad, Marthe og Nordhagen Ottosen, Morten (red.) Ideal og realitet. 1814 i politisk praksis for folk og elite, Oslo 2014: 29–46.
  • Homb, Frode Dyrnes: Bøndene i 1814, masteroppgave i historie, Oslo 2011.
  • Koht, Halvdan: Norsk bondereising. Fyrebuing til bondepolitikken, Oslo 1926
  • Krefting, Ellen, Nøding, Aina og Ringvej, Mona: En pokkers skrivesyge. 1700-tallets dansk-norske tidsskrifter mellom sensur og ytringsfrihet, Oslo 2014.
  • Lunden, Kåre: Norsk grålysning. Norsk nasjonalisme 1770–1814 på allmenn bakgrunn, Oslo 1992.
  • Nordborg, Sverre: Hans Nielsen Hauge, Oslo 1966.
  • Mestad, Ola (red.): Frihetens forskole. Professor Schlegel og eidsvollmennenes læretid i København, Oslo 2014.
  • Mykland, Knut: Kampen om Norge 1784–1814, bd. 9 i Cappelens Norgeshistorie, Oslo 1978.
  • Opsahl, Erik 2007, Feider i Norge, i (red.) Opsahl, Erik Feider og fred i nordisk middelalder. Oslo.
  • Orning, Hans Jacob 2008: Unpredictability and presence. Norwegian kingship in the high Middle ages. Leiden.
  • Rian, Øystein: Den frie og stolte norske bonden. Myter og realiteter, i H. Winge (red.) Lokalsamfunn og øvrighet i Norden ca. 1550–1750, Oslo 1992: 117–159.
  • Rian, Øystein: Sensuren i Danmark-Norge. Vilkårene for offentlige ytringer 1536–1814, Oslo 2014.
  • Rian, Øystein 2003 (Rian 2003 a): Embetsstanden i dansketida. Oslo.
  • Rian, Øystein 2003 (Rian 2003 b): Maktens historie i dansketiden. Oslo.
  • Ringvej, Mona: Panegryrikkens kritiske funksjon, i E. Tjønnesland (red.) Kritikk før 1814. 1700-tallets politiske og litterære offentlighet, Oslo 2014: 485–508.
  • Ringvej, Mona: Trykkefriheten i 1814 – Det opplyste eneveldets demokratiske arv, Historisk tidsskrift 1/2014, 93: 67–93.
  • Scott, James C.: Domination and the Arts of Resistance. Hidden Transcripts, Yale 1990.
  • Seip, Jens Arup: Teorien om det opinionsstyrte enevelde, Historisk tidsskrift 1957–1958: 38: 397–463.
  • Seip, Jens Arup: Utsikt over Norges historie. Tidsrommet 1814–ca. 1860, bd. 1, Oslo 1974.
  • Sejersted, Francis: Den vanskelige frihet 1814–1851, bd. 10 i Cappelens Norgeshistorie, Oslo 1978.
  • Sogner, Sølvi: Bondeluten i reformasjonsårhundret, Heimen 1961; XII: 61–71.
  • Steen, Sverre: 1814, bd. 1 i Det frie Norge, Oslo 1951.
  • Steen, Sverre: Det norske folks liv og historie gjennom tidene, Oslo, bd. IV, Oslo 1935.
  • Viken, Øystein Lydik Idsø: Makt mellom linene. Makt og allmente i Noreg 1807–1814, masteroppgave, Oslo 2010: resyme.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg