Barlind. Øvst: Ein kvist med moden frøkappe og frø.

Lisens: Avgrensa gjenbruk

Barlind er eit eviggrønt bartre i barlindfamilien som kan bli opptil 15 meter høgt. Heile planta, bortsett frå frøkappa, er giftig.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Taxus baccata
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
VU – Sårbar
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Ei barlind kan bli 15 meter høg, og har hard og seig ved, raudbrun kjerneved og gulkvit yteved, flisete bork og flate kvister. Konglene sit enkeltvis i bladhjørna, lysgule hannkongler (pollenkongler) på eitt tre, grøne hokongler (frøkongler) på eit anna – det vil seia arten er særbu. Frøet er beinhardt og omgitt av ei til slutt vakkert skarlaksraud frøkappe (arillus).

Utbreiing i Noreg

I Noreg veks barlind i lier og under berghamrar på Sør- og Vestlandet nord til Molde, på Austlandet enkelte stader nord til Feiring og Krødsherad. Barlinda kan bli svært gammal, i England veks tre som er over 2000 år gamle. Fullt så gamle tre er ikkje registrerte i Noreg, men også dei norske kan få svære stammar. På Vestlandet finst tre som i brysthøgd har ein omkrins på 4 meter, og i Hordaland finst der over 100 barlindtre som har ein omkrins på over 2 meter. På norsk raudliste 2021 er barlind oppført som sårbar (VU).

Bruk

I gammal tid vart barlind brukt til pilebogar (norrønt ýr betyr både barlind og boge). Heilt fram til 1900 vart det skote vågekval med bogar av barlind i skjergarden utanfor Bergen. Elles blir mindre tre brukte til hesjestaur, og veden av større tre til kjerald og reiskapar. Bastet er seigt og har vore brukt til tau på same måten som bastet av lind, derav namnet barlind. Av barlind kan ein vinne ut stoffet taxol, som blir brukt i kreftbehandling.

I utlandet finst fleire former av barlind. Pyramide-barlind (var. fastigiata eller hibernica) er ein svært vakker og dekorativ varietet som ofte blir planta i hagar og parkar. Denne varieteten har smal krone og stivt opprette greiner.

Ved

Yteveden er heilt lys, medan kjerneveden er mørk raudbrun. Tettleiken (densiteten) ved 15 prosent fukt er ca. 0,70 g/cm³. Veden er seig og bøyeleg og svært haldbar, og blir brukt ein del til spesielle føremål som vevskytler, teikneutstyr og instrument, eller til kunstgjenstandar.

Giftig

Alle delar av planten, så nær som frøkappa, er giftige, fordi dei innheld det sterkt giftige alkaloidet taksin. Særleg hest og sau et av barlinda og blir forgifta, det er også registrert barlindforgifting hos elg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

barlind
Taxus baccata
Tidlegare vitskapleg namn
Taxus tardiva (Siebold ex Endl.) C.Lawson
Artsdatabanken-ID
103834
GBIF-ID
5284517

Kommentarar (2)

skreiv Janicke Getz

Innholdsrik artikkel om barlind :)

Jeg tenkte likevel at jeg burde nevne at jeg i flere kilder har lest at barlind er en giftig plante, både i bær og nåler og ved. Jeg velger likevel å sende kun en link, og viser til Naturhistorisk museum via http://www.nhm.uio.no/fagene/botanikk/karplanter/dagny-tande-lid/56-taxus-baccata.html.

Der mangler mye av den informasjonen denne artikkelen er rik på. Den kan vel kanskje best beskrives som ufullstendig :) Men giftig er den, barlinden :) Verdt å ha med, særlig for hestene!

Vennlig hilsen
Janicke Getz

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Hei,takk for kommentar, det sto forsåvidt at barlind er giftig ("inneholder det giftige alkaloidet taksin"), men vi har endret litt på teksten slik at giftigheten forhåpentligvis kommer tydeligere frem.Vennlig hilsenredaksjonen for naturfag

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg