Fjelberg er ein tidlegare kommune i Sunnhordland i Vestland (Hordaland) fylke. I 1855 vart dåverande Eid og Fjelberg kommunar slått saman; den samanslåtte kommunen, som fekk namnet Fjelberg, hadde då 4794 innbyggjarar.

Historikk

Frå Fjelberg vart i 1916 Ølen skilt ut som eigen kommune. Fjelberg kommune bestod etter dette av dei store øyane mellom Skånevikfjorden og Husnesfjorden (Halsnøya, Borgundøya og Fjelbergøya) som i dag ligg lengst sør i Kvinnherad kommune, likeså Valen-området på fastlandet nordaust for desse øyane. I 1965 vart Fjelberg del av Kvinnherad kommune; ved samanslåinga var Fjelberg 79,5 km2 og hadde 2257 innbyggjarar.

Fjelberg prestegjeld svarte til den tidlegare kommunen og bestod av dei to sokna Eid i nord og Fjelberg i sør. I dag utgjer Fjelberg og Eid saman eit sokn og er eitt av i alt ni sokn i Kvinnherad kommune.

Namn

Kommunen hadde namn etter Fjelbergøya som er 4,6 km2 og har 13 innbyggjarar (2023). Ho er skild frå Borgundøya med eit smalt sund, Fjelbergsundet. Namnet kjem av norrønt fjǫlbyrja, 'øya der ein har mykje eller mange slag bør'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg