George Orwell

Faktaboks

George Orwell
pseudonym for Eric Arthur Blair
uttale:
ˈå:wəl
født:
25. juni 1903, Motihari,Britisk India (nå India)
død:
21. januar 1950, University College Hospital, London, England

George Orwell

Av /NTB Scanpix ※.

George Orwell, britisk forfatter. Foto fra 1943

Av .

George Orwell var ein britisk romanforfattar, essayist, journalist og kritikar. I ein karakteristisk klar og retorisk effektiv prosa støttar han konsekvent demokratisk sosialisme samtidig som han kritiserer totalitære samfunnssystem og samfunn med store klasseskilje (særleg Storbritannia).

To av Orwells romanar, Animal Farm (1945) og Nittenåttifire (1949), er blant dei viktigaste og mest kjende romanane frå 1900-talet, ikkje berre i Storbritannia, men globalt. Animal Farm eir ein dyrefabel der dyra begår revolusjon, men ender med å lage eit totalitært samfunn. Nittenåttifire er ein dystopisk framtidsroman med element av science fiction. Mange av uttrykka i romanane har gått inn i det engelske språket, som «Big Brother is watching you» og «All animals are equal. But some are more equal than others.»

Biografisk bakgrunn

Orwells eigentlege namn var Eric Arthur Blair. Han var fødd i det britisk-okkuperte India, blei send til privatskular i England og var mest fem år ved den eksklusive internatskulen Eton College (der han hadde stipend). Dette var i tråd med utdanningsmønsteret for dei økonomisk privilegerte i det imperialistiske Storbritannia. Orwells avsky for imperialisme vart utvikla medan han tenestegjorde i Indian Imperial Police i Burma 1922–1927. Som han sjølv seinare skreiv, var han då ein del av det imperialistiske systemet og kom til å hate det.

Tilbake i England orienterte Orwell seg mot miljø som sosialt, historisk og politisk danna eit motsett ytterpunkt til Eton. Han hadde ei rekke dårleg betalte jobbar i London og Paris, og han opplevde å få fleire av dei tidlege bokmanuskripta sine refuserte. Ei reise til byen Wigan i Nord-England lærte han mykje om arbeidsløyse og fattigdom i den britiske arbeidarklassen. Ei endå viktigare erfaring var den spanske borgarkrigen i 1936–1939, der har deltok på republikansk side og vart såra. I 1936 gifte han seg med Eileen Maud O’Shaugnessi, som støtta mannen sin i skrivinga og var med han til Spania. Eileen Maud Blair døydde 39 år gammal i 1945.

Orwell sleit i mange år med dårleg helse, og han kunne ikkje (som han sjølv ønskte) delta aktivt i krigshandlingane i den andre verdskrigen. Han levde hardt, pressa seg sjølv til å klare tidsfristar og kjederøykte medan han skreiv. Under krigen var han med i det britiske heimevernet samtidig som han skreiv for avisene Tribune og The Observer. Helsa hans blei gradvis dårlegare, og han sleit på den med det kolossale arbeidstempoet sitt. Etter krigen heldt han fram som journalist og kommentator både i aviser og radio (særleg BBC), men han blei gradvis meir opptatt av det som skulle bli siste boka hans. I 1947 reiste han, dels for å kome bort frå stresset i London, til øya JuraHebridane. Her levde han enkelt og isolert, og i desember 1948 gjorde han ferdig manuskriptet til Nittenåttifire.

Eit år tidlegare hadde Orwell fått diagnosen tuberkulose, og i 1949 blei han innlagd på sjukehus i London. Truleg hadde han fått denne sjukdomen fleire år tidlegare, kanskje under opphaldet i Spania. 13. oktober gifte han seg med Sonia Brownell. 21. januar 1950 døydde han, 46 år gammal.

Forfattarskap

Tidleg forfattarskap: Frå Eton til Wigan

Orwell skreiv i fleire sjangrar, som han vidareutvikla ved å kombinere dei på nyskapande måtar. Denne originale forma for sjangerkombinasjon er spesielt slåande i Animal Farm og Nittenåttifire, men den er synleg allereie i debutboka På bunnen og blakk. Uteligger i Paris og London (originaltittel: Down and Out in Paris and London), som kom ut i 1933 under pseudonymet George Orwell.

Saman med dei to neste bøkene viser På bunnen og blakk korleis Orwells veksande tvil og skepsis til heimlandet kulminerte i det den britiske litteratursosiologen Raymond Williams har kalla ein negativ identifikasjon: Orwell prøvde å distansere seg frå det han sjølv såg som ein «lågare-øvre-middelklasse-bakgrunn» og nærme seg – for om muleg å identifisere seg med – den britiske arbeidarklassen. Slik han såg det, likna situasjonen til denne klassen ikkje berre på den til uteliggarar i Paris og London, men òg på den til dei innfødde i datidas Burma (Myanmar). I Dager i Burma (originaltittel: Burmese Days, 1934) skaper Orwell personar som representerer britisk imperialisme, men som har ulikt syn på imperialismen – frå støttande og aksepterande til tvilande og kritisk. Han brukar ein liknande narrativ strategi i presentasjonen av rasisme, som han relaterer til imperialismen.

Særdrag ved Orwells skrivemåte kjem endå tydelegare fram i Veien til Wigan (originaltittel: The Road to Wigan Pier, 1937), som dokumenterer arbeidsløyse i ein liten by i Nord-England i 1930-åra. Desse særdraga inkluderer ei skarp observasjonsevne, eit totalt samfunnsengasjement og ein sterk empati med dei svake og dårleg stilte i samfunnet.

Hyllest til Katalonia

Forteljemåten i Veien til Wigan vidarefører Orwell i Hyllest til Katalonia (originaltittel: Homage to Catalonia, 1938), som er skriven på bakgrunn av opplevingane hans i Spania dei to føregåande åra. Tittelen viser Orwells respekt for dei som kjempa på den republikanske sida mot Francisco Franco og fascismen. Den viser også litt av den meir positive identifikasjonen som Orwell no kunne kjenne med arbeidarklassen.

I eit essay med tittelen Kvifor eg skriv frå 1946 nemner Orwell Adolf Hitler og Den spanske borgarkrigen som grunnar til at han blei sikrare på kva han ville kjempe for – og ikkje minst mot. Orwell kom til Spania som journalist for å skrive om krigen. Han tok etter kvart eit politisk standpunkt og slutta seg til organisasjonen POUM (Arbeidarparti for marxistisk samling), som kopla krigen mot Franco nært til kampen for spansk revolusjon. Det gjorde ikkje kommunistane, og kranglinga mellom dei og POUM svekka den samla motstanden mot Franco. Orwell blei nær drepen av ein snikskyttar.

Den sterkt engasjerte framstillinga av den opprivande indre konflikten mellom POUM og kommunistane er berre eitt aspekt av Hyllest til Katalonia. Boka er eit viktig tidsdokument om ein kritisk periode i europeisk historie og er dessutan eit sterkt vitnesbyrd frå ein som var der og risikerte livet i borgarkrigen. Kombinasjonen av dei fotografisk skarpe bilda frå dei ulike krigsfasane og fråværet av litterær stilisering gjer totalinntrykket meir dokumentarisk enn det frå Ernest Hemingways Klokkene ringer for deg (originaltittel: For Whom the Bell Tolls), som kom ut i 1940 og skildrar same krig. Romanen til Hemingway og Orwells dokumentarforteljing har estetiske og etiske kvalitetar som både supplerer og skil seg frå kvarandre. Til saman gir dei eit realistisk bilde av ein brutal borgarkrig.

Animal Farm

Kamerat Napoleon fra 1964. Tor Bjerkmanns oversettelse av George Orwells Animal Farm var den første utgivelsen til Pax. Bjerkmann og forlaget ønsket at Kamerat Napoleon ­– som boken ble hetende på norsk – skulle vise at det ikke var noe motsetningsforhold mellom å være sosialist og å motarbeide kommunistisk diktatur.

/Pax forlag.

Medan Hyllest til Katalonia er journalistisk og sjølvbiografisk, er Animal Farm frå 1945 (norsk tittel: Kamerat Napoleon) ein allegorisk og satirisk dyrefabel. Men sjølv om skilnadene mellom dei to bøkene kan verke store, er det ein nær samanheng mellom dei.

Animal Farm kan lesast som eit litterært uttrykk for pessimismen og resignasjonen Orwell kjende etter vonbrotet i Spania og under den andre verdskrigen, då boka vart til. Det originale ved boka ligg i forteljemåten, særleg i det «dyreperspektivet» som Orwell innfører og meisterleg gjennomfører.

Boka er ein kort roman som er kjenneteikna ved Orwells klare og direkte språk. Opninga er optimistisk og idealistisk: Dyra på ein gard gjer opprør og jagar vekk bonden, tar sjølve over styringa av garden og vil prøve å realisere eit klasselaust demokrati basert på likestilling og likeverd. Men resultatet blir det motsette: ei rask utvikling til eit totalitært despoti under grisen Napoleon og polititroppane hans – illsinte hundar som Napoleon brukar til å kontrollere mengdene med idiotiske sauer. Først heiter det at «alle dyr er like», så at somme dyr er «likare enn andre». Utviklinga har blitt ein sirkel. Grunnstrukturen i samfunnet er den same, anten det er bonden eller grisane som har makta.

Animal Farm er ein satire der Orwell kritiserer utviklinga i Sovjetunionen etter den kommunistiske revolusjonen (Napoleon minner tydeleg om Josef Stalin). Men satiren går eigentleg langt ut over Sovjet og er retta mot det Orwell såg som utviklinga til kvar revolusjon. Det er her sosialisten Orwell blir verkeleg pessimistisk, og det er her boka tydelegast peikar framover mot Nittenåttifire.

Trass i all pessimisme er Animal Farm svært underhaldande, mest gjennom den meisterlege måten Orwell karakteriserer dyra på garden på, for eksempel det gamle kyniske eselet Benjamin og den feite grisen Squealer. Satiren er samankopla med analogiar og ironi, og den gjennomførte bruken av ein dyrefabel har ein framandgjeringseffekt. Animal Farm blei raskt ein bestseljar og vart omsett til mange språk. Den har halde seg uvanleg populær og er framleis ei av dei mest kjende og mest lesne bøkene i engelsk litteratur.

Nittenåttifire

Omslaget til boka 1984 (1962-utgaven)
Av .

Medan han kjempa mot sviktande helse, blei Orwell etter krigen meir og meir opptatt av det som skulle bli siste boka hans.

Nittenåttifire er ikkje noko testamente, men samlar like fullt i seg mykje av det Orwell var opptatt av og ville åtvare mot. Romanen presenterer ei muleg framtidig samfunnsform der Orwell har dramatisert konsekvensane av internasjonale tendensar han meinte å sjå i 1930- og 1940-åra. Nittenåttifire er ein dystopisk framtidsroman med element av science fiction. Romanen teiknar eit skrekkbilde av samfunnet slik det i verste fall kan bli.

I 1984 er verda oppspalta i tre supermakter – Oceania, Euroasia og Eastasia – som liknar kvarandre både ideologisk og i maktstruktur. Ein permanent skinnkrig mellom dei tener som påskot for valdsbruk i eige maktområde. Her sørgjer eit altomfattande propaganda- og kontrollapparat for stadig nyprogrammering av det menneskelege medvitet ved hjelp av slagord som «Krig er fred», «Fridom er slaveri» og «Ignoranse er styrke».

I denne totalitære verda finst det ikkje noko som er historisk sikkert, og målet for styresmaktene synest vere ei total fortrenging og utreinsking av individuelt medvit. Hovudpersonen i romanen, Winston Smith frå Oceania, arbeider med systematisk historieforfalsking i partiet si teneste. Winston har enno noko varmt menneskeleg i seg, men forsøket hans på opprør mot eit inhumant samfunnssystem mislykkast: Han kjenner hat mot partiet, men det er umuleg for han å tenkje seg noko alternativ betre verd. Winston blir arrestert og torturert, og frigitt blir han først då han har slutta å eksistere som individ.

Sjølv om det totalitære samfunnet Orwell teiknar i Nittenåttifire, ikkje er blitt realisert, viser utviklinga i mange nasjonar tendensar mot eit slikt samfunn. Det gjeld blant anna overvaking av innbyggarane, noko som med moderne teknologi kan gjennomførast mykje meir effektivt i dag enn då Orwell skreiv romanen på slutten av 1940-talet. Setninga på første sida av romanen, «BIG BROTHER IS WATCHING YOU», signaliserer relevansen romanen har i dag – i varierande grad og med ulike konsekvensar i nasjonar verda over.

Nittenåttifire er meisterleg politisk spekulasjon i romans form. Mange kritikarar har samanlikna boka med Thomas Hobbes' Leviathan (1651), ein klassikar i britisk politisk filosofi. Romanen som Nittenåttifire mest direkte knyter an til, er ungarsk-britiske Arthur Koestlers Mørke midt på dagen (originaltittel: Darkness at Noon, 1940), som uttrykkjer Koestlers vonbrot over Sovjetunionens kommunistiske ideologi ved starten av andre verdskrigen.

Orwells dystopiske framtidsvisjon blir presentert og intensivert gjennom forteljemåten hans. Dei litterære verkemidla ligg ikkje så opp i dagen i Nittenåttifire som i Animal Farm, men dei er avgjerande for krafta i Orwells retorikk og samfunnskritikk, for eksempel kombinasjonen av sarkasme og ironi i presentasjonen av ein institusjon som «Kjærleiksdepartementet». Mange av orda og uttrykka i romanen har gått inn i det engelske språket og har til saman danna grunnlaget for adjektivet «Orwellian». Blant desse er «Big Brother», «doublethink», «thoughtcrime», «Newspeak», «memory hole» og «telescreen».

Nittenåttifire fekk raskt uvanleg gjennomslag ikkje berre litterært og kulturelt, men også politisk. Romanen har vore sensurert i fleire land og er blitt vurdert som undergravande og/eller ideologisk korrumperande. Mange politiske maktregime har kjent seg igjen i og har derfor protestert imot maktkritikken som romanen presenterer.

Filmen Nineteen Eighty-Four (1984) av den britiske regissøren Michael Radford og med John Hurt, Suzanna Hamilton og Richard Burton i dei viktigaste rollene følgjer Orwells tekst relativt nøye. Som romanen er også filmen ein dystopisk framtidsvisjon.

Essayistikk og journalistikk

I tillegg til bøkene han ga ut, var Orwell svært aktiv som essayist, kommentator og journalist. Desse tre sjangrane glir ofte over i kvarandre i det Orwell skreiv – rapportane og kommentarane kan utvikle seg til glitrande essay. Eit gjennomgripande karakteristisk trekk ved sakprosaen er at Orwell skriv om historiske hendingar og prosessar som inneber undertrykking og utnytting av menneske så vel som konfliktar mellom menneske, inkludert valdelege konfliktar og i siste instans krig.

Orwell er imot diktatur i ei kvar form, og han tar konsekvent dei svake sitt parti. Han viser som essayist, kommentator og journalist ein sterk solidaritet med dei undertrykte og utnytta i samfunnet. Slik sett er haldninga hans i artiklar i aviser som Tribune og The Observer heilt på linje med den vi kan lese ut av for eksempel Hyllest til Katalonia eller Nittenåttifire. Dei ulike delane av forfattarskapen hans utfyller kvarandre og forsterkar kvarandre gjensidig.

Påverknad og aktualitet

Samtidig som Orwell har påverka forfattarar, journalistar og politikarar, har han framfor alt formidla kunnskap og innsikt til lesarar, lesargrupper og lesargenerasjonar på alle kontinent. Denne varierte påverknaden held fram. Ikkje minst appellerer Orwell til lesarar i land med markerte klassemotsetnader og store økonomiske forskjellar, og han inspirerer mange som arbeider for å redusere desse forskjellane.

Ein grunn til Orwells vedvarande påverknad er at han med politisk teft makta å identifisere historiske endringar og prosessar tidlegare og meir presist enn kanskje nokon annan i si tid. For eksempel var det Orwell som i ein artikkel i det sosialistiske tidsskriftet Tribune i oktober 1945 introduserte uttrykket «Den kalde krigen». Eit uttrykk som «Storebror seg deg» frå Nittenåttifire har også gått inn i mange språk, inkludert norsk.

Tendensane til auka nasjonalisme og svekka internasjonal solidaritet tidleg i det 21. hundreåret har ytterlegare forsterka Orwells aktualitet. Han vert stadig rekna som ein sylskarp og velformulert kritikar av totalitære regime og autoritære politiske leiarar, særleg dei som har liten respekt for eit ope demokrati med fri meiningsutveksling og ytringsfridom. På veggen bak statuen av Orwell utanfor BBC sitt hovudkvarter i London er det inngravert eit sitat frå forordet han skreiv til Animal Farm: «Dersom fridom betyr noko som helst, betyr det retten til å fortelje folket det dei ikkje ønskjer å høyre».

Tekstar av Orwell

Forlaget Secker har gitt ut Complete Works of George Orwell, red. Peter Davison (1986–1998) i 21 bind. Penguin har også publisert nye utgåver som er meir nøyaktige enn dei frå Orwells levetid. Orwells dagbøker frå 1931 til 1949 er utgitt med tittelen Diaries, red. Peter Davison (New York: Norton, 2012).

Omsetjingar til norsk

  • Down and Out in Paris and London (1933). På bunnen og blakk. Uteligger i Paris og London. Oms. Torstein Bugge Høverstad. Oslo: Aschehoug, 1970.
  • Burmese Days (1934). Dager i Burma. Oms. Kari og Kjell Risvik. Oslo: Cappelen, 1975.
  • Keep the Aspidistra Flying (1936). Vi må ha en aspidistra, oms. Kari Risvik. Oslo: Cappelen, 1978.
  • The Road to Wigan Pier (1937). Veien til Wigan, oms. Einar Schöning. Oslo: Cappelen, 1978.
  • Homage to Catalonia (1938). Hyllest til Katalonia, oms. Kirsti Baggethun de Gomez. Oslo: Pax, 1975.
  • Animal Farm (1945). Kamerat Napoleon, oms. Tor Bjerkmann. Oslo: Pax, 1964 o.s. Først utgitt på norsk med tittelen Diktatoren. En moderne fabel. Oms. Sigurd Munthe Mossige. Oslo, 1946.
  • Nineteen Eighty-Four (1949). Nittenåttifire, oms. Bjørn Alex Herman og med forord av Bjørn Ivar Fyksen. Oslo: De Norske Bokklubbene, 2016. Først utgitt på norsk med tittelen 1984, oms. Trygve Width. Oslo: Gyldendal, 1950 o.s.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave, 2013.
  • Bowker, Gordon. Inside George Orwell: A Biography. New York: Palgrave Macmillan, 2003.
  • Crick, Bernard. George Orwell: A Life. London: Secker & Warburg, 1980.
  • Crick, Bernard. «Blair, Eric Arthur [pseud. George Orwell]». Oxford Dictionary of National Biography. Publisert 1.9.2017 https://doi.org/10.1093/ref:odnb/
  • Hanley, Christopher. George Orwell and Education: Learning, Commitment and Human Dependency. London: Routledge, 2019.
  • Lothe, Jakob. «‘Storebror ser deg’: George Orwell – tre år før 1984». Syn og Segn 87: 6 (1981), s. 371–76.
  • Newsinger, John. Hope Lies in the Proles: George Orwell and the Left. London: Pluto Press, 2018.
  • Marcus, Laura og Peter Nicholls. The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press, 2012.
  • Rodden, John, red. The Cambridge Companion to George Orwell. Cambridge: Cambridge University Press, 2007.
  • Taylor, D.J. Orwell: The Life. New York:Henry Holt and Company, 2003.
  • Williams, Raymond. Orwell. London: Fontana, 1971.
  • Wilson, Frances. «The Sacrifices of George Orwell’s First Wife». New Statesman, 4.3.2020.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg