Faktaboks

Jørgen Løvland

Jørgen Gunnarson Løvland

Fødd
3. februar 1848, Evje
Død
21. august 1922, Oslo
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Gunder Olsen Løvland (f. 1811) og Siri Eilifsdatter Åneland (f. 1812).

Gift 9.12.1884 med lærer Laura Mathilde Torkildson (22.7.1851–19.6.1938), datter av trelasthandler, stadshauptmann Tørres Torkildson og handlende Berthe Marie Ellefsen (f. 1811).

Farbror til Helge Løvland (1890–1984).

Jørgen Løvland

Jørgen Gunnarson Løvland var statsminister frå 23. oktober 1907 til 19. mars 1908. Løvland var Noregs første utanriksminister, eit verv han hadde i perioden 1905–1908.

Jørgen Løvland
Av /※.

Jørgen Gunnarsson Løvland var ein norsk politikar for Venstre. Han var statsminister frå 23. oktober 1907 til 19. mars 1908. Løvland var Noregs første utanriksminister, eit verv han hadde i perioden 1905–1908. Han spelte ei sentral rolle i sambandet med valet av Haakon 7. til norsk konge etter unionsoppløysinga i 1905. Han var også formann i Noregs Mållag.

Bakgrunn

Jørgen Løvland kom frå jamt velståande bondefolk i Setesdal. Både onkelen hans og onkelen til mora hadde vore stortingsrepresentantar, og Løvland sjølv var tremenning til og jamaldring med ein annan sørlending som skulle bli ein stor politikar, Gunnar Knudsen. Det vart diskutert mykje politikk i familien, og det var Ole Gabriel Ueland og seinare Søren Jaabæk som var heltane der i garden.

Heilt frå barndomen hadde Løvland ein brennande lesehug. Presten i heimbygda la merkje til guten og tenkte å få han til den lærde skulen i Kristiansand, men det vart for dyrt. 16 år gamal reiste han i staden til seminaret – lærarskulen – på Holt. Det tok han på berre eitt år, og gjekk ut med utmerking i 1865. Året etter tok han til som lærar i Kristiansand, og der var han til 1878. Då vart han rektor ved den nye amtsskulen i Nedenes, ei stilling han hadde til 1884. I alle desse åra som lærar nytta Løvland all si fritid til å lære meir. Han studerte språk på eiga hand og han grov seg ned i norsk historie.

Løvland vart ikkje berre den første utanriksministeren i Noreg. Han vart også den første statsministeren utan akademisk utdanning. Bortsett frå eittårig lærarutdanning var han sjølvlært, og han studerte heile livet. Han kunne både meir historie og meir språk enn dei fleste i samtida si.

Løvland var lærar i Kristiansand i åra 1866–1878, og skulestyrar i Setesdal i åra 1878–1884. Han var redaktør av Christianssands Stiftsavis frå 1884 til 1892. I 1908 vart han tollskrivar i Oslo, og frå 1910 tollkasserar.

Stortingsrepresentant

Jørgen Løvland
Portrett av Jørgen Løvland, måla av Halfdan Strøm 1907. Biletet er i Stortingets eige.
Av /Stortinget.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Karlstadforhandlingane
Løvland spilte en sentral rolle under unionsoppløysinga i 1905. Norske og svenske delegatar under Karlstadforhandlingane, 23. september 1905. Ståande frå venstre: sekretær Johannes Hellner, Hjalmar Hammarskjöld, Karl Staaff, sekretær Carl Berg, Benjamin Vogt og Andreas Urbye. Sittande fra venstre: Fredrik Wachtmeister, Christian Lundeberg, Christian Michelsen, Carl Berner og Jørgen Løvland.

Løvland var stortingsrepresentant i periodane 1886–1888, 1892–1897 og 1913–1915. Han var odelstingspresident i perioden 1892–1897, og stortingspresident i i perioden 1913–1915. Han var medlem av Johannes Steens anna regjering frå 1898. I 1898–1899 var han sjef for Arbeidsdepartementet, i 1899–1900 medlemmer av statsrådsavdelinga i Stockholm, deretter var han igjen arbeidsminister til 1903.

I riksrettsåret 1884 vart han redaktør av Christiansands Stiftsavis. Det ga han eit namn i Kristiansand, og ved valet i 1885 vart han vald til Stortinget for Venstre. I den indre striden i partiet i åra framover sto Løvland klart på politiske lina til den fløya som vart kalla Reine Venstre, men han hadde vondt for å akseptere kløyvinga i partiet, og saman med Otto Blehr var han difor leiar for den gruppa som vandra litt mellom begge leirane. Denne gruppa vart kalla «nomadane». Også i unionspolitikken høyrde Løvland til aktivistane. Utover i 1890-åra var det unionspolitikk og samferdselspolitikk, særleg jarnbaneutbygging og telefonutbygging, som interesserte han, og han kjempa for Setesdalsbana, mens den seinare statsministeren Christian Michelsen kjempa for Bergensbana. Dei vann fram begge to.

Som stortingsmann interesserte Løvland seg i første rekkje for unionspolitikken. Han var blant dei som ønska auka grad av norsk sjølvstyre innanfor unionen med Sverige. I 1892 gjekk han sterkt inn for at Konsulatsaka ikkje måtte utsetjast. Han ville ta kampen med svenskane med ein gong. Han var også ein ivrig tilhengar av eit sterkt forsvar, og såg ein naturleg samanheng mellom dette og det faktum at han var ein av dei sterkaste talsmennene på Stortinget for fredssaka. Han kom med i Johannes Steen si regjering i 1897, og vart arbeidsminister. Eitt år, 1899–1900, var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Det skulle gi nytting innsikt til då han fekk same jobben i Michelsen si regjering. Han nytta opphaldet i den svenske hovudstaden til å lære seg fransk og til å studere svensk politisk historie. Sommaren 1900 kom han heim att og vart arbeidsminister fram til Steen gjekk av, og same posten hadde han i Otto Blehr si første regjering (1902–1903).

I yngre år var Løvland republikanar, men ved unionsoppløysinga i 1905 kjempa han for kongedøme. Han varsla til og med i Stortinget at regjeringa ville gå av dersom dei i folkerøystinga skulle bli fleirtal for republikk. Dette fekk den seinare Venstre-høvdingen og republikanaren, Gunnar Knudsen, til å gå ut av Michelsen-regjeringa. Det var også Løvland som utifrå si store historiske interesse, gjorde framlegg om at prins Carl burde ta namnet Haakon og at sonen burde få namnet Olav.

Noregs første utanriksminister (1905–1908)

Den norske regjering 1905
Christian Michelsens regjering i 1905, der Jørgen Løvland var utanriksminister. Foran frå venstre: Wilhelm Olssøn (H), Sofus Arctander (V), Michelsen (Samlingspartiet), Jørgen Løvland (V), Gunnar Knudsen (V), Aasmund Halvorsen Vinje (Moderate Venstre). Bak frå venstre: Harald Bothner (V), Edvard Hagerup Bull (H), Kristofer Lehmkuhl (Samlingspartiet), Christopher Knudsen (H).
Av .

Sjølv om han hadde 20 års virke i norsk toppolitikk bak seg før 1905, var det likevel det året som kom til å gi Jørgen Løvland ein viktig plass i norsk historie. Løvland var ein av dei første Christian Michelsen vende seg til då han fekk i oppdrag å skipe regjering i mars 1905. Løvland aksepterte den vanskelege statsministerposten i Stockholm. Det var nettopp hans kjennskap til Sverige og til kongen som vart utslagsgivande, og det var Løvland som på vegner av regjeringa førte tingingar med kongen og kronprinsen. Som statsminister i Stockholm den vanskelege oppgåva med å leggje fram det norske vedtaket til konsulatlov.

Den 7. juni 1905, som ein del av lausrivingspakken, vart Utanriksavdelinga i Handelsdepartementet skilt ut, og det var denne som vart grunnvollen i det nye Utanriksdepartementet. Frå same dag var Løvland sjef, og året etter vart Utanriksdepartementet som organisasjon oppretta. Litt seinare vart dei første norske diplomatane utnemnde. Bjørnstjerne Bjørnson tala sterkt mot at Noreg skulle ha eiga utanriksteneste. Han meinte at den beste utanrikspolitikken er «ingen udenrikspolitik at have». Det hadde då også vore Noregs offisielle line sidan midten av 1890-åra, men i 1905 utforma Løvland det som skulle bli grunnlaget for norsk utanrikspolitikk i lang tid framover, den såkalla Løvland-doktrinen: «Oppgåva må vere å halde oss utanfor deltaking i dei kombinasjonar og alliansar som kan drage oss inn i krigseventyr med nokon av dei europeiske krigarstatane».

Løvland rekna det som ei hovudoppgåve å sikre Noregs integritet. Ved Integritetstraktaten av 1907 vart dette gjennomført.

Statsminister (1907–1908)

Regjeringa Løvland

Jørgen Løvland var Noregs statsminister frå 1907 til 1908. Stjande frå venstre: Sven Aarrestad (V), Sofus Arctander (V), Jørgen Løvland (V), Abraham Berge (V) og Jørgen Brunchorst (uavhengig). Ståande frå venstre: Karl Friederich Griffin Dawes (V), Johan Magnus Halvorsen (Moderate Venstre) og Johan Olaf Bredal (liberal).

Då Michelsen trekte seg som statsminister 28. oktober 1907 som følgje av helseproblem, insisterte Michelsen på at Løvland måtte ta over som regjeringssjef. I utgangspunktet ville ikkje Løvland det, men bøygde seg til slutt, av lojalitet til Michelsen. Å ta over etter den folkekjære Michelsen var inga lett oppgåve. Det hadde etter valet i 1906, som var eit vonbrot for Samlingspartiet, vorte klart at regjeringa Michelsen sat på nåde. Det kom også regjeringa Løvland til å gjere, og Jørgen Løvland sa til statsrådane då han spurte dei om å bli med i regjeringa hans, at det truleg ikkje kom til å bli eit langvarig oppdrag.

Løvlands første og einaste regjering vart då heller inga langvarig regjering, og ei sterk regjering vart ho heller ikkje. Han gjekk inn for ein brei samlingspolitikk, men fekk sterke krefter i Venstre mot seg. Når Michelsen var borte, ramla samlingspolitikken saman, og Løvland prøvde å få regjeringa si godkjend som ei Venstreregjering. Det gjekk ikkje. Den nye Venstre-leiaren, Gunnar Knudsen, reiste eit piggtrådgjerde mellom partiet og Løvland-regjeringa. Det skjedde då Knudsen og Johan Castberg på nyåret i 1908 gjekk saman om å løyse opp Stortingets Venstreforening og i staden skipa Det konsoliderte Venstre. I det Venstre var det ikkje plass for dei som sat i regjeringa. I trontaledebatten i mars 1908 vart det klart at både Venstre og sosialistane kvar for seg ville røyste mot regjeringa, og dermed utgjere eit negativt fleirtal. Det var lettare å felle Løvland enn det ville ha vore å ha felt Michelsen. 19. mars gjekk Løvland av, og ba kongen vende seg til Gunnar Knudsen. Løvland og Knudsen var på det tidspunktet 60 år gamle, dei var tremenningar, men ikkje spesielt gode vennar, og Knudsen hadde stilt spørsmål ved om Løvland i det heile tatt burde ha blitt statsminister. Gunnar Knudsens første regjering overtok i 1908.

Formann i Noregs Mållag og språkpolitikar

Som formann i Noregs Mållag frå 1909 stod Løvland som den fremste talsmannen til målsaka. Då han på nytt vart innvald i Stortinget i 1913, gjekk den gamle mannen over til å nytte nynorsk både i tale og skrift. Han var så oppteken av at også språket måtte få sitt «7. juni-vedtak». Med andre ord at det norske språket måtte lausrivast frå dansk. «Fornorskingskravet» hans gjekk visstnok så langt i Michelsen-regjeringa at han reiste framlegg om at ein burde skifte namn på Karl Johans gate.

Han vart raskt tilgitt i Venstre, og då Gunnar Knudsen i 1913 skipa den andre regjeringa si, ønskte han primært å få Løvland som utanriksminister. Dette vart det ikkje noko av. Løvland sjølv ønskte å bli stortingspresident, ikkje minst med tanke på å kunne representere og tale ved den store markeringa av grunnlovsjubileet i 1914. Han vart då også den første stortingspresidenten som nytta nynorsk.

I perioden 1915–1920 var Løvland kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsens anna regjering. Igjen var det språksaka som lokka, og det vart sagt om han at han gjorde departementet om til eit kulturdepartement.

Rettskrivingsnemnda

I 1916 sette han ned ei ny rettskrivingsnemnd, og ga denne i oppdrag å få til ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål. I 1917 vart resolusjonen om ei ny rettskriving vedteke. Frå fleire hald vart det reist sterk kritikk mot Løvland for dette. Ein storm reiste seg både frå riksmålssida og frå dei nynorskfolka som ville halde på Ivar Aasen-normalen.

I 1918 fekk også Løvland gjennomført ei fornorsking av det norske namneverket, slik at mellom anna fylka og bispedømma fekk att sine gamle norske namn, til dømes Bjørgvin, Nidaros og Hålogaland. Også dette skapte storm, og det er liten tvil om at desse sakene i tillegg til at Venstre hadde programfesta brennevinsforbod, medverka til at partiet gjekk kraftig tilbake ved valet i 1918, og at det nesten vart utan mandat i byane. Løvland sat som kyrkje- og undervisningsminister fram til regjeringa Gunnar Knudsen gjekk av sommaren 1920. Då var både Løvland og Knudsen 72 år gamle.

Nobelkomiteen 

Det siste gjorde at han vart med i Stortingets nobelkomite frå starten i 1897, og han var med og delte ut fredsprisen så lenge han levde, altså i over 20 år. Frå 1901 til sin død var han formann i nobelkomiteen.

Hans Menn og minne frå 1905 vart gitt ut i 1929.

Ein statue av Løvland, utført av Ingemund Berulvson, vart avduka i 1976 i Evje. Løvland er gravlagt i Æreslunden på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hem, Per Eivind: Jørgen Løvland : vår første utanriksminister, 2005, isbn 82-521-6565-6

Faktaboks

Jørgen Løvland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045044493

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg