Faktaboks

Benedikt 16.

Benedikt XVI

Joseph Alois Ratzinger

Fødd
16. april 1927, Marktl am Inn i Bayern, Tyskland
Død
31. desember 2022, Vatikanet
Benedikt 16. (2010)
Pave Benedikt 16. i Portugal i 2010.
Av /Catholic Church England and Wales.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Benedikt 16. var ein tysk katolsk teolog og pave. Han var pave frå april 2005 til han gjekk av frå embetet 28. februar 2013. Det var første gong ein pave abdiserte sidan 1294. Benedikt 16. var den 265. i Den katolske kyrkja si paverekke frå apostelen Peter.

Bakgrunn

Det eigentlege namnet til Benedikt 16. var Joseph Alois Ratzinger, og han vart fødd i Marktl am Inn i Bayern i Tyskland. Han studerte filosofi og teologi i Freising og München i 1946–1951 og vart ordinert til prest i 1951. Etter vidare studium i Roma tok han i 1953 den teologiske doktorgraden på ei avhandling om Augustins lære om kyrkja. I 1958 vart han utnemnd til professor i dogmatikk i Freising. Han var professor i Bonn i 1959–1963, i Münster i 1963–1966, i Tübingen i 1966–1969 og i Regensburg i 1969–1977.

Embete i Den katolske kyrkja

Pave Benedikt 16. i pavemobilen

Pave Benedikt 16. i pavemobilen under eit besøk til Portugal i 2010. Pavemobilen er eit spesialbygd køyretøy som gjer paven synleg og samstundes sikra i store folkemengder.

Av /Catholic Church England and Wales.
Lisens: CC BY NC ND 2.0
Paven
Pave Benedikt 16. leier ein messe i Laterankirken, 20. mars 2008.
Av /NTB Scanpix.

I 1977 vart han utnemnd til erkebiskop av München og Freising av pave Paul 6., og same året til kardinal, det vil seie øvste embetsmann i den romersk-katolske kyrkja nest etter paven. I 2005 vart han vald til pave, og han abdiserte frå embetet i 2013.

Under Det andre vatikankonsilet (1962–1965) var Ratzinger teologisk rådgivar for den tyske kardinalen Joseph Frings. I 1981 vart han kalla til Roma av pave Johannes Paul 2. som leiar (prefekt) for Kongregasjonen for truslæra, ei av dei mest sentrale stillingane i Den romersk-katolske kyrkja. I 2002 vart han vald som leiar (dekanus) av kardinalkollegiet. Han hadde eit nært tilhøve til dåverande pave Johannes Paul 2., og omsynet til kontinuitet var truleg utslagsgivande for at Ratzinger vart vald til pave 19. april 2005.

Benedikt 16. var teologisk konservativ. Som pave la han vekt på tradisjonelle, konservative katolske verdiar. Han forsvarte sølibatet for prestar og avviste kvinnelege prestar. Alle skandalane om seksuelle overgrep innanfor presteskapet var vanskelege å takle. I fleire spørsmål stod han for kontroversielle standpunkt i samtida. Han støtta forbod mot prevensjon og abort. Sjølv ikkje valdtekt legitimerte å ta abort etter hans syn. Han avviste samkjønna ekteskap og såg homofile handlingar som synd.

11. februar 2013 kunngjorde Benedikt 16. at han ville trekkje seg frå embetet. Grunngivinga for at han valde å gå av, var veik helse. Han ville framleis bere pavenamnet, og den offisielle tittelen var «pave emeritus». Han vart etterfølgd av Frans 1.

Forfattarskap

Benedikt 16. var ein av dei mest sentrale katolske teologane og hadde ein omfattande skriftleg produksjon. Også som pave var han ein produktiv forfattar. Han skreiv ei rekkje bøker og andre publikasjonar. Fleire av bøkene hans er omsette til norsk, mellom anna Jordens salt: Kristendom og Den katolske kirke ved årtusenskiftet (til norsk i 1998), Liturgiens ånd, en innføring (til norsk i 2001), Kalt til fellesskap (til norsk i 2004), Sekulariseringens dialektikk: Om fornuft og religion (saman med Jürgen Habermas, til norsk i 2008). Som pave publiserte han to encyklikaer: Deus Caritas Est (‘Gud er kjærleik‘, desember 2005) og Spe Salvi (‘I håpet er vi frelst‘, november 2007). I 2007 gav han ut Jesus fra Nasaret, første bind av eit tobindsverk om Jesus. Bind to av verket vart gitt ut i 2011. Også dette verket er omsett til norsk.

I juni 2007 offentleggjorde Benedikt 16. dokumentet Summorum pontificum som oppheva fleire av restriksjonane i feiringa av den tradisjonelle latinske messa, som etter 1969 er blitt feira i svært avgrensa grad.

I 1972 var han blant initiativtakarane til tidsskriftet «Communio» for katolsk teologi og kultur.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • John L. Allen: Pope Benedict XVI. A Biography of Joseph Ratzinger. New York 2005

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg