Faktaboks

Huglo
Huglen

Huglo er ei øy i Hardangerfjorden, Stord kommune, Vestland fylke, aust for øya Stord. Arealet er 13,5 km2 med 96 innbyggjarar (2020).

Huglo er temmeleg berglendt, med toppar opp til 218 moh. (Høgafjellet), men øya ligg lunt og har god kalksteinsgrunn, noko som har skapt ein rik og vekslande flora. Huglo har mange fritidsbustader.

Huglo er knytt til vegnettet på Stord og Tysnesøya ved eit trekantsamband med ferje mellom Nordhuglo, Jektavik på Stord og Hodnaneset på Tysnesøya. Det har sidan 1992 blitt arbeidd med planar om bru til Huglo.

Namnet er i slekt med tysk Hügel, og er laga til same rota som norske 'haug', og siktar til forma på øya.

Kart

Huglo
Huglo
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg