Faktaboks

Administrasjonssenter
Uggdal
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
2 883 (2022)
Landareal
245 km²
Høgaste fjell
Tysnessåta (752 moh.)
Innbyggjarnamn
tysnesing
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4616 (frå 01.01.2020, tidlegare 1223)

Kommunevåpen

Kart: Tysnes kommune i Vestland
Tysnes kommune i Vestland fylke.
Kart: Tysnes kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Kommunevåpenet har to sølvfarga kryssede økser med krone over på blå grunn. Motivet kjem frå eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim.
.
Lisens: Norsk kommunevåpen
Tysnes

Utsikt over Tysnesbygda

Av /KF-arkiv ※.

Tysnes er ein kommune i Vestland fylke som ligg på 171 store og små øyar lengst nord i Sunnhordland. Tysnes ligg mellom Langenuen i vest og sørvest, Bjørnafjorden i nord, Lukksundet i aust og Onarheimsfjorden/Husnesfjorden, som utgjer delar av Hardangerfjorden, i søraust. Dei største øyane i kommunen er Tysnesøya (197 km2), Reksteren (37,2 km2) og Skorpo (8,8 km2).

Tysnes kommune blei oppretta i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Dei noverande grensene fekk Tysnes i 1907, då eit område med 67 innbyggjarar på fastlandet i aust blei overført til Kvinnherad.

Natur

Berggrunnen i heile kommunen er omfatta av den kaledonske fjellkjedefaldinga. I nord består grunnen av djupbergartar, særleg ulike typar granittar nord på Tysnesøya og Reksteren og gabbro på dei sentrale og sørlege delane av dei to øyane. På dei to Godøyane heilt i nord består grunnen av omdanna kambrosiluriske skifrar. Slike finn ein også i eit lite område ved Lukksundet nordaust på Tysnesøya og stadvis i smale stripar langs søraustkysten av øya og på øya Skorpo i sør. Dei høgaste fjella finn ein på Tysnesøya der Tysnessåta når 752 meter over havet. Elles i kommunen er fjella klart lågare, og Dalstuva på Reksteren som er høgast utenom Tysnesøya, når til dømes 336 meter over havet.

Kysten er dei fleste stader sterkt innskoren, med lange vågar og tronge sund. Austsida av Tysnesøya og vestsida av Reksteren er rettskorne med bratte fjellsider rett ned i sjøen. Langstrekte, parallelle dalsøkk kan følgjast nordvest–søraust over Tysnesøya.

Busetjing

Busetjinga viser ein konsentrasjon til vestre, nordre og søre del av Tysnesøya, og dessutan austre del av Reksteren. Kommunen har to tettstader, Våge og Uggdalseidet, med høvesvis 839 og 288 innbyggjarar (2022). Dei ligg begge på Tysnesøya, Våge nord på øya, medan kommunesenteret Uggdalseidet (postadresse Uggdal) ligg inst i Søreidvika på austsida. I 2022 budde 39 prosent av befolkninga i kommunen i tettstader mot 81 prosent i Vestland fylke samla sett.

Folketalet i kommunen har med unntak av 1980-talet vist ein nesten kontinuerleg nedgang etter andre verdskrigen. I tiårsperioden 2013—2023 viste likevel folketalet ein vekst på gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg i Tysnes, mot 0,7 prosent i Vestland fylke (etter dagens grenser).

Kart over Tysnes kommune

.
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Mange av småøyane, særleg dei skifrige i sør, er svært fruktbare, det same gjeld også mange av dalføra, som har god moldjord. Samla sett har likevel Tysnes forholdsvis lite dyrka jord. Fire av dei andre sju sunnhordlandskommunane (inkludert Austevoll) har såleis større jordbruksareal. Tysnes har derimot det nest største skogarealet blant sunnhordlandskommunane. Skogen finst særleg i dei indre, lågare områda på Tysnesøya og på Reksteren. I 2021 blei det avverka 12 200 kubikkmeter tømmer i kommunen. Kommunen har elles noko fiskeoppdrett.

Jordbruket er basert på husdyrhald, særleg storfe og sau. Det forholdsvis milde kystklimaet gir gode beiteforhold. Samla har primærnæringane 19 prosent av arbeidsplassane i Tysnes kommune (2022), den klart høgaste prosentdelen i desse næringane blant kommunane i dåverande Hordaland fylke.

Utanom offentleg og privat tenesteyting og primærnæringane er industrien inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning/renovasjon den viktigaste næringa i kommunen med i alt 17 prosent av arbeidsplassane, herav fem prosent i industrien åleine (2022). Tysnes har enkelte mindre verksemder innan verkstad-, trelast-/trevare- og næringsmiddelindustri.

Av dei yrkesaktive som er busette i Tysnes, har 32 prosent arbeid utanfor kommunen (2022); ni prosent arbeider i Bergen, i alt åtte prosent i dei andre sunnhordlandskommunane inkludert Austevoll og i alt fem prosent i Kvam og Bjørnafjorden (2022).

Samferdsel

Hovudvegsambandet er fylkesveg 549, som går langs vest- og nordsida av Tysnesøya og over Lukksund bru til fastlandet. Denne gjer det mogleg å køyre ferjefritt til Bergen via fylkesveg 48 til Tysse i Samnanger og vidare derfrå på fylkesveg 49 og E16. Dette gir likevel kommunen lang veg til Bergen. Frå Våge på Tysnesøya er det difor ferjesamband til Haljem i Bjørnafjorden på Bergenshalvøya, noko som gir ein rundt 100 kilometer kortare køyreveg til Bergen.

Frå fylkesveg 549 på Hodnaneset lengst sør på Tysnesøya er det ferjesamband til øya Huglo og til E39 i Jektavik på Stord. Frå Jektavik fører E39 nordover til Bergen og sørover til Stavanger.

Frå Tysnes kan ein køyre ferjefritt til Austlandet både via riksveg 7 over Hardangervidda og via E16 over Voss og Lærdal.

Frå Uggdal går det fylkesvegar vestover til Reksteren (fylkesveg 5086) og austover, tvers over Tysnesøya, til Onarheim på søraustkysten (fylkesveg 5078), og dessutan frå Hodnaneset langs søraustkysten på fylkesveg 5076 og tilbake til fylkesveg 549 i Lundegrend nordaust på øya.

Malkenes lengst nordaust på Tysnesøy har anløp av snøggbåtsambandet Rosendal–Malkenes–Os–Flesland–Bergen. Ei anna rute trafikkerer Våge–Reksteren–Os.

Offentlege institusjonar

Politiet i Kvam, Samnanger, Fusa og Tysnes, som sorterer under Vest politidistrikt, har tre politistasjonar, blant anna i Våge i Tysnes. I rettsleg samanheng høyrer Tysnes kommune til Haugaland og Sunnhordland tingrett, som har sete i Haugesund, og Gulating lagmannsrett.

Tysnes kommune svarar til dei fire sokna Tysnes, Uggdal, Reksteren og Onarheim og høyrer til Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja.

Tysnes er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Etne.

For statistiske føremål er Tysnes kommune (per 2022) inndelt i 16 delområde/grunnkrinsar: Sør-Reksteren, Nord-Reksteren, Vee, Våge, Myklestad, Reiso, Gjersvik, Humlevik, Gripne, Tveit, Onarheim, Skjellevik, Flatåker, Neshamn, Søreide og Amland.

Historikk og kultur

Tysnes har vore eit sentrum for heidensk gudsdyrking. Fleire stadnamn i kommunen vitnar om dette, til dømes Vé med Helgastein, Godøya, Vevatne, Lunde (heilag lund) og Njarðarlǫg (det gamle namnet på Tysnesøya). Mange av dei større eigedommane har vore adelege setegardar (Gjersvik, Hovland, Malkenes og Onarheim). Kommunen har mange oldfunn, mellom anna det godt bevarte gravfeltet frå jernalderen ved Årbakke.

Det er fleire klebersteinførekomstar i kommunen, og fleire stader har det vore brote marmor. Ved nordspissen av Tysnesøya ligg Godøysund med ein gamal traktør- og handelsstad og eit fjordhotell som ikkje lenger er i drift. Solstråleøya i same område blei i 1906 gitt som gåve frå den britiske adelsmannen John Musgrove til den norske kongefamilien. Etter kong Olav 5s død i 1991 blei øya gitt til Tysnes kommune under føresetnad av at ho blei teken i bruk som friluftsareal for lokalbefolkninga og besøkjande.

I heia over Nedrevågen nordaust for Onarheim på Tysnesøya ligg Uren Luren, plassen som Claus Pavels Riis etter tradisjonen har hatt som grunnlag for den kjende songen om Anne Knutsdotter.

Forfattaren Johannes Heggland budde i Tysnes. Han er mellom anna kjend for historiske romanar og for manuskriptet til sogespelet Kristkongane på Moster (Mostraspelet).

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet har ei krone over to krosslagde sølvøksar, mot ein blå bakgrunn. Dette viser til Onarheimsseglet.

Første ledd i namnet Tysnes kjem av gudenamnet Ty.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes : Gards- og ættesoge, (revidert utgåve), 2003–, fire bind
  • Heggland, Johannes: Tysnes : Det gamle Njardarlog 1 & 2, 1964–1975, to bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg