Faktaboks

Willy Brandt
Herbert Ernst Karl Frahm
Fødd
18. desember 1913, Fristaden Lübeck (nå Tyskland)
Død
8. oktober 1992, Unkel, Tyskland
Verke
Tysk politiker
Familie

Foreldre: Bokhaldar John Möller (1887–1958) og ekspeditrise Martha Frahm (1894–1969).

Gift 1) 1941 med sekretær, seinare litterær agent Anna Carlota Thorkildssen (1904–1980), dotter av ingeniør Gustav Thorkildssen og Janina Zeggel, ekteskapet oppløyst i 1948; 2) 1948 med journalist Rut Bergaust fødd Hansen (1920–2006), dotter av kusk/sjåfør Andreas Hansen og Magnhild Hansen, ekteskapet oppløyst i 1980; 3) 1983 med journalist og historikar Brigitte Seebacher (1946–).

Willy Brandt
Willy Brandt var Vest-Tysklands utanriksminister fra 1966 til 1969 og forbundskanslar (statsminister) frå 1969 til 1974. Foto frå 1980.
Av /Das Bundesarchiv.
Lisens: CC BY SA 3.0

Willy Brandt var ein tysk sosialdemokratisk politikar. Han var Vest-Tysklands utanriksminister fra 1966 til 1969 og forbundskanslar (statsminister) frå 1969 til 1974. I ein periode prega av den kalde krigen la han grunnlaget for forsoning med dei kommunistiske landa i aust. I 1971 vart han tildelt Nobels fredspris for den nye austpolitikken.

I åra 1933–1940 budde Brandt i Noreg. Han arbeidde som journalist og forfattar, og var i alle åra politisk aktiv på venstresida.

Oppvekst

Willy Brandt, som opphavleg heitte Herbert Ernst Karl Frahm, var fødd i Lübeck ved Austersjøkysten. Der vaks han opp saman med mor si i eit av arbeidarstroka i byen.

Som tenåring leia han ei marxistisk studiegruppe og skreiv for den lokale arbeidarpressa. Han meldte seg inn i Det tyske sosialdemokratiske partiet SPD, men meinte det gjorde for lite for å stanse den framveksande nazismen. I 1931 slutta han seg til ei utbrytargruppe frå sosialdemokratane og danna Det tyske sosialistiske partiet. Etter at partiet vart forbode i 1933, då Adolf Hitler tok over makta i Tyskland, bestemte medlemane seg for å kjempe vidare for sosialismen i eksil. Brandt vart peikt ut til å vere partiet sin mann i Noreg.

Eksil i Noreg

Willy Brandt i Noreg
Willy Brandt var i eksil i Noreg frå 1933, då Hitler tok over makta i Tyskland, til 1940, då Noreg vart okkupert av Nazi-Tyskland. Det var då han dro til Noreg at han tok namnet Willy Brandt, som han nytta resten av livet. Bildet viser Brandt (til høgre) saman med ein annan tysk flyktning, Kurt Jonas (som seinare blei gift med Aase Lionæs, som var medlem av Nobelkomiteen då Brandt fekk fredsprisen).
Av /NTB.

Herbert Frahm kom til Oslo i april 1933. Frå då av og livet ut brukte han namnet Willy Brandt. I Oslo oppsøkte han Arbeiderbladet, og redaktøren sørgde for at han etter få dagar fekk sin første artikkel i avisa. Der gjorde Brandt greie for den politiske situasjonen i Hitler-Tyskland. I juni drog han til Vestlandet og heldt foredrag om det same.

Saman med andre eksiltyskarar fekk han i gang ei avdeling av Det tyske sosialistiske partiet i Oslo, og ved å delta på dei årlege partikongressane i Paris heldt han kontakten med dei andre eksilgruppene.

I tillegg til innsatsen for dei tyske sosialistane gjekk Brandt sitt oppdrag i Noreg ut på å trekke Det norske arbeidarpartiet i revolusjonær retning. For å styrke venstrefløyen i partiet meldte han seg difor inn i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF). Kort tid etter vart han medlem av den kommunistiske gruppa Mot Dag. Brandt vart på si side påverka av norsk politikk. Han såg at Arbeiderpartiet oppnådde regjeringsmakt ved å inkludere breie samfunnslag og satse på velferdsreformer, og byrja å tvile på om det tyske sosialistpartiet sin sekteriske strategi var rett.

Etter utbrotet av andre verdskrig i Noreg i april 1940 flykta Brandt til Stockholm. Der kom han med i det norske eksilmiljøet og fortsette den politiske kampen. Han var med å starte eit pressebyrå som forsynte svenske og norske aviser med krigsnytt og politiske analysar, og han heldt kontakt med motstandsrørsla i Oslo og med den norske regjeringa i London. I 1944 vart han på ny medlem av Det tyske sosialdemokratiske partiet.

For innsatsen sin for den norske motstandskampen vart Brandt i 1960 heidra med St. Olavs Orden.

Toppolitikar i Tyskland

Willy Brandt

Willy Brandt. Foto fra 1972.

Av /NTB Scanpix ※.

Brandt drog tilbake til Tyskland då krigen var over i 1945. Landet vart etter krigen delt i fire okkupasjonssoner, som frå 1949 blei til dei to sjølvstendige statane Vest-Tyskland og Aust-Tyskland (DDR). Hovudstaden Berlin, der Brandt budde, var delt inn på same måte. Dei første åra jobba han som korrespondent for skandinaviske aviser, men frå slutten av 1940-talet var han heiltidspolitikar. Han vart vald inn i bystyret i Vest-Berlin og var i fleire år ordførar i byen.

Austpolitikk

I 1966 vart Brandt utanriksminister i Vest-Tyskland. Den kalde krigen mellom austblokka og vestblokka dominerte utanrikspolitikken. Brandt sette seg to overordna mål. Det eine var at Vest-Tyskland måtte bli mest mogleg integrert i det vestlege fellesskapet, det andre var å få til forsoning med dei austlege nabolanda.

Han utforma austpolitikken under mottoet «endring gjennom tilnærming». For å normalisere forholdet til austblokklanda innsåg han at Vest-Tyskland måtte anerkjenne Aust-Tyskland som sjølvstendig stat, tyskarar var éin nasjon, men i to statar. Likeeins måtte regjeringa gi avkall på tidlegare tyske område i Polen og godta Oder-Neisse som gjeldande grense mellom Polen og Tyskland. Vesttyske kritikarar hevda at krava streid mot både grunnlova og doktrinen om Vest-Tyskland sin rett til å representere heile Tyskland.

Brandt sine politiske signal skapte ein gryande tillit i aust, som opna for samtalar med kommunistregima. I åra 1966–1969 vart det oppretta diplomatisk samband med Romania og Jugoslavia og slutta handelsavtalar med Polen, Tsjekkoslovakia og Ungarn. Brandt fekk òg i gang att drøftingane om ein ikkje-valdsavtale med Sovjetunionen.

I 1969 vart han vald til forbundskanslar (statsminister). Det gav austpolitikken ny styrke. Han var den første vesttyske statsminister som besøkte Aust-Tyskland, i 1970. I august same år vart den tysk-sovjetiske avtalen om samarbeid og ikkje-vald underteikna i Moskva, i desember den tysk-polske avtalen som garanterer Polen si vestgrense langs Oder-Neisse. I 1971 kom det på plass ein avtale mellom Aust-Tyskland og Vest-Tyskland som sikra Vest-Berlin status som ein del av Vest-Tyskland, og fri ferdsel til og frå Berlin.

Brandt sin austpolitikk skapte politisk tøvêr i Europa. For det vart han i 1971 tildelt Nobels fredspris.

Han vart attvald som statsminister i 1972, men trakk seg i 1974, då ein av dei nærmaste medarbeidarane hans vart avslørt som austtysk spion.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brandt, Willy (1989): Erinnerungen (Erindringer , 1990)
  • Lorenz, Einhart (1989): Willy Brandt i Norge: Eksilåra 1933–1940
  • Lorenz, Einhart (2013): Willy Brandt. Et politisk liv
  • Noack, Hans-Joachim (2013): Willy Brandt: Ein Leben, ein Jahrhundert

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg