Animal Farm

Kamerat Napoleon (1964): Tor Bjerkmanns oversettelse av George Orwells Animal Farm var den første utgivelsen til Pax. Bjerkmann og forlaget ønsket at Kamerat Napoleon – som boken ble hetende på norsk – skulle vise at det ikke var noe motsetningsforhold mellom å være sosialist og å motarbeide kommunistisk diktatur.

/Pax forlag.

Artikkelstart

Animal Farm er ein satirisk og allegorisk dyrefabel av den britiske forfattaren George Orwell, først utgitt 1945. Den korte romanen er forfattarens hovudverk ved sida av Nittenåttifire (1949), og den er ein av dei best kjende og mest lesne bøkene i engelsk litteratur. Mange ord og uttrykk frå Orwells forfattarskap er gått inn i det engelske språket. Eit kjent uttrykk frå Animal Farm er: «All animals are equal. But some are more equal than others.»

Faktaboks

Uttale
ˈæniməl fa:m

Bakgrunn

Orwell skreiv Animal Farm på bakgrunn av erfaringar frå borgarkrigen i Spania, der han deltok på republikansk side og blei alvorleg såra. Boka var ferdig i 1944, men fire britiske forlag refuserte manuskriptet sidan dei vurderte boka som upassande i og med at Sovjetunionen framleis var ein alliert i kampen mot Nazi-Tyskland. Etter at boka blei publisert i 1945, blei den raskt uvanleg populær: på eitt år selde Animal Farm 250 000 eksemplar og blei omsett til ei lang rekke språk. Bokas appell til lesarar og lesargrupper i ulike land og på alle kontinent er framleis eksepsjonell.

Handling og forteljemåte

Animal Farm er eit kraftfullt litterært uttrykk for pessimismen og resignasjonen Orwell kjende etter nederlaget i kampen mot Franco i Den spanske borgarkrigen og utviklinga i Sovjetunionen. Det originale med den korte romanen boka ligg i forfattarens enkle stil og effektive forteljemåte, særleg i det «dyreperspektivet» han innfører og meisterleg gjennomfører.

Opninga på forteljinga er optimistisk og idealistisk: Dyra på ein gard gjer opprør og jagar vekk bonden, tar sjølve over styringa av garden og vil prøve å realisere eit klasselaust demokrati basert på likestilling og likeverd. Det går berre ikkje. I staden får vi ei uhyggeleg rask utvikling til eit totalitært despoti under grisen Napoleon og polititroppane hans – illsinte hundar som Napoleon brukar til å kontrollere mengdene med idiotiske sauer. Først heiter det at alle dyr er like, så at somme dyr er «likare enn andre», og til slutt går grisene på to og festar saman med dei menneska dei gjorde opprør mot. Utviklinga har blitt ein sirkel: «Revolusjonen» var berre eit maktforskyving, og grunnstrukturen i samfunnet er den same anten det er bonden eller grisane som har makta.

Animal Farm er meir kompleks og samansett enn eit kort handlingssamandrag kan tyde på. Boka er ein satire der Orwell kritiserer utviklinga i Sovjetunionen etter den kommunistiske revolusjonen (Napoleon minner tydeleg om Stalin). Men satiren går eigentleg langt ut over Sovjet og er retta mot det Orwell såg som utviklinga til kvar revolusjon. Det er her sosialisten Orwell blir verkeleg pessimistisk, og det er her boka tydelegast peikar framover mot Nittenåttifire. Ein av grunnane til pessimismen er at Orwell miste trua på at revolusjon kunne bidra til å eliminere klasseforskjellane i samfunnet.

Animal Farm eit framifrå eksempel på ein litterær tekst som trass i all pessimisme skaper innsikt gjennom medrivande og kosteleg underhaldning. Det kanskje viktigaste verkemiddelet er kombinasjonen av det gjennomførte dyreperspektivet og måten Orwell karakteriserer dyra på garden på, for eksempel det gamle kyniske eselet Benjamin og den feite grisen Squealer. Dei litterære verkemidla er samansette. Satiren er samankopla med analogiar og ironi, og den gjennomførte bruken av ein dyrefabel har ein framandgjeringseffekt som ikkje berre minner Jonathan Swifts Gullivers reiser (1726), men også knyter an dei framandgjerande verkemidla i Bertolt Brecht sine drama. Vi ler av dyra i Animal Farm, men litt mindre hjarteleg når vi innser at eigentleg er dei ikkje sjølve dyra vi ler av, men derimot desse dyra sine menneskelege haldningar og åtferdsmønster.

Den ungarsk-britiske animasjonsfilmskaparen John Halas regisserte og produserte i samarbeid med Joy Batchelor ein teiknefilmversjon, Animal Farm (1954). Dette var den første lengre teiknefilmen (71 minutt) produsert i Storbritannia.

Aktualitet og lesarappell

Animal Farm har halde seg uvanleg populær, og er framleis ei av dei best kjende og mest lesne bøkene i engelsk litteratur. Grunnane til det er samansette. Éin grunn er Orwells enkle stil og språk. Han meinte at sjølv komplekse idear kan og bør formulerast slik at vanlege lesarar (det vil seie og dei utan høgare utdanning, som Orwell såg som eit privilegium for dei øvre sosiale klassane) kunne forstå ideane. Få forfattarar har lykkast betre i dette ambisiøse forsøket enn Orwell gjer i Animal Farm.

Ein andre grunn er at samtidig som satiren er alvorleg, er den humoristisk. Orwells litterære form for humor blir etablert og nyansert gjennom ei rekke narrative og stilistiske verkemiddel som perspektivskifte, variasjonar av distanse (som ofte inneber ironi) og ordkombinasjonar som er så slåande at fleire av dei har gått inn i det engelske språket. Eit eksempel er «All animals are equal. But some are more equal than others”. Desse to enkle setningane blir uttala av grisene etter at dei har tatt kontroll over garden. Setningane avslører hykleriet og kynismen til politiske leiarar og regjeringar som proklamerer at alle innbyggarane i eit samfunn er likestilte, samtidig som dei gir privilegium og makt til ein liten elite som dei sjølve gjerne tilhøyrer. Kombinasjonen av satire og ironi i konstellasjonen av dei to setningane er påfallande effektiv. Den humoristiske satiren har ein alvorleg undertone, og den har ein brodd ikkje berre mot menneska dyra i boka representerer, men også mot lesaren: Vi ler av måten Orwell karakteriserer dyra på – og innser etter kvart at dermed ler vi av oss sjølve òg.

Ein tredje grunn er at relevansen av satiren i boka ikkje berre gjaldt Sovjetunionen, slik forlaga som refuserte Animal Farm tenderte mot å meine. Orwells satire treffer alle regime der leiarane, anten dei står til høgre eller venstre politisk, set eigen status og sine eigne ønske om makt over interessene til borgarar (og særleg dei med små økonomiske ressursar) i samfunna dei styrer.

Omsetjingar til norsk

  • Diktatoren. En moderne fabel. Omsett av Sigurd Munthe Mossige. Oslo, 1946.
  • Animal Farm (1945). Kamerat Napoleon, omsett av Tor Bjerkmann. Oslo: Pax, 1964.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave, 2013.
  • Bowker, Gordon. Inside George Orwell: A Biography. New York: Palgrave Macmillan, 2003.
  • Crick, Bernard. George Orwell: A Life. London: Secker & Warburg, 1980.
  • Crick, Bernard. «Blair, Eric Arthur [pseud. George Orwell]». Oxford Dictionary of National Biography. Publisert 1.9.2017.
  • Hanley, Christopher. George Orwell and Education: Learning, Commitment and Human Dependency. London: Routledge, 2019.
  • Lothe, Jakob. «‘Storebror ser deg’: George Orwell – tre år før 1984». Syn og Segn 87: 6 (1981), s. 371–76.
  • Newsinger, John. Hope Lies in the Proles: George Orwell and the Left. London: Pluto Press, 2018.
  • Marcus, Laura og Peter Nicholls. The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press, 2012.
  • Rodden, John, red. The Cambridge Companion to George Orwell. Cambridge: Cambridge University Press, 2007.
  • Taylor, D.J. Orwell: The Life. New York:Henry Holt and Company, 2003.
  • Williams, Raymond. Orwell. London: Fontana, 1971.
  • Wilson, Frances. «The Sacrifices of George Orwell’s First Wife». New Statesman, 4.3.2020.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg