Sverres saga

Sverre Sigurdsson. Konsollhovud frå oktogonen i Nidarosdomen, ca. 1200.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Sverres saga er ein norrøn saga om kong Sverre Sigurdsson. Det er ein samtidssaga, ein saga stort sett skriven etter førstehandskjelder, og sagaen er det viktigaste kjeldeskriftet for norsk historie i tida 1177 til 1202. Sverres saga høyrer til dei tidlegaste kongesogene, saman med Hryggjarstykki og dei første olavssogene.

Faktaboks

også kjent som:
norrønt Sverris saga

Overlevering

Det opprinnelege handskriftet til Grýla og resten av Sverres saga er tapt, men sagaen er bevart i fleire avskrifter. Biletet viser eit blad av Sverres saga frå Skálholtsbók yngsta (AM 81 fol.), eit handskrift frå 1400-talet.
Av .

Sverres saga er overlevert i meir enn tyve handskrifter og nokre handskriftsfragmenter.

Dei viktigaste handskriftene av Sverressoga er:

  • eit handskrift med arkivsignatur AM 327 4to (frå Den arnamagnæanske samling i København) frå kring 1300. Det inneheld berre Sverres saga. Det er skrive av ein islending, men har vore i Noreg. Handskriftet er betrakta som det beste handskriftet (codex optimus).
  • Eirspennill, med arkivsignatur AM 47 fol., er eit handskrift frå byrjinga av 1300-talet. Det er skrive av islendingar, men har også vore i Noreg, hjå erkebiskopen i Nidaros. Teksten i handskriftet er noko forkorta.
  • Flateyjarbók, med arkivsignatur GkS 1005 fol. frå Gammel kongelig samling i Kongelige bibliotek i København, er eit prakthandskrift skrive 1387–1394 av islendingar. Teksten her avvik noko frå dei andre handskriftene, særleg prologen.
  • Skálholtsbók yngsta, med arkivsignatur AM 81 a fol., er eit islandsk handskrift skrive ved midten av 1400-talet.

Dei andre handskriftene er stort sett avskrifter av desse.

Sogeskrivaren og kjeldene hans

Grýla

I ein fortale («prolog») blir det fortalt at «første delen av boka», som blir kalla Grýla («skremsel, trollkjerring»), er skriven av den islandske abbeden Karl Jónsson medan «Sverre sjølv sat over og bestemte kva som skulle skrivast». (På 1100-talet var det vanleg i andre land i Europa at kongar og andre hovdingar fekk skrive historier om seg.)

Det har vært mykje diskusjon om kva prologen meiner med «den første delen av boka», altså kor langt ut i Sverres saga Grýla når. Det er gjeve gode argument for at Grýla endar mellom kapittel 31 og 32, ved vinteren føre slaget på Kalvskinnet i 1179, men også for at forteljinga i Grýla når fram til 1184, ved Magnus Erlingssons fall (kapittel 100) i slaget ved Fimreite.

Grýla er truleg skriven i 1185 til 1188, då abbed Karl var i Noreg.

Siste delen av soga

Den andre delen av soga seier prologen er skriven «etter fråsegn av menn som sjølv hugsa å ha sett eller høyrt om det som hende». Det er uklårt kven som skreiv denne delen av soga. Det kan vere at abbed Karl sjølv gjorde det etter at han hadde kome tilbake til Island. Han var abbed ved klosteret i Þingeyrar fram til 1207 og døydde i 1212 eller 1213.

I den eldste versjonen av Baglarsoga er det tydelege spor etter Sverresoga, og Sverresoga må ha vore til då Baglarsoga vart skriven, det vil seie føre 1210, då ein reknar med at den eldste delen av Baglarsoga vart skriven.

Innhald

Vi får ikkje vite mykje om Sverres oppvekst på Færøyane, og nokre viktige detaljar er utelatne. I staden er hovudemnet i byrjinga å gje prov på at Sverre var son av Sigurd Munn, og dermed legitimere Sverres krav på den norske trona.

Når Sverre er etablert som tronpretendent og leiar for flokken av birkebeinarar, blir hovudtemaet i forteljinga kampen mot Magnus Erlingsson og mot baglarane andre opprørsflokkar. Soga skildrar utførleg dei mange kampane kong Sverre førte for å vinne og halde på kongemakta i landet.

Men kong Sverre kjempa også mot kyrkja – «talte Roma midt imot», som det heiter i nasjonalsongen: Magnus Erlingsson hadde gjeve kyrkja stor makt og teke krona «i len» frå Olav den heilage. Kyrkja var såleis interessert i å forsvare Magnus, og erkebiskopen stilte med menn i kamp mot kong Sverre. Soga fortel nokså lite om korleis Sverre gav kyrkja motstand, og ho teier også om viktige hendingar som til dømes interdiktet. Vi kjenner til Sverres argumentasjon i eit lite skrift som heiter Ein tale mot biskopane, men dette skin ikkje godt igjennom i soga.

Soga endar med at Sverre døyr i 1202.

Komposisjon og stil

Sverressoga har blitt kalla eit meisterverk, og det er grunn til å tru at det også var oppfattinga i samtida: Det er ikkje skrive meir ein éi soge om Sverre, og ingen avskrivar eller kompilator har gjort forsøk på å forbetre eller gjere større endringar i den soga som allereie var der, slik andre soger ofte vart behandla. Alle seinare kongesogeverk avsluttar forteljinga der Sverressoga byrjar, ved 1177, og soga har hatt stor betydning for emne og utforming av seinare kongesoger.

Førebilete i helgenlitteraturen

«Kong Sverres tog over Vossefjellene» av Peter Nicolai Arbo (1831–1892).

Soga er eit slags propagandaskrift for kong Sverre; i byrjinga blir alt sett ut frå hans ståstad, og soga gjev overtydande «prov» på at kong Sverre verkeleg er den rette kongen, både etter landsens rett og ikkje minst etter Guds vilje. Sverre blir framstilt som ein eigna, klok og rettferdig konge, ein rex justus, og den bibelske kong David blir eit førebilete for den kongegjerninga Sverre ser føre seg i soga.

Kong Sverre var sjølv utdanna som prestFærøyane og hadde truleg god kjennskap til helgenlitteraturen. Vi ser at byrjinga av soga ligg nær den klassiske helgenlegenda:

Helgenlegendene byrjar ofte med opplysningar om foreldra, og vi får varsel om at barnet er heilag i draumar og openbaringar. Helgenen viser tidleg store evner og er from gjennom heile livet. Helgenen kan bli bydd høg verdigheit, men vegrar seg for å ta imot denne. Pilegrimsferd til Roma er også eit trekk ved helgensogene, og vi får høyre om mirakel og gode gjerningar, før helgenen møter døden med eit lystig sinn.

Vi finn mange av desse trekka igjen i Sverresoga. Mor til Sverre fer til Roma i pilegrimsferd og blir trudd av paven når ho seier at ho har fått barn med ein konge. Dette kan tolkast som at Sverre blir velsigna av paven alt før han sjølv får vite sanninga om far sin. Det blir brukt stor plass på å fortelje om korleis Sverre vegrar seg mot å bli hovding for birkebeinarane: Sverre må overtalast og kjem stadig med nye orsakingar, og han går ikkje med på å leie flokken før han blir truga på livet.

Det er også fortalt om hendingar som grenser opp til det mirakuløse, til dømes i kapittel 13, då Sverre tek seg over eit vatn på ein flåte. Han står med vatn opp til leggen, men tek likevel med ein mann som gjerne vil over saman med han. Dei står då med vatn til knes på flåten, og når dei har kome over og stig av, søkk flåten som ein stein i vatnet. «Denne hendinga syntest alle var merkeleg, som eit under», kommenterer soga. Sverre syner nestekjærleik, sjølv om han sjølv kjem i fare.

Eit anna slikt døme er ferda over Vossefjellet i kapittel 19 til 20. Eit uvêr rasar i fire dagar, og birkebeinarane vil helst gjere ende på seg sjølve. Sverre held ein tale og ber til Gud. Stormen stilnar, og sola tek til å skine.

Slike forteljingar kunne godt ha stått i ein hagiografi, og dei har parallellar i historiene om Jesus som går på vatnet og som stilnar stormen.

Draumar

Dronning Ragnhilds draum
Av .

Eit ofte brukt verkemiddel i både helgenlitteratur og i Sverressoga er draumar. Slike draumar blir gjerne brukte for å syne fram Guds vilje på den eine eller andre måten, og for Sverre er dei viktige bevis på at han verkeleg er kongsson. I Sverresoga er det fortalt om fire draumar. Kjelda for desse kan neppe vere anna enn Sverre sjølv.

Mor til Sverre drøymer om at ho føder ein glødande, gnistrande stein, og det blir tolka som eit teikn på at ho skal føde eit barn som det er noko stort ved. Draumar om at ei mor føder ei eldkule, eller draumar om syn av eldkuler på himmelen og om andre merkelege lys, er i helgenlitteraturen eit vanleg varsel om ein heilag person.

Sverre sjølv blir varsla om kongegjerninga si i tre draumar. I éin av dei drøymer han at Olav den heilage kallar han Magnus (latin for 'den store') og oppfordrar han til å kjempe mot Erling skakke og Magnus Erlingsson. I ein annan draum blir han salva til konge av profeten Samuel, nett som kong David.

I den tredje draumen er han ein fugl. Nebbet rekk til landsenden i aust, stjerten opp til Finnmark, og vengjene når over heile Noreg. Denne draumen har parallellar i andre norrøne forteljingar, til dømes den om dronning Ragnhild som drøymer om treet som breier seg ut over landet og som varslar om Harald Hårfagre. Dette motivet har truleg kome til Noreg og Island gjennom forteljinga om mor til Vilhelm erobraren, som drøymer at eit tre som kasta skugge over heile Normandie voks ut av hjarta hennar.

Draumane tek opp nokså stor plass i soga.

Sympati og antipati

Sverres hovudmotstandar, kong Magnus, blir gjerne sympatisk teikna. Det kan oppfattast som eit uttrykk for historisk verkelegheit og eit uttrykk for at Magnus ikkje vart tillagt skuld for at han vart sett på trona som sjuåring i 1163. Etter at Magnus var felt i slaget ved Fimreite i 1184, heldt kong Sverre sjølv liktalen over han.

Andre, derimot, som Erling Skakke og biskop Nikolas Arnesson, får i det store og det heile negativ omtale; dei er mennene som prøver å setje Sverre, Guds utvalde, til sides; Erling gjennom sonen Magnus, og Nikolas med opprørsflokken sin, baglarane.

Språk og stil

Stilen i Sverresoga minner meir om det stotrande, lærde språket i Ågrip og helgensoger enn om det folkelege og smidige språket i seinare soger. Humor og ironi er verkemiddel som ofte blir brukt, og spesielt ordtak blir brukte humoristisk for å understreke viktige poeng.

Det er lite med dialog mellom Sverre og mennene hans, heilt motsett frå det vi finn til dømes i Heimskringla.

Talar

Eit anna verkemiddel som blir brukt gjennom heile soga, er talar. Dei nær 60 talane i soga bidreg til eit uvanleg levande bilete av kong Sverre, sjølv om dei kan vere lagde i munnen på Sverre av sogeskrivaren. Det er talar med logisk og god oppbygnad, med mange metaforar og biletlege dømesoger og uttrykk, stort innslag av ordtak og folkeleg språk, og mykje humor og ironi. Det er sterk argumentasjon for kong Sverres kongedøme, og talane er eigna til å oppildne og opplyse tilhøyrarane. Sverres eigne talar viser han fram som ein eigna, klok og rettvis konge som har Gud på si side.

Talane gjev ofte frampeik til seinare hendingar og er ein viktig del av strukturen i soga. Også talar frå Sverres motstandarar blir refererte.

Synsvinklar

I byrjinga blir alt sett ut frå Sverres ståstad, men litt ut i soga går synsvinkelen oftare og oftare til motstandarane til Sverre, spesielt i opptakten til slag, der talar blir lagde i munnen på dei og vi får vite korleis dei førebur seg til slaget. Forteljinga blir meir og meir objektiv.

Sverres saga og Heimskringla

Magnus Erlingssons saga i Heimskringla skildrar ikkje Magnus fram til han døyr, men avsluttar forteljinga når kong Sverre kjem til landet. Sverres saga var skriven og kjend då Heimskringla var sett saman, og det var ikkje naudsynt å skrive om striden mellom Magnus og Sverre på nytt. Handskrifter som inneheld Heimskringla, eller slutten på Heimskringla, fortset gjerne med Sverres saga.

Utgåver og omsetjingar

Gustav Indrebø gav ut den norrøne teksten av soga på grunnlag av handskriftet AM 327 4to, og soga har vore utgjeven som del av større handskrifter som Eirspennill, Flateyjarbók og Skálholtsbók yngsta.

Ei utgåve med normalisert og rekonstruert norrøn tekst vart utgjeven av Þorleifur Hauksson i serien Íslenzk fornrit (band 30) i 2007.

Soga er omsett både til bokmål og nynorsk. Omsetjingane som no blir brukte, er Halvdan Kohts til nynorsk og Dag Gundersens til bokmål. Anne Holtsmark har også omsett soga til bokmål. I tillegg er soga omsett til bokmål av Edvard Eikill som ein del av Flateyjarbók.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bagge, Sverre 1996. From Gang Leader to the Lord's Anointed. Kingship in Sverris saga and Hákonar saga Hákonarsonar. (The Viking Collection, 8.) Odense University Press.
  • Eikill, Edvard (oms.) 2018. Flatøybok, 4. Stavanger: Saga bok. (Sverres saga står på s. 222–429.)
  • Gundersen, Dag (oms.) 1979: Sverres saga, i Norges kongesagaer , 3. Oslo: Gyldendal.
  • Holm-Olsen, Ludvig 1953: Studier i Sverres saga. Oslo.
  • Holtsmark, Anne (oms.) 1986. Sverres saga. En tale mot biskopene. (Thorleif Dahls Kulturbibliotek.) Oslo: Aschehoug.
  • Indrebø, Gustav (utg.) 1920. Sverris saga etter Cod. AM 327 4to. Kristiania: Den Norske Historiske Kildeskriftkommission.
  • Koht, Halvdan (oms.) 1962. Sverresoga, i Den norrøne litteraturen, 4: Kongesoger. Oslo: Samlaget. 6–199.
  • Lárus H. Blöndal 1982. Um uppruna Sverrissögu. Reykjavík: Árnastofnun.
  • Magerøy, Hallvard 1979. Føreord til Sverre-soga, i Noregs kongesoger, 3. Oslo: Samlaget.
  • Þorleifur Hauksson (utg.) 2007. Sverris saga. (Íslenzk fornrit, XXX.) Reykjavík: Hið íslenzka fornritafélag.

Kommentarer (2)

skrev Ola Haugen Havrevoll

Lenka til omsetjinga til nynorsk ser ut til å vera til den gamalnorske teksten, og slett ikkje nynorsk!

svarte Børge Nordbø

Det har du jammen rett i! Lenkje til Kohts omsetjing er lagt til. Koht omsette etter handskriftet Eirspennill, i motsetnad til dei fleste andre omsetjingar. Kohts omsetjing vart revidert mot handskriftet AM 327 4to i «Noregs kongesoger», band 3, Oslo 1979. Den er ikkje tilgjengeleg hjå nb.no, men er annleis (og etter mitt syn betre) enn 1962-utgåva (og seinare utgåver i serien Norrøne Bokverk). 1979-utgåva er også utstyrt med relevante illustrasjonar, gode realkommentarar og eit fyldig føreord av Hallvard Magerøy.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg