Kommunevåpen

. Begrenset gjenbruk

Plassering

KF-bok. Begrenset gjenbruk

Austevoll, kommune i Hordaland fylke, sør for Bergen, mellom Krossfjorden i nord, Langenuen i aust, Selbjørnsfjorden i sør og Nordsjøen mot vest. Austevoll er den største øykommunen i landet som ikkje er landfast. Austevoll kommune har totalt 667 øyar, holmar og skjer, og av desse er det fast busetnad på Huftarøy, Selbjørn, Hundvåko, Stolmen, Stora Kalsøy, Drøna, Rostøya, Møkster og Litla Kalsøya. Det er fritidsbusetnad på langt fleire øyar.

Austevoll kommune vart oppretta som eigen kommune i 1886 ved utskiljing frå Sund kommune. I 1964 vart søre delane av øyane Huftarøy og Selbjørn overførde frå Fitjar kommune.

Berggrunnen i Austevoll høyrer til den kaledonske faldesonen  og består for størstedelen av djuperuptiv. I nord, nord for ei line Matvika-Oterå på Huftarøy, er det mest granitt, i sør er det for størstedelen gabbro. I overgangen mellom dei to områda er det nord på Selbjørn ei stripe med fyllitt og glimmerskifer av kambrosilurisk alder, men sterkt omdanna i kaledonsk tid (sjå Kaledonske fjellkjede). 

Landskapet er småkupert og skogbert, berre på Huftarøy når det over 200 moh. Høgaste topp er Loddo (244 moh.).

Steinevik naturreservat  på vestsida av Selbjørn har til føremål å ta vare på landskapet som er så typisk for dei ytste kyststroka i Hordaland: eit ope og ujamt lende med butte bergnabbar, torvmyr og lyngsletter, eit landskap som no gror igjen. Sjøfuglvern, mellom anna ein liten skarvekoloni, i Vestre og Indre Mågabøl, Myrbærholmen og Kvitingen naturreservat.

Dei største øyane er samanknytte med bruer; her bur snaut 99 prosent av innbyggjarane i kommunen (2017). Av dei busette øyane er berre Møkster og Litla Kalsøya utan fast vegtilknyting med resten av kommunen. Størst folketal har Huftarøy som med dei to tilliggande øyane Drøna og Rostøya har 2933 innbyggjarar eller 57 prosent av folketalet i kommunen (2017).

Administrasjonssenteret Storebø (1377 innbyggjarar 2016), som ligg nord på Huftarøy, vart kommunesenter i 1964. Før den tid var den gamle handels- og gjestgjevarstaden Bakholmen kommunesenter. Bekkjarvik (575 innbyggjarar 2016) på Selbjørn er den andre tettstaden i kommunen. I 2016 budde i alt 38 prosent av innbyggjarane i Austevoll i tettstader mot 83 prosent i heile fylket.

Etter krigen hadde Austevoll eit relativt stabilt folketal fram til midten av 1980-tallet. Seinare viste det ei lita stigning, som vart sterkare frå siste halvdel av 1990-talet. I tiårsperioden 2007-17 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 1,6 prosent årleg mot 1,3 prosent i heile Hordaland.

Jordbruket i Austevoll er beskjedent og er prega av ein gjennomsnittleg bruksstorleik på berre om lag halvparten av gjennomsnittet for fylket; hovudsakleg vert det drive med saue- og storfehald. På Huftarøy og Selbjørn finst ein del villsau som går ute heile året.

Når primærnæringane trass i eit beskjedent jordbruk utgjer 17 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2015), skuldast det den omfattande fiskeriverksemda. Austevoll er den klårt viktigaste fiskerikommunen i Hordaland, både etter sysselsetjing og fangstmengde. Fiskarane heimehøyrande i kommunen førte i land ein fangst til ein fyrstehandsverdi på 1480,3 millionar kroner i 2015, 59 prosent i av den samla fangstverdien i heile fylket. Berre ein mindre del av fangsten blei ilandført i kommunen, men Austevoll har likevel 44 prosent av den ilandførte fangsten i fylket etter verdi (2015). Også i landsmålestokk er fiskerinæringa i kommunen betydeleg. Austevoll har til dømes Noregs største ringnotflåte; flåten tel i dag 25 store farty. Det vert også drive  fiskeoppdrett i stor målestokk i kommunen. 

Austevoll har tre store offshorereiarlag med Dof Rederi som det største, og North Sea Shipping og Shipman som også er store.

Industrien omfattar 13 prosent av arbeidsplassane i Austevoll, 20 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning  (2015). Industrien er heilt dominert av næringsmiddelindustri (i fyrste rekkje fiskeforedling) og verkstadindustri med høvesvis 57 og 35 prosent av sysselsetjinga i industrien (2014). Innanfor fiskeforedlinga er Austevoll Seafood ASA største føretak, eit føretak som også driv med fiskeoppdrett og dessutan stor verksemd i andre store fiskerinasjonar som Peru og Chile.  Tekstilindustrien, i all hovudsak reparasjon og produksjon av garn og nøter, utgjer resten av industrinæringa i Austevoll.

Av dei busette yrkestakarane i kommunen har 14 prosent arbeid utanfor kommunen, seks prosent i Bergen og i alt to prosent i kommunane i Sunnhordland og Fusa/Samnanger/Os (2015).

Austevoll vert kvart år vitja av mange frå inn- og utland, og reiselivet i Austevoll er i god utvikling. Det finst overnattingstilbod av ulik art på fleire av øyane, flest i sør. Bekkjarvik er den største gjestehamnen, og Bekkjarvik Gjestgiveri har ein meir enn 300 år gamal, kontinuerleg drift. Kommunen har dei siste åra fått ei rekkje mindre utleigehytter.

Austevoll kommune kjøpte i 2005 Marstein fyr frå Kystverket og vil i ei stifting blant anna utvikle fyret og holmen til eit reisemål.

Austevoll har snøggbåtsamband med Bergen og Sunnhordland. Det er ferjesamband frå Hufthamar (Huftarøy) til Krokeide i Fana (Fv. 556) og fra Husavik (Huftarøy) til Sandvikvåg (E 39) på Stord. Det er snøggbåtsamband til øyane Møkster, Litlakalsøy, Hevrøy (fritidsbustadøysøy), Sandtorv (fritidsbustadøy) og Lunnøy. Denne båten går både frå Hufthamar og frå Bekkjarvik.

Austevoll har med sine mange øyar hatt trong for å byggja bruer for å knyta kommunen saman. Kommunen har arbeidd med dette sidan 1950-60-talet gjennom eit eige kommunalt selskap, Austevoll bruselskap AS. I 2007 vart dette arbeidet sluttført. Dei store bruprosjekta var:

  • Selbjørnsbrua  mellom Huftarøy og Selbjørn (1980)
  • Stolmabrua mellom Selbjørn og Stolmen (1998)
  • Bakkasundsbrua mellom Hundvåkøy og Storekalsøy (1999)
  • Austevollsbrua mellom Huftarøy og Hundvåkøy (2007)

Austevoll vidaregåande skule/Austevoll Maritime Skule på Storebø (tidlegare Fiskarfagskulen i Austevoll) tilhøyrande Hordaland fylkeskommune vart bygd i 1978 og fekk ei større utviding i 2010.  På Storebø ligg og Forskningsstasjonen Austevoll under Havforskningsinstituttet. Innseglingsfyret Marstein ligg på ei av småøyane i Krossfjorden ved det sørlege innlaupet til Bergen.

Austevoll høyrer til Vest politidistrikt, Nordhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland sammen med BømloEtneFitjarKvinnheradStordSveio og Tysnes.

Austevoll kommune svarar til soknet Austevoll i Fana prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Austevoll til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

For statistiske føremål er Austevoll kommune (per 2016) delt inn i i to delområde med til saman 12 grunnkrinsar:

  • Ytre Austevoll: Storekalsøy/Horgo, Møkster, Litlekalsøy, Stolmen/Hevrøy, Nordre Selbjørn/Lunnøy, Søre Selbjørn
  • Indre Austevoll: Vinnes, Kolbeinsvik/Drøna-Rostøy-området, Haukanes/Bratten, Storebø-området, Hundvåkøy, Sandtorv

Hundvåko var frå 1600-talet ein kyrkjestad i Austevoll og hadde frå 1600-tallet til 1891 hovudkyrkja i soknet. Før 1600-talet var kyrkja på øya Sandtorv og i 1891 stod ny hovudkyrkje ferdig på Storebø. Kyrkjer finst også i Bekkjarvik og på Møkster.

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har fire sølvsilder på skrå oppover mot ein blå bakgrunn, og viser til dei rike fiskeritradisjonane i kommunen. Kommunevåpenet er teikna av John Digernes frå Haugesund.

Namnet Austevoll er eigentleg eit gardsnamn fra øya Hundvåko, det kjem av aust og voll, og kjem truleg av at garden ligg aust på øya.

  • Austevoll, 1978-1986, 2 b. (Kultursoge med serietittel: Austevollsoga), Finn boken
  • Fett, P.: Austevoll prestegjeld, 1968 (Førhistoriske minne i Midhordland, 6), Finn boken
  • Tufteland, J.: Austevoll: gard og ætt, 1978-91, 3 b., isbn 82-7101-048-4, Finn boken

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

3. mars 2009 skrev Gunn Næss

Eg lurer på kva for skriftspråk som er vald? For dette var ein underleg blanding av nynorsk og bokmål.



industri.

Det er fleire industribedrifter i kommunen, burde ikkje dei vera nemde?

mvh. Gunn

4. november 2010 skrev Svein Askheim

Burde du ikke nevne Austevoll Seafood og Austevoll Kraftlag?

21. mars 2014 skrev Geir Thorsnæs

Tekniske problemer har medført at en oppdatering/utvidelse av denne artikkelen, i sin helhet på nynorsk, ikke er registrert i basen. Den vil bli tilgjengelig om kort tid.

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.