Osmund Faremo

Faktaboks

Osmund Faremo
Født
23. november 1921, Hylestad i Setesdal, Agder
Død
16. april 1999, Bygland, Agder
Av /Scanpix.

Artikkelstart

Osmund Faremo var politikar, målmann og motstandsmann frå Setesdal. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Aust-Agder.

Bakgrunn

Osmund Faremo var fødd i Hylestad (no Valle) i Setesdal i Aust-Agder (no Agder) og døydde i Bygland i Aust-Agder (no Agder). Då andre verdskrigen braut ut gjekk han på befalsskulen i Kristiansand i 1938–1940. Han var trafikkelev ved NSB i 1941–1943, tok Jernbaneskolen i 1946, var tilsett i NSB i 1946 og 1959–1964, og var turist- og tiltakssjef i Setesdalsområdet i 1964–1969.

Under andre verdskrigen i Noreg deltok han i krigshandlingane i 1940 og gjekk inn i motstandsarbeidet i Milorg. Han blei send i konsentrasjonsleir i Tyskland og Austerrike i 1943–1945. I 1987 gav han ut erindringsboka Takk for livet, Emil.

Politisk karriere

Faremo var medlem av Bygland kommunestyre frå 1951 til 1975, medlem av Bygland formannskap i 1955–1962 og 1966–1967, og i 1958–1959 og 1963–1966 var han ordførar i Bygland. Han var òg medlem av Aust-Agder fylkesting i 1958–1960 og av Aust-Agder fylkesutval i 1963–1967.

Han var innvald som stortingsrepresentantStortinget for Aust-Agder Arbeidarparti i 1965–1985. Han var før dette vararepresentant i 1958–1965. Han var medlem av kommunalkomiteen på Stortinget i 1965–1972, av kommunal- og miljøvernkomiteen i 1972–1973 og 1977–1981, av administrasjonskomiteen i 1973–1977 og av forsvarskomiteen i 1981–1985. Faremo var medlem av presidentskapet som sekretær i Lagtinget i 1977–1981.

Andre verv og utmerkingar

Han var med å skipe Løvebakken Mållag og var leiar i 1978–1985. Faremo hadde ei lang rekkje offentlege verv, mellom anna sat han i styret for Dag og Tid i 1971–1986 og var formann i styret for Nynorsk pressekontor i 1992–1998. Han fekk tildelt mange prisar, mellom anna DDRs æresmedalje i 1970, Bygland Mållags målpris i 1979, årets Setesdøl i 1987 og Forsvarsforeningens medalje i 1998. I 1993 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg