Sagvåg

Artikkelstart

Sagvåg er ein tettstad i Stord kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,6 km², og har 3408 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
3408 (SSB, 2021)
Landareal
2,6 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
5056 Sagvåg

Sagvåg ligg på sørvestsida av øya Stord. Til tettstaden blir òg rekna Litlabø ved Storavatnet med dei nedlagde Stordø Kisgruber, i drift i 1858–1968.

Sagvåg var utskipingshamn for gruvene. Før Trekantsambandet opna i 2001, hadde Sagvåg bilferjesamband til Bømlo. Tettstaden har ein del industri, mellom anna båtbyggjeri.

Namnet kan setjast i samband med skipinga av eit sagbruk (oppgangsag) på staden i siste del av 1500-talet; sisteleddet er våg, 'bukt'.

Kart

Sagvåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg