Myllarguten fotografert i 1858.

Torgeir eller Tarjei Augundsson er kjend som Myllarguten. Han er ein av Noregs mest kjende hardingfelespelarar gjennom historia.

Myllarguten fotografert i 1858.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Guro Kvifte Nesheim
Felespelaren Guro Kvifte Nesheim (født 1993) er ein viktig formidlar av musikk for hardingfele i dag. Mange kvinner som spelar, kallar seg spelemenn fordi det koplar dei opp mot yrkestermen, og for den statusen nemniga gjev folkemusikkhistorisk sett. Somme seier også kvinneleg spelemann, spelkvinne eller spelar.
Av .

Spelemann er ei nemning knytt til utøvarar av tradisjonell instrumentalmusikk. Instrumenta kan til dømes vera hardingfele, fele, trekkspel, langeleik, munnharpe eller ulike typer fløyter. Nemninga har likevel vore mest knytt til instrumenta fele, hardingfele og trekkspel. I Noreg er nemninga hovudsakleg bruka om utøvarar av norsk folkemusikk og fortel såleis også noko om musikalsk bakgrunn. Til dømes er det ikkje tradisjon for å kalla ein klassisk fiolinist som Ole Bull for spelemann, medan Torgeir Augundsson, betre kjend som Myllarguten, utan vidare vert kalla spelemann.

Faktaboks

Også kjend som

spilemann, spellmann, spellemann, spelmann, spillemand

Ordet spelemann kjem av lågtysk og er avleidd av verbet å spele, som i dansk mål er funne så tidleg som 1504. I dag er ordet bruka i alle dei nordiske språka. Nemninga bruka på norrønt føre spelemann vart etablert, var leikari. Leikarar var omreisande kunstnarar som livnærte seg av å spela, syngja og fortelja.

Tidlegare har også det kjønnsnøytrale ordet spelar vore brukt om felespelarar. Til dømes sa dei «Ola-spelaren» om Olav Håstabø (1826–1899) eller «Spelar-Synnøve» om Synnøve Rasmusdotter Frislid (gift Otterdal) (1725–1810). Ordet seier då konkret kva ein gjer, til liks med kvedar eller dansar.

Rolla som spelar har i stor grad vore knytt til mannen. Særleg instrumenta fele, hardingfele og trekkspel har blitt sett på og omtalt som «mannsinstrument». Det fanst mange kvinnelege felespelarar i Noreg på 1700- og 1800-talet, men det har ikkje blitt formidla i munnlege og skriftlege tradisjonar i like stor grad som mannlege felespelarar har.

Sidan 1960-talet er talet kvinner som spelar særleg fele og hardingfele, auka i stor grad. Mange kvinner kallar seg spelemenn, då det koplar dei opp mot yrkestermen, og på grunn av den statusen nemniga gjev. Somme seier kvinneleg spelemann eller spelkvinne.

I dag kallar mange yrkesutøvarar innan folkemusikken seg i staden felespelar, spelar, musikar eller folkemusikar. Ordet spelemann kan dimed moglegvis forsvinna ut av den levande tradisjonen.

Spelemann – ein yrkesterm

Felespel høyrde også til jonsokfeiringa. Her med Knut Hamre som spelar i Folkedal i 1963.
.
Utsnitt frå maleriet Brudeferd i Hardanger
Spelemannen var eit ynda objekt då bondelivet skulle illustrerast i nasjonalromantikken. På måleriet Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude frå 1848 sit spelemannen fremst i båten. Fiolinisten Ole Bull satt modell.
Bryllup
Ein av dei mest sentrale oppgåvene til ein spelemann som var felespelar mellom 1700- og 1950-talet i bygde-Noreg, var å tena i bryllaup. Halvor Berget speler brudemarsj for si dotter Bertea og Erik Lomnes.
Av /Anno Musea i Nord-Østerdalen..
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Innan folkemusikktradisjonen er nemninga spelemann sett på som ein yrkesterm der ein utfører ulike type speleoppdrag og har det som profesjon anten delvis eller på heiltid. Dei fremste spelemenn vert gjerne kalla meisterspelemann. Spelemannskunsten er ein munnleg tradert tradisjon der ein går i lære hjå ein meister over mange år. Spelemenn vert såleis over tid spesialistar for eit bestemt distrikt sitt slåtte-repertoar, spelemannshistorie og ulike skikkar. Å kallast for spelemann er for mange i folkemusikk-kretsar dimed ein heiderstittel.

Ein av dei mest sentrale oppgåvene til ein spelemann på 1700- og 1800-talet, og i fyrste del av 1900-talet i bygde-Noreg, var å tena i bryllaup. Tidlegare varte bryllaupa gjerne over fleire dagar og inneheld mange særskilde ritual undervegs, der spelemannen saman med kjøkemeister var avgjerande. I bryllaupa kunne det vera fleire spelemenn saman om det var råd til det.

I tillegg tente spelemannen også ved jordfestingar og likvake før det var avvikla, og ikkje minst spela dei til folkedans i mange ulike samanhengar. Marknadar var òg ein viktig arena, der dei mest kjende var Lærdalsmarknaden, Røldalsmarknaden og Kongsbergmarknaden. Her møttest spelemenn frå ulike landsdelar, selde varer, byte slåttar og spela seg opp til «frikar».

«Det vare ingen spelemann rike», heiter det i eit gamalt ordtak frå Setesdal, og spelemannsyrket kunne vera eit vanskeleg liv reint økonomisk. Samstundes kunne dei mest etterspurde spelemennen på midten av 1800-talet ha ei årsløn opp mot hundre dalar. Til samanlikning tente ein skulemeister frå ti til tolv dalar i året den same tida. Mange spelarar livnærte seg i tillegg som læremeistrar, gardbrukarar, fiskarar, skreddarar eller anna type handverksarbeid.

Konsertspelemann

Kristiane Lund
Felespelar Kristiane Lund (1889–1976) frå Bø i Telemark hadde sytt for at det stod «Lund, Kristiane, felespelar» i telefonkatalogen. «Spelemann» kalla ho seg aldri for, mest fordi felespelar tykte ho var gjævare, som «violinist».
Kristiane Lund
Av /Kjetil Straume.

Om lag dei siste hundre åra har spelemenn også spelt på kappleikar og halde konsertar. I den samanhengen har spelemenn gjerne vorte kalla for konsertspelemann. Den såkalla konserttida blømde på slutten av 1800- og i byrjinga av 1900-talet. Det var store omveltningar i samfunnet grunna den industrielle revolusjonen, og me fekk nye samværsformer og ikkje minst nye bryllaupsskikkar. Konsertsalen som tidlegare åleine hadde høyrt til kunstmusikken, vart dimed ei redning for spelemannen fram til vår tid.

I folkemusikken i dag

Folkemusikken i dag vert i hovudsak framført for eit lyttande publikum. Repertoar bruka til dette har gjerne blitt kalla konsertspel. Mange spelemenn byrja i overgangen til 1900-talet også å komponera nye slåttar, kalla lydarslåttar, som var det motsette av den meir funksjonelle dansemusikken.

I dag vert folkemusikken bruka i mange slags ulike settingar og arrangert også saman med andre instrument og sjangrar.

Vekslande status

Spelemannen har til alle tider røynt vekslande status alt etter kva skikkar, motar og politiske overtydingar som har vore rådande. I somme bygder var han eit naturleg midtpunkt som skapte høgtid i festar og andre sosiale lag, medan i andre bygder kunne det vera motsett. Spelemannen har blitt omtalt som «praktisk udugeleg, omreisande, huslaus og alkoholisert». Somme stader vart han sosialt utstøyt. Spelemannen er også blitt noko mystifisert gjennom folketrua og knytt til løynde og meir «farlege» krefter som haugefolket og så bort etter.

Særleg vanskeleg var den tida då haugianismen og andre pietistiske retningar i andre halvdel av 1800-talet fordømde spelemenn. Mange spelarar opplevde sosial utestenging som følgje av dette og selde eller brende felene sine. Samstundes medan haugianismen truga spelemannsyrket og folkemusikken generelt i mange landsdelar, vart også spelemannen i stor grad romantisert. Han vart sett på som sjølve symbolet for «ekte norsk kultur» og røynde hjå mange dimed også større aksept enn før, og som del av nasjonsbygginga mot unionsoppløysing i 1905. Etter andre verdskrig var igjen statusen til spelemannen mange stader låg, medan båe spelemannen og folkemusikken generelt fekk ei ny vind i Noreg utover 1970-talet, noko som har halde seg jamt fram til i dag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • H. Asheim / G. Stubseid: Ole Bull og folkemusikken, 2010.
  • B. Seland / O. Aagedal: Vekkelsesvind. Den norske vekkingskristendommen, 2008.
  • B. Maurseth / K. Hamre: Slåttar frå Granvin / Alle dei spelande, 2018.
  • B. Maurseth: Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre, 2014.
  • J. Fet: Folkemusikken i Møre og Romsdal, 1999.
  • S. H. Geitvik, Spelemenn, 1952.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg