Faktaboks

Innbyggjartal
14 500 (SSB, 2023)
Landareal
10,3 km²
Tettstadsnummer
5053 Leirvik

Leirvik er ein tettstad i Stord kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 10,3 km², og har 14 500 innbyggjarar (2023).

Leirvik er administrasjonssenteret i Stord kommune og ligg på søraustsida av øya Stord. Leirvik er eit industri-, kommunikasjons- og skulesentrum.

Historikk

Tettstaden Leirvik omfattar heile det bymessig utbygde området frå Valvatna, ein tidlegare sjølvstendig tettstad mellom Leirvik og Sagvåg i sørvest, til Øvre Kyvik i nordaust. Leirvik har sidan 1997 – etter kommunalt vedtak og seinare departemental godkjenning – rett til å kalla seg by. Bystatus etter kommunale vedtak har likevel ikkje nokon forvaltingsmessige eller rettslege konsekvensar utanom det som allereie høyrer til tettstadsstatusen.

Leirvik er prega av industriverksemd, dominert av verkstadindustri med mellom anna Kværner Stord AS og Apply Leirvik AS.

Frå Skjersholmane like utanfor tettstaden i sør har tettstaden bilferjesamband til Ranavik på Halsnøya, einskilde dagar også til Utbjoa i Vindafjord, Sydnes på Halsnøya, Borgundøya og Fjelbergøya. Leirvik har snøggbåtsamband til Sunnhordland, Austevoll og Bergen, og tettstaden er stoppestad på bussforbindelsen Bergen–Stavanger/Sandnes.

Kultur og utdanning

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har fleire studietilbod på Rommetveit (Campus Stord), mellom anna lærar- og sjukepleiarutdanning. Stord vidaregåande skule har mange studieretningar. I Leirvik ligg Stord sjukehus under Helse Fonna HF (sjå helseforetak), og tettstaden har er eit stort kulturhus med to kinosalar og symjehall. I Leirvik kjem avisa Sunnhordland ut. Sunnhordland tingrett har sete i Leirvik.

Leirvik har ein del turisttrafikk. Her ligg Sunnhordland museum med Ådlandsstova, ei årestove frå mellomalderen. Hystadmarka i nordaust har 12 gravrøyser, og i eit par av dei er det gjort rike funn frå bronsealderen.

Stord kyrkje ligg sentralt i tettstaden, like ved munninga av Frugardselva; kyrkja er bygd i mur og oppførd i 1857, restaurert i 1957. Kyrkja har langplan og har 400 sitjeplassar.

Kart

Leirvik
Leirvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Sverre Olav Lundal

Hei! Namneforma Valvatnet er ukjend. Plassen heiter Valvatna.

skreiv Geir Thorsnæs

Skrivemåten Valvatna stemmer overens med den formen som er benyttet både av Statens Kartverk og Statistisk sentralbyrå (om det tidligere selvstendige tettstedet), og skrivemåten er endret i samsvar med dette. Geir Thorsnæs

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg