Det er fleire symbol som markerer adventstida. Dei vanlegaste er å henge ei adventsstjerne i vindauget, adventskransen og den firearma lysestaken med adventslys. Ein tenner vanlegvis det første lyset på den første sundagen i advent og andre på den andre sundagen, slik at alle lysa er tende på den fjerde sundagen. Det er også vanleg å framføre ein song eller eit dikt i samband med tenninga.
Adventskalender eller julekalender er ein kalender med 24 luker eller pakkar, éin for kvar dag gjennom heile advent, frå 1. desember til julaftan. Julekalenderen stammar opphavleg frå Tyskland, og har røter i adventslysa. Blant barn i Noreg vart han vanleg først etter andre verdskrigen.
Dette er skikkar som utvikla seg på 1800- og 1900-talet. I dekorasjonane brukar ein gjerne «botfargen» fiolett eller blå som er den liturgiske fargen for advent. Bruken av adventskransar oppstod i Tyskland i 1830-åra etter ein idé av Indremisjonens grunnleggjar Johann Hinrich Wichern, der dei gamle julesymbola – eviggrøne vekstar og lys – dannar ein ring. Opphavleg brukte ein band i raudt, livsfargen, på kransane, men det vanlegaste i dag er å bruke lilla band.
Adventssundagane gjev gjerne den første forsmaken på jula. Då kjem familien saman og tenner adventslysa, alt etter kva sundag det er. Mange stader held ein enno gamle tradisjonar i hevd, til dømes høgtlesing av juleforteljingar og liknande.
Kommentarer (2)
skrev Jørgen G. Bosoni
I dei vestlege ritane ambrosiansk (ca. 5 millionar menneske, i Nord-Italia og Sør-Sveits), mozarabisk (mest historisk) og gallikansk (berre historisk) byrjar advent til 2 veker tidlegare og hev dermed 6 sundagar.
svarte Mari Paus
Takk for innspillet!
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.