Generalbass, ofte også kjent som basso continuo (italiensk), er ein akkompagnementsteknikk i europeisk kunstmusikk frå 1600- og 1700-talet. Med utgangspunkt i ei nedskriven basslinje (generalbassen) blir eit akkompagnement meir eller mindre improvisert fram («realisert») av éin eller fleire musikarar.
Faktaboks
- Uttale
-
generˈalbass
- Etymologi
-
tysk: Generalbaß
- Også kjent som
-
fransk basse continue, basse chiffré, italiensk basso continuo, engelsk thorough-bass
Generalbassen er hjørnesteinen i det meste av ensemblemusikken frå barokken og dannar det harmoniske og rytmiske fundamentet i repertoaret frå denne tida. Generalbass blir i denne epoken brukt i musikk med alle slags typar besetning – frå ei enkel songstemme akkompagnert av ein lutt til store kor- og orkesterverk med mange ulike instrumentfamiliar i generalbassgruppa.
Sjølve akkompagnement i generalbassen blir gjerne utforma av eit akkordinstrument, slik som cembalo, orgel, gitar, harpe eller lutt. I mange tilfelle blir også basslinja dobla av eit bassinstrument, slik som cello, kontrabass, viola da gamba, trombone eller fagott. I korverk doblar ofte den lågaste stemma generalbasspartiet. Instrumentasjonen i generalbasspartiet varierer i stor grad ut frå tidsepoke, stil og musikalsk samanheng.
I form av eit partimento kan også generalbassen åleine utgjere ein sjølvstendig komposisjon, som ofte har blitt brukt til å øve improvisasjon og kontrapunkt på klaverinstrument.
Både basso continuo og partimento var viktige delar av musikkopplæringa på 1600- og 1700-talet. Med framveksten av historisk informert oppføringspraksis (tidlegmusikk) har kunsten å spele generalbass blitt gjenoppliva i løpet av andre halvdel av 1900-talet.
Kommentarer (2)
skrev Stig Wernø Holter
En god artikkel! Men jeg lurer på hvorfor b som fortegn kalles bess. Det er det ingen som sier! Bess er tonen man får med dobbelt b for h (ved bruk av tyske tonenavn).
svarte Nikolai Endresen Dahl
Hei Stig!
Etter ein del oppslag i diverse litteratur, kan eg konstatere at du har veteleg rett. Eg kan likevel minnast å ha blitt lært det uttrykket på musikklinja i si tid, dermed er det vel ikkje 'ingen' som bruker det. ;-)
Eg korrigerer no straks!
Nikolai
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.