Faktaboks

Karsten Warholm
Fødd
28. februar 1996, Ulsteinvik
Warholm i fullt driv på langhekken

Karsten Warholm vinn 400 m hekk under Diamond League-stemnet i Stockholm i juni 2017.

Warholm i fullt driv på langhekken
Av /TT Nyhetsbyrån, SCANPIX.
Karsten Warholm
1. juli 2021 slo Karsten Warholm den 29 år gamle verdsrekorden til amerikanaren Kevin Young, med tida 46,70 på Bislett Stadion i Oslo.
Av /Red Bull Content Pool/NTB.

Karsten Warholm er ein norsk friidrettsutøvar som blir rekna som ein av Noregs beste idrettsutøvarar gjennom tidene. Warholm vart olympisk meister på 400 meter hekk i OL i Tokyo 2021. Han vart også verdsmeister på distansen i 2017, 2019 og 2023. Med tida 45,94 har Warholm også verdsrekorden på distansen, sett i OL-finalen i Tokyo 2021.

Warholm konkurrerte i starten av karrieren som mangekjempar, men spesialiserte seg så på 400 meter hekk og 400 meter flatt. Warholm tok VM-gull på 400 meter hekk i London 2017, som den første mannlege norske verdsmeister i baneløp. Då han forsvarte VM-gullet i Doha 2019, vart han den andre nordmannen ved sida av Trine Hattestad med to gull frå VM i friidrett. Warholm er ein av berre tre norske utøvarar som har vunne olympisk gull i ei løpsøving i friidrett. Dei andre er Vebjørn Rodal og Jakob Ingebrigtsen.

Warholm blir trena sidan 2015 av Leif Olav Alnes, i treningsgruppe med mellom anna Amalie Iuel. Han har mor si Kristine Haddal som manager. Warholm representerer Dimna IL, Ulsteinvik.

Junior og mangekjempar

Warholm er sunnmøring, oppvaksen i Ulsteinvik i Møre og Romsdal. Som ungdom og junior konkurrerte han som mangekjempar. Han vart verdsmeister i åttekamp i U18-meisterskapen i 2013. I junior-VM i 2014 vart Warholm nummer ti i tikamp, og i junior-EM i 2015 tok han sølv både på 400 meter og i tikamp.

Spesialisering på langhekken

Warholm deltok på 400 meter hekk i EM i Amsterdam 2016, der han vart nummer seks i finalen og sette norsk rekord i semifinalen (48,84). Under OL i Rio de Janeiro seinare same år vann han forsøksheatet sitt på norsk rekord (48,49), og i semifinalen var han berre 17 hundredels sekund frå å nå finalen. Etter prestasjonen i OL gjekk han over til å satse på 400 meter hekk.

I august 2016 sette Warholm norsk rekord på 400 meter i Kristiansand med 46,10, eitt hundredel betre enn Quincy Douglas sin 18 år gamle rekord frå 1999.

Internasjonalt gjennombrot

I 2017 starta Warholm sesongen glimrande med siger på 400 meter hekk i Diamond League-stemna på Bislett stadion (48,25, norsk rekord) og i Stockholm (48,82). Han vann også distansen under lag-EM 1. divisjon i Vasa i Finland (48,46). Tidlegare på året forbetra han i Florø den norske rekorden på 400 meter med godt over eit sekund til 44,87.

Han vart verdsmeister på 400 meter hekk (48,35) under VM i London august 2017. Det var første gong på 22 år at ein norsk baneløpar tok medalje under VM, etter at Vebjørn Rodal tok bronse på 800 meter under VM i 1995. Warholm vart med dette den første norske mannlege verdsmeister i baneløp. I finalen i Diamond League i Zürich vart han nummer to på distansen med norsk rekord 48,22.

Etter sesongen 2017 vart Warholm kåra til årets mannlege nykommar både av Det europeiske friidrettsforbundet og av Det internasjonale friidrettsforbundet (World Athletics).

I sesongdebuten under Diamond League i Roma juli 2018 viste han framleis framgang med ny andreplass. Han sette då ny norsk rekord på 400 meter hekk med tida 47,82. Warholm sletta dermed den 22 år gamle nordiske rekorden til Sven Nylander. I Stockholm i juni forbetra han rekorden med ein hundredel til 47,81, og i London i juli med 16 hundredelar til til 47,65. Han tok EM-gull 9. august 2018 med ny norsk rekord på 47,64.

Under Diamond League-stemna i Stockholm i mai 2019, Paris i august 2019 og Zürich i august 2019 vann han 400 meter hekk. Dermed vann han også Diamond League samanlagt i 400 meter hekk. I september 2019 forsvarte han VM-gullet på 400 meter hekk som den første norske utøvaren til å oppnå gull i to strake verdsmeisterskapar.

I august 2020 pressa han tidene ytterlegare då han vann 400 meter hekk både i Zürich og i Stockholm, og han forbetra den personlege rekorden sin til 46,87.

Verdsrekordar

Warholm sette verdsrekord på 400 meter hekk i Diamond League-stemnet på Bislett stadion den 1. juli 2021 med tida 46,70. Han slo med det ein nesten 29 år gammal rekord, 46,78, sett av Kevin Young under OL i Barcelona i 1992. Warholm vart dermed den niande nordmannen gjennom tidene til å setje ein offisiell verdsrekord i friidrett. Rekorden vart forbetra til 45,94 under OL i Tokyo i 2021.

OL-gull

3. august 2021 sprang Warholm finalen på 400 meter hekk i OL i Tokyo, som var utsett eitt år frå 2020 på grunn av koronaviruspandemien. I finalen sprang alle dei tre medaljørane på betre tider enn den gamle verdsrekorden til Kevin Young, som Warholm senka berre ein månad tidlegare. Dermed tok han det første norske OL-gullet i ei løpsøving sidan Vebjørn Rodal sitt 800-metergull i Atlanta i 1996.

Medaljeoversyn

OL

Medalje Meisterskap Øving
Gull 2021 Tokyo 400 meter hekk

VM

Medalje Meisterskap Øving
Gull 2017 London 400 meter hekk
Gull 2019 Doha 400 meter hekk
Gull 2023 Budapest 400 meter hekk

EM

Medalje Meisterskap Øving
Gull 2018 Berlin 400 meter hekk
Gull 2022 München 400 meter hekk

U23-EM

Medalje Meisterskap Øving
Gull 2017 Bydgoszcz, Polen 400 meter hekk
Sølv 2017 Bydgoszcz, Polen 400 meter

Junior-EM (U20)

Medalje Meisterskap Øving
Sølv 2015 Eskilstuna Tikamp
Sølv 2015 Eskilstuna 400 meter

Ungdoms-VM (U18)

Medalje Meisterskap Øving
Gull 2013 Donetsk, Ukraina Åttekamp

Noregsmeisterskap utandørs

Warholm har teke i alt 16 senior-NM-titlar utandørs. Han blei tildelt kongepokalen i 2015, 2016, 2017, 2018, 2019 og 2023.

Medalje Meisterskap Øving
Gull 2014 Jessheim 400 meter
Gull 2014 Jessheim 110 meter hekk
Gull 2015 Haugesund 400 meter
Gull 2015 Haugesund 400 meter hekk
Sølv 2015 Haugesund 110 meter hekk
Sølv 2015 Haugesund Lengde
Gull 2016 Ravnanger 400 meter
Gull 2016 Ravnanger 400 meter hekk
Gull 2016 Ravnanger 1000 meter stafett
Gull 2017 Sandnes 400 meter
Gull 2017 Sandnes 400 meter hekk
Gull 2017 Sandnes 1000 meter stafett
Gull 2018 Byrkjelo 400 meter hekk
Gull 2018 Byrkjelo 400 meter
Gull 2019 Hamar 400 meter hekk
Gull 2019 Hamar 400 meter
Gull 2020 Bergen 400 meter hekk
Gull 2023 Jessheim 400 meter hekk

Noregsmeisterskap innandørs

Innandørs har Warholm i alt 13 senior-NM på 400 meter (fem), 200 meter (tre), 60 meter hekk (to), lengde (éin), lengde utan tilløp (éin) og 4x200 meter stafett (éin).

Medalje Meisterskap Øving
Sølv 2012 Steinkjer Tresteg
Sølv 2013 Haugesund Lengde
Bronse 2013 Haugesund Lengde utan tilløp
Gull 2014 Stange 60 meter hekk
Gull 2014 Stange 400 meter
Gull 2014 Stange Lengde utan tilløp
Sølv 2014 Stange Lengde
Gull 2015 Steinkjer 60 meter hekk
Gull 2015 Steinkjer 200 meter
Gull 2015 Steinkjer 400 meter
Sølv 2015 Steinkjer Lengde utan tilløp
Gull 2016 Bærum Lengde
Gull 2016 Bærum 400 meter
Gull 2016 Bærum 4x200 meter stafett
Gull 2016 Bærum 200 meter
Gull 2017 Ulstein 200 meter
Gull 2017 Ulstein 400 meter
Gull 2018 Bærum 400 meter

Personlege rekordar

Øvelse Rekord Dato Sted
100 meter 10,52 28. mai 2016 Romerikslekene i Lillestrøm
200 meter 21,09 4. juni 2016 Florø
300 meter 32,49 18. september 2021 Fana stadion, Bergen
400 meter 44,87 10. juni 2017 Florø
1500 meter 4.44,73 19. juli 2015 Eskilstuna
110 meter hekk 14,30 31. juli 2015 NM i Haugesund
300 meter hekk 33,26 4. juni 2021 Bislett stadion
400 meter hekk 45,94 3. august 2021 Tokyo
Høgde 2,05 31. mai 2014 Bergen
Lengde 7,66 28. juni 2015 Mannheim i Tyskland
Stav 4,30 24. mai 2015 Nittedal
Tresteg 14,14 4. august 2013 Overhalla
Tikamp 7764 19. juli 2015 Junior-EM i Eskilstuna
60 meter (innandørs) 6,75 28. januar 2017 Florø
100 meter (innandørs) 10,49 28. januar 2017 Florø
200 meter (innandørs) 20,91 5. februar 2017 Ulsteinvik
400 meter (innandørs) 45,05 2. mars 2019 Glasgow, Storbritannia
60 meter hekk (innandørs) 8,10 8. februar 2015 Steinkjer
300 meter hekk (innandørs) 34,26 10. februar 2018 Tammerfors, Finland
Høgde (innandørs) 2,05 9. februar 2013 Steinkjer
Lengde (innandørs) 7,49 8. mars 2015 Ulsteinvik
Tresteg (innandørs) 14,48 3. mars 2012 Steinkjer

Heider og andre utmerkingar

I 2019 og 2021 vart Warholm kåra til Årets friidrettsutøvar i Europa, medan han i 2021 som fyrste nordmann vart kåra til Årets mannlege friidrettsutøvar i verda av Det internasjonale friidrettsforbundet.

Warholm fekk prisen som Årets mannlege idrettsutøvar på Idrettsgallaen i 2018, 2020 og 2022. I 2018 og 2020 vart han også tildelt Utøvaranes pris, og vart kåra til Årets namn. Han er tildelt Sportsjournalistenes statuett heile tre gonger, i 2017, 2019 og 2021. I 2022 fekk Warholm Fearnleys olympiske ærespris for prestasjonen sin i OL i Tokyo i 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg